Kvifor fungerer ikkje podkast på Spotify Connect?

    Spotify tilbyr to typar podkastar:

    • Filer som er lasta opp til Spotify.
    • Filer som ligg hjå podkasttilbydaren (t.d. NRK) og som er tilgjengeleg for alle via RSS. Spotify kallar dette for «passthrough».

    Førebels er ikkje «passthrough» støtta i Spotify Connect. Slike podkastar vil difor ikkje fungere på smartklokker, eksterne høgtalarar og liknande via Spotify.