Hopp til innhold

NRK TV

Generelt

Nedstenging av NRK-TV appar hausten 2021.

Ser NRK TV slik ut hos deg?  

Ser NRK TV slik ut hos deg når du opnar appen, betyr det at du har ein versjon av appen som vil slutte å fungere i løpet av hausten 2021.

I løpet av hausten 2021 vil enkelte NRK TV-appar ikkje lenger fungere.   

Dette gjeld TV-ar av desse modellane:  
● Panasonic (My Home Screen som operativsystem) 
● Sony Linux (2013-2014) 
● LG Netcast (2012-2013)  
● Samsung Orsay (2012-2015) 

 
På desse modellane vil både NRK TV-appen og NRK Super-appen avviklast og ikkje lenger fungere.  
 
Det gjeld også om du ser NRK TV via ein Playstation 3 eller via ein av desse TV-boksane; 

 
Kvifor skjer dette? 
Utviklinga innan smart-tv-teknologi skjer veldig fort. Det har komme mange TV-modellar med nyare programvare etter at desse TV-ane og TV-boksane kom på marknaden. NRK sluttar med desse appane fordi det er relativt få som bruker dei, og fordi dei er krevjande å halde ved like med tanke på feil og gode sikkerheitsløysingar. 

 
Korleis halde fram å sjå NRK TV? 
Mange TV-distributørar har straumetenesta NRK TV som del av tilbodet sitt. Dersom du ser NRK TV via ein av smart-TV-ane nemnd over eller Playstation 3, så kan du undersøke om dette gjeld TV-distributøren din. Per i dag leverer Telia, Telenor, Altibox og Allente TV-mottakarar med støtte for NRK TV.  

 
Dersom du verken kan sjå NRK TV via TV-en eller TV-boksen din treng du ein straumeboks (som for eksempel ein AppleTV, AndroidTV eller Chromecast) 

Oppdatert 24.09.2021

Bruk

Tilgjengelighet

NRK TV i utlandet

Min profil