Per 31. desember 2023 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 195 nynorskpraktikantar. Om lag 60 prosent av dei arbeider i media. Av dei ti siste kulla er om 50 prosent i NRK, medan 24 prosent jobbar i TV 2 og andre medium. Om lag 15 prosent arbeider med informasjon, språk og reklame.
Det er tidlegare nynorskpraktikantar i til dømes Dagsnytt, Dagsrevyen og på NRK.no. Det er og tidlegare praktikantar som er utanrikskorrespondent i Afrika, og vi finn dei dessutan i NRK Sporten og i NRK P1, P2 og P3. Vidare er mange spreidde på ulike distriktskontor rundt om i landet. Utanfor NRK arbeider tidlegare nynorskpraktikantar i TV2, VG og andre riksaviser, i tillegg til ei rekkje region- og lokalaviser og diverse nettaviser.
Her finn du alle som har vore praktikantar, grupperte etter kulla dei gjekk på. Vi prøver å vere oppdaterte på kvar alle praktikantane frå dei siste ti kulla jobbar til ei kvar tid.
Kull 41 – 2024
Åsne Margrete Kleiv
Åsne Margrete Kleiv
Fødd: 2000
Frå: Vinje, Telemark
Eg har vakse opp på ein sauegard i Åmot i Vinje kommune, der bratte jorde, skog og skiløyper låg rett utanfor døra. Som femtenåring flytta eg heimanfrå for å gå på idrettslinje på vidaregåande. Deretter gjekk ferda vidare til teaterlinja på Romerike folkehøgskule.
Eg bestemte meg etterkvart for å studere mediefag og søkte meg inn på medievitskap i Trondheim, før eg året etter byrja på ein bachelor i PR, kommunikasjon og media på Høgskulen i Volda. Eg treivst med studiet, men fann etterkvart ut at det var journalist eg ville bli.
Nynorsk har alltid vore skriftspråket mitt og eg er glad for at denne utdanninga gjer det mogleg for meg å nytte målforma eg er så glad i 🙂
Oppdatert oktober 2024
Malene Laura Solheim
Malene Laura Solheim
Fødd: 1999
Frå: Sandane, Vestland
Det må ha vore ein regnvêrsdag ein gong mellom 2005 og 2007 at eg fann eit allereie utdatert Canon Ixus 400 i skapet heime i gangen. Eit lite kamera med ein enorm effekt på ei vitelysten Malene. Eg tok det sjølvutnemnte oppdraget seriøst, og alt og alle rundt meg blei offer for den rykande ferske hobbyen min. Den nye handballen min, naglelakkane mine, katten til naboen, ananasen på kjøkenet og blomstrane i hagen. Alt skulle takast bilete av. Det kunne trass alt vere viktig dokumentasjon når eg blir stor.
I 2009 fekk eg ein Sony Ericsson W995 skyvetelefon i fargen raud, eller den «feteste kameramobilen på markedet» som tek.no skildra den som då. Det var særleg videofunksjonen som fanga merksemda mi. Plutseleg levde bileta og ein kunne høyre ein svært dedikert 10-åring kommentere i bakgrunnen: «Dette er badebassenget på Sandane Camping, her kostar det 50 kr å bade for born og 70 kr for vaksne. Klokka er nesten halv fire og etterpå skal vi ete pølser».
Som 17-åring gjekk eg til innkjøp av mitt fyrste, heilt eige, kamera – eit Sony α5100. Med dette var eg klar for å gå eigne vegar. Det o store utland låg for dør, og eg stod med livets første visum i handa – eit studentvisum til Kina.
Sidan den gong har kameraet vore ein trufast følgjesven på små og store ferder. Eg fekk nok aldri bruk for det biletet av ananasen frå 2007, men det gav liv i ei medieinteresse som skulle vise seg å føre meg på spanande stiar. No har eg «oppgradert» til eit analogt filmkamera frå 70-talet og byrja som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Her får eg nok ein gong bryne meg på både fototeknikk og TV-kommentarar, men heldigvis under litt meir seriøse rammer enn før.
Oppdatert oktober 2024
Andreas Vatne
Andreas Vatne
Fødd: 1994
Frå: Herøy, Møre og Romsdal
Eg såg dagslys for fyrste gong på Lærdal sjukehus i 1994. Vi hadde bupel i Hafslo, og der budde eg dei tre fyrste åra av livet. Eg var godt i gong med å seie både soli, bygdi og andre vakre dialektord frå staden, då familien bestemte at vi no skulle til Sunnmøre. Vi enda til slutt opp i den vesle bygda Leikong i Herøy kommune, og der heldt eg hus til starten av 20-åra. På den tida hadde eg rukke å jobbe som butikkmedarbeidar, kinomaskinist, pleiemedarbeidar, lærarvikar og frilansjournalist i Vestlandsnytt og Vikebladet. I tillegg gjekk eg sjølvsagt på skule og spelte mykje fotball.
På høgskulen i Volda studerte eg til å bli lærar, og etter kvart gjekk ferda til Bergen der det siste året i lærarutdanninga vart fullført. Eg fekk meg jobb på Ytrebygda skule hausten 2018, og var kontaktlærar til ein herleg gjeng frå hausten 2021 til våren 2024. Samtidig tok eg ein mastergrad i spesialpedagogikk på deltid, som var ferdig våren 2024.
Eg har alltid vore glad i språk, og særleg har eg likt dei gamle, gode dialektorda som bestemor brukar. Skriftleg har nynorsk heile tida vore mitt hovudmål. Som lærar har eg funne ut kor viktig (og vanskeleg) det kan vere å motivere unge til å setje pris på nynorsk. Samstundes ser vi at det ikkje berre er dei unge som gjer seg tverr i møte med nynorsken. Her har vi ein stor jobb å gjere for å få alle inn på fornuftige tankar.
Elles så har journalistdraumen alltid vore der, og då eg fekk moglegheit til å bli nynorskpraktikant forstod eg at dette måtte eg takke ja til. Eit opplegg der ein får både lære og gjere radio, nett og fjernsyn, samtidig som nynorsken er i fokus, er heilt prima.
Katarina Trymsdatter Vatnvåg
Katarina Trymsdatter Vatnvåg
Fødd: 2000
Frå: Svolvær, Nordland
Om det er noko eg har lært fram til no her i Førde, så er det å ha ei knall god fokussetning. Men no når eg sit her og skal skrive om meg sjølv, så klarar eg ikkje bestemme kva eg bør fokusere på. «Katarina har akkurat fullført ein bachelorgrad i Europastudiar med statsvitskap, no ønsker ho å følge draumen som journalist». Eller, «Ho elskar ski, klatring, terrengsykling og eigentleg alt kor ho får vere ute i fri luft, men no vil ho sjå kor journalistikken kan ta ho vidare». Eller burde eg kanskje fokusere på, «Nynorsk var ukjent for nordlendingen, heilt til ho fekk auga opp og såg kor likt nynorsk eigentleg var hennar dialekt?» Alt er jo viktig!
Eg har alltid hatt ei enorm interesse for friluftsliv, og etter at eg var på folkehøgskole i Sogndal, tok det heilt av. Eg kjente stadig vekk på skyld av å faktisk lese til eksamen, i staden for å køyre i djup pudder. Etter eg kom hit til Førde har det regna to veker og fem dagar i strekk. Då det endeleg blei sol, og takk Gud for at det var ein laurdag og søndag, drog eg rett til Molladalen for å klatre dei råaste pinaklane eg har sett.
Men, eg har også elska dei tre åra ved NTNU fordi eg fekk fordjupa meg i alle dei store spørsmåla eg ofte går og funderer over. Eg kunne ligge i fleire timar på kveldane og tenke over kva eg måtte ha med i oppgåva mi. Ja, ofte hadde eg pc-en liggande attmed meg, sånn at eg kjapt kunne skrive ned den store «openbaringa». Diskusjonar er heilt topp, og enda betre er det om nokon vil eg skal forklare komplekse verdsproblem.
Og kva med nynorsken? Jo, det har seg slik at då ein liten fugl fortalde meg om NRK nynorsk mediesenter, tenkte eg at det kjem jo aldri i livet til å gå. Eg var jo ikkje nynorskbrukar. Eg skreiv dialekt der eg kunne, fordi bokmål aldri falt seg naturlig i uformelle samanhengar. Ikkje har eg følt noko sterk identitet verken med bokmål eller nynorsk. Så eg ga sistnemnde ein sjanse. Jo meir eg lærte, jo meir overtydd blei eg om at nynorsk er mykje meir likt nordnorsk enn kva eg nokon gang hadde trudd. Her er altså meg. Mange sider, mykje på hjartet og eit fokus som definitivt treng å bli jobba med.
Oppdatert oktober 2024
Ann Beate Eikås Hovland
Ann Beate Eikås Hovland
Fødd: 1997
Frå: Jølster, Vestland
Eg vaks opp i den vesle men vakre vestlandsbygda Jølster. Til min store frustrasjon vaks eg opp i ein heim kor Dagsrevyen alltid skulle på klokka sju, kvar kveld. Eg skjønte ikkje greia og ville heller sjå på One Tree Hill eller Hotel Cæsar. Etter kvart som eg har blitt eldre har frustrasjonen blitt til forståing. Og eg innrømmer med glede at tradisjonen lever vidare utanfor barndomsheimen.
Dei siste åra har eg vore i Bergen. Der har eg tatt ein bachelor i TV-produksjon, og ein master i medier og kommunikasjon på UiB. Gjennom studiet fekk eg auga opp for dokumentarsjangeren, og eg jobba med dokumentarproduksjon ved sidan av studiet.
Journalistyrket har aldri vore ein framand tanke. Det er vel heller tilfeldig at det ikkje blei den vegen frå start. Felles for både studieval og arbeid er at det har involvert møter med menneske. Eg er nysgjerrig på det som skjer rundt meg, og engasjerer meg fort for ei god historie. Då praksisen på nynorsk mediesenter dukka opp var det ingen tvil om at det var rett. Som journalist ser eg for meg ein kvardag med meining. Ein som byr på utfordringar, kor ingen dagar er lik den siste.
Ein stor del av kvifor eg ville vere nynorsk praktikant var sjansen til å få bruke språket mitt, samtidig som eg lærer og utviklar meg som historieforteljar. Då eg søkte meg til Nynorsk mediesenter gjekk det opp for meg kor stor del av identiteten min som faktisk er knytt til nynorsken. No gler meg til dei neste månadane som nynorskpraktikant fylt med lærerike, utfordrande og spennande dagar!
Oppdatert september 2024
Kull 40 – 2024
Sjur Systad Tyssen
Sjur Systad Tyssen
Fødd: 1989
Frå: Førde, Sunnfjord
Praksisplass: NRK Kulturnytt
No: Jobbsøkar
Som oppvaksen i Førde, og med foreldre frå Voss og Hyllestad, hadde eg eigentleg ikkje eit val når det kom til nynorsk. Her skulle det sjølvsagt sett feiande flott ut om eg kunne følgje opp med at eg var ein av dei med det nær religiøse forholdet mange har til Ivar Aasen og kampen for to skriftspråk. At eg vaks opp med plakat av nynorskens far på veggen og bøker av Edvard Hoem i hylla. Men nei. Eg hadde Motorpsycho på veggen og Gummitarzan i hylla. For meg er det heller dei personlege aspekta ved nynorsken som er viktig enn det reint politiske og historiske ved skriftspråket.
På lik linje med fjordar og fjell, er nynorsken eit sterkt symbol på kva eg reknar som «heime» og kvar eg kjem frå. Slik lukta av saltvatn i Oslo kan sende meg på ei mental reise heim til fisketurar åleine på Hyllestadfjorden, eller det å vere omkransa av fjell gir meg den totale kjensla av tryggleik, gir nynorskbrukarar meg ein ekstra grunn til å tru på at dei er ordentleg folk. Vi er på lag, liksom.
Det vil ikkje seie at eg bles i posisjonen nynorsk. Tvert om. Slike markørar er viktig. At frekke austlendingar og andre røvarar stadig forsøker å utradere nynorsken, er for meg like absurd som om dei skulle forsøkt å gjere det same med nemnde fjordar og fjell. Og det ville jo berre vore tåpeleg. Kva skal vi då marknadsføre oss med? Keisam flatmark? Hønefoss? Eg synest eg høyrer alle verdas turistar brøle eit unisont «Nei takk, du!». Ikkje at turistnæringa er ei hjartesak for meg, men du tar det nokså flåsete poenget eg forsøker å formidle her.
Men jau då. På overflata er nynorsk kanskje berre korleis vi ordlegg og uttrykker oss, men det sit jo djupt i oss. Det påverkar også dei indre liva og i tur dei vi er. Det trur eg det er viktig å verne om.
Så ja. Når eg no går vidare i den journalistiske karrieren min, vert det på nynorsk. Kjempeflaks om ein vil ha meir nynorsk i mediebiletet. Kjempeflaks om ein hatar nynorsk også, for då kan ein sjå fram til å feire den dagen eg gir meg.
Så det er mi gåve til deg. Det er jo fint å ha noko å sjå fram til.
Oppdatert august 2024
Laurita Fure Briceno
Fødd: 1992
Frå: Hellesylt, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Vestland, Bergen
No: Vikar i NRK Vestland
Eg vaks opp i bygdene Hellesylt, Hornindal og Sandane med fjell, fjord og nynorskbrukarar tett på. Men som nysgjerrig og rastlaus var det aldri tvil om at eg skulle ut og oppleve andre land, byar, språk og kulturar.
Det starta med eit kort studie i Paris, som sjølvsagt gav meirsmak. Vidare gjekk flyttelasset både til Havanna, Barcelona og Oslo før eg til slutt landa i byen mellom dei sju fjell. I løpet av denne fartinga var eg innom ei handfull ulike studium, og enda til slutt opp med ei bachelorgrad i internasjonal marknadsføring.
No har eg brått arbeidd med marknadsføring i seks år. I løpet av dei åra har eg mellom anna lært meg å formidle komplekse bodskapar på ein kortfatta, enkel og forståeleg måte. Det er vel og bra, men med tida har eg kjent meir og meir på trongen til å formidle andre bodskapar enn kjøp og sal.
Eg ønskjer no å formidle dei store og små historiene om det som formar samfunnet og betyr noko for folka i bygda, byen, regionen, landet og verda vår.
Som “fjord-møring” har eg sjølvsagt lyst å formidle desse historiene på nynorsk. Nynorsken har alltid vore meg kjær, og er like mykje ein identitetsmarkør som eit vakkert og folkeleg skriftspråk. Eit skriftspråk eg gjerne vil vere med å beskytte og spreie.
Med dette som utgangspunkt var det ingenting som var meir naturleg enn å søke meg til NRK nynorsk mediesenter. Eit par månadar seinare sit eg jammen her på Nynorskhuset, og har tatt dei første skritta på vegen inn i journalistkarriera.
Her ser eg fram til seks intensive månadar, ei bratt læringskurve og den dagen eg kan kalle meg ein framifrå journalist!
Oppdatert oktober 2024
Henning Levold
Fødd: 1994
Frå: Trondheim, Trøndelag
Praksisplass: NRK Trøndelag
No: Vikar i NRK Trøndelag
Då eg var ferdig på vidaregåande flytta eg til Bergen, først for å gå på folkehøgskule og eg blei verande for å studere. Sjølv om eg er glad i Trondheim var eg samstundes redd for å «gro fast». I Bergen studerte eg med iver og lyst og tok både ein mastergrad i historie og ein bachelorgrad i filosofi. Etter eg blei ferdig med studia blei eg verande i Bergen og arbeidd med høgare utdanning. Først hos Norsk senter for forskingsdata og seinare for Universitetet i Bergen.
Ved sida av studium og arbeid hadde eg i alle år ei rekke ulike prosjekt på gang. Mellom anna starta eg studentforeininga Mørkerommet, eg var i fleire år quizmaster for den ærverdige fredagsquizen på Café Opera og eg skreiv ein fast spalte om byhistorie i Trondheimsavisa Nidaros. Alle desse prosjekta botna i ei skaparglede og gleda ved å formidle.
Sjølv om arbeidet knytt til høgare utdanning var spennande, merka eg at eg ikkje fekk tilstrekkeleg utløp for formidlings- og skapargleda mi. Det kribla i fingrane etter ein jobb med høgare tempo, meir varierte dagar og der eg fekk skape noko. Kva er vel ein meir samfunnsnyttig måte å få utløp for dette på enn å forsøke seg som journalist?
Eg pussa støv av nynorsken og søkte om å bli praktikant ved Nynorsk mediesenter. Her håpar eg å bli ein best mogleg journalist og ein best mogleg nynorskbrukar som kan formidle samfunnsnyttig og engasjerande journalistikk på nynorsk.
Oppdatert august 2024
Tora Carlsen Haaland
Tora Carlsen Haaland
Fødd: 1998
Frå: Stavanger
Praksisplass: NRK Utanriks
No: Tilkallingsvikar i NRK Utanriks
Eg vaks opp på gullkysten (Stavanger), men med ein far med krutsterk sunnfjordidentitet og ein viss nedarva aversjon mot oljerøkla, var det klart at eg måtte opp og ut så snart det let seg gjere. Utferdstrongen tok meg hit og dit, først til Paris for å studere fransk, så rundt om i Vietnam, før eg tok ein 180 og flytta til Bergen. Før eg visste ordet av det hadde det gått fire år. Kvar vinter tenkte eg at no, no dreg eg herifrå, og kvar april blomstra kirsebærtrea og Samordna opptak stengde før eg forstod at eg var blitt sjarmert og rundlurt nok ein gong.
Det var fire fine år der eg fekk studere alt eg var nysgjerrig på, som arabisk, nordisk og samanliknande politikk. Sistnemnde tok eg til slutt ein bachelor i. I Bergen fekk eg heldigvis vere med i studentavisa også. Der fekk den vesle journalistspiren i meg verkeleg vakse til, godt vatna av sommarvikariat i aviser. Vegen vidare gjekk via Bologna, der eg lærte meg italiensk over aperitivi og bolognese. Det var den hausten Giorgia Meloni vann valet, og apatien i medstudentane mine uroa meg. Dei hadde gitt opp, mange av dei orka ikkje å stemme eingong. Ikkje for å vere aldeles vidløftig, men det er jo her den gode journalistikken kjem inn. Men først til det mest eksotiske hittil: Indre Sogn, nærmare bestemt Leikanger, der eg arbeidde med manus og sakprosautgjevingar i Skald forlag før eg søkte meg inn på Nynorsk mediesenter.
Om det skulle vere ein raud tråd i dette, er det vel interessa og kjærleiken for språk, samfunn og formidling som har motivert vala mine. Noko som gjer det å vere journalist til ein draumejobb! No gler eg meg til å lære nye medium, teknikkar og nokre månadar som nynorsksvamp her i Førde.
Oppdatert september 2024
Jonas Sævereide Kroken
Jonas Sævereide Kroken
Fødd: 1997
Frå: Sola, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Tilkallingsvikar i NRK Rogaland
Vaks opp på Sola og i Stavanger. Gjekk grunnskulen med nynorsk som hovudmål, tok vidaregåande med studiespesialisering på Stavanger katedralskule. Flytta til Bergen i 2016 for å studera skipande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Studerte så ved Universitetet i Bergen der eg tok bachelorgradar i Litteraturvitskap og TV-produksjon, pluss nokre ekstra fag på sida.
Utanom studia har eg skrive mykje, for det meste dikt og prosa av varierande lengde, men i seinare tid har eg skrive både songar og sakleg prosa. Hadde mot slutten av studietida ein deltidsjobb på Litteraturhuset i Bergen, pluss eit mindre vikariat i boksalongen.
Våren 2023 gjekk eg inn i ein praksis som fotoredigerar i nyheitsdivisjonen på NRK ved Marienlyst i Oslo, fekk tilbod om å halda fram og blei der ut året på forskjellige vikariat før eg starta som nynorskpraktikant her i Førde. Vidare skal eg til NRK Rogaland i såkalla «ekstern praksis».
Når eg ikkje skriv eller er på jobb, likar eg å sjå TV og film, lytta til musikk, gå på konsertar eller museum, lesa, laga mat eller filma ulike ting. Når det er vêr til det dreg eg fort ut, helst til ein form for ferskvatn eller kyst, er altså ikkje av typen som dreg på topptur sånn heilt utan vidare (eller tvang).
Dreiv veldig aktivt med idrett fram til eg var omtrent 18, er framleis veldig glad i ein del idrett, men eg fylgjer ikkje godt nok med til at eg tør gi meg ut på anna enn lett kaffipreik om resultat og eventuelle bidrag frå norske stjerner.
Oppdatert oktober 2024
Kull 39 – 2023
Martin Værum Anda
Martin Værum Anda
Fødd: 1996
Frå: Finnøy, Rogaland
Praksisplass: NRK Vestland, Bergen
No: Tilkallingsvikar i NRK Vestland, Bergen
Det var ein kulturkollisjon å flytte til Finnøy som 4-åring. Berre 45 minutt og ein ferjetur frå der eg lærte mine første siddis-gloser og vaks ut or mitt første par nedarva Cherroxar var det krasse kulturelle kontrastar. Kom ein i skade for å kalle ei huske for «dissa» – som eg alltid hadde gjort, i staden for «reila» – som dei alltid hadde gjort, blei ein stempla som «byas». Det var ikkje meint som ein kompliment.
Eg finpussa talemålet, men på andre felt var det verre å gjere nett som dei andre. Der var somme i sandkassen som ikkje kledde seg som born, men som bittesmå vaksne. Subbandes rundt i verdas minste fjósdressar og refleksklede var dei tydeleg fri yrkesmessige kvalar: dei skulle jobbe med traktor og gravemaskin så snart dei blei store nok.
Yrkesmessige kvalar hadde derimot eg. Eg visste berre at eg ikkje skulle jobbe med traktor, og vertfall ikkje med gravemaskin. Elles var spørsmålet heilt ope. Svaret endra seg frå veke til veke. Alt kunne vere uhyrleg interessant, vertfall ei lita stund i slengen. Med omflakkande interessefelt som kompass langa eg omsider ut i verda. Der gjorde eg mykje, trefte mange og fann ut at folk generelt sett er fascinerande greier. Kanskje var det noko med og for folk eg skulle ta meg til?
Ein dag vart eg lei av å studere. Det var ikkje Bergensvêret eller motbakken opp til studentsenteret eller den tunge ryggsekken. Det var noko meir enn den forbigåande rastløysa som dukka opp no og då. Eg ville gjere noko i verda utanfor lesesalen. Heldigvis trengte Studvest ein nyheitsjournalist, og sjølv om eg framleis traska rundt i akademia, var det ei heilt anna oppleving å gjere det som journalist. Plutseleg såg eg samanhengen mellom journalistikk og favorittfeltet mitt: folk.
No er eg endeleg på Nynorsk Mediesenter, og med meg har eg min rustne nynorsk (det blir betre for kvar dag som går), sprikande erfaringar, og ikkje minst trua på at det meste på ein eller annan måte kan vere interessant. Om ikkje traktorar og gravemaskinar, så vertfall folka inni.
Oppdatert 4. mars 2024
Jarand Aga Baas
Jarand Aga Baas
Fødd: 1997
Frå: Hardanger, Vestland
Praksisplass: NRK P3 Urørt, Tyholt/Trondheim
No: Arrangementsansvarleg ved Dokkhuset i Trondheim
Eg er oppvaksen på ein fruktgard på Aga i Hardanger.
Frå eg var ganske liten har eg alltid vore oppteken av å lytte. Anten det er språk, stemmer, eller musikk. Sistnemnte har vore hovudinteressa mi, og var avgjerande då eg flytta nordover og byrja på Trøndertun Folkehøgskule i 2016. Eg blei verande i Trondheim, og fullførte ein bachelorgrad i musikkteknologi ved NTNU.
Samstundes har det alltid vore viktig for meg å kunne uttrykkje meg slik eg ynskjer, slik vart eg tidleg medviten på både språkinteressa og språkøyret mitt. Nynorsk har vore med meg gjennom alle skuleåra, men eg byrja først å bruke det meir aktivt i 2016. Då starta eg som skribent i Evig Lyttar, noko eg har gjort ved sidan av studium og jobb. Her har eg dekka ny norsk undergrunnsmusikk, og spira som musikkjournalist vaks fram. Nynorsk møtte musikk på beste vis.
Å finne nye måtar å uttrykke eller formulere seg på, anten det er språkleg eller musikalsk er noko som driv meg. Derfor har jobben som journalist (og spesielt musikkjournalist) lenge vore forlokkande. Å skape innhald som betyr noko for både for publikum og meg sjølv er viktig.
Utanom dette trivst eg best heime i Hardanger, aller helst på vidda eller på fjorden. Gjerne med fiskestong i handa og ny musikk på øyret.
Oppdatert mars 2024
Ingrid Byggland
Ingrid Byggland
Fødd: 1990
Frå: Vinje, Telemark
Praksisplass: NRK Vestfold og Telemark, Porsgrunn
No: Journalist i Vest-Telemark Blad
Eg har vakse opp på ein gard i Øyfjell, ei lita bygd i Vinje kommune i Vest- Telemark. Eg har stort sett halde til i kommunen, med unntak av nokre år med studiar andre stader. Eg er utdanna allmennlærar og har arbeidd som lærar i grunnskulen i fleire år.
Eg har likevel alltid vore interessert i journalistyrket, og arbeidsveka i 9.klasse hadde eg i lokalavisa. Nynorsk har bestandig vore mitt hovudmål, og eg er opptatt av at nynorsk som språk er synleg i norske medium. Etter å ha tenkt på å søke Nynorsk mediesenter fleire gonger, var tida no inne for å gjere det.
Eg håpar å kunne bidra til å formidle folk sine historier og stemmer på ein god måte.
Oppdatert september 2024
Julie Haugen
Julie Haugen
Fødd: 2000
Frå: Hornindal, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK DM-redaksjonen, Tyholt/Trondheim
No: Masterstudent i Volda
Heile livet mitt har eg elska å oppleve nye ting. Eg har vakse opp i ei lita bygd som heiter Hornindal, men har også gjennom oppveksten budd i Stavanger, Sandnes og Singapore. Dette var med å forme meg slik at når fyrste moglegheit på vidaregåande kom, så reiste eg på utvekslingsår til Argentina, utan særleg språkkunnskapar i spansk. Det resulterte i at eg halvvegs i opphaldet fann ut at eg gjekk byggfag og ikkje studiespesialiserande. Men slik som dei fleste ting, gjekk også det bra. Etter vidaregåande bar vegen vidare til Luftforsvaret, sjølv om dette ikkje låg i planane mine. Lite visste eg at det kom til å bli eit av dei kjekkaste åra så langt. Her jobba eg som presse- og informasjonssoldat som gav meirsmak på foto, film og innhaldsproduksjon.
Etter militæret gjekk eg tilbake til originalplanen og starta på PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Eit studie som har gitt meg mykje lærdom om kommunikasjon og marknadsføring. Alt frå produksjon, til medievitskap, til journalistikk, og anna kommunikasjonsarbeid. Det var eit studie som var innom det meste. Gjennom studiet fekk eg også moglegheita til utveksling i Barcelona (for å friske opp spansken) og seinare søkte eg meg til eit tre månaders praksisopphald hos Innovasjon Norge sitt kontor i New York. Ein utruleg kjekk praksis eg seint vil gløyme.
Det var ikkje før spørsmålet om kva eg skulle gjere etter bacheloren kom at eg for alvor vurderte journalistyrket. Da eg kom over NRK Nynorsk Mediesenter si annonse var eg ikkje i tvil om at eg måtte søke. Som mange fleire føler eg i stor grad at nynorsk er ein del av identiteten min og det har aldri vore spørsmål om å skrive noko anna. Difor var det også heilt naturleg å søke på nettopp denne stillinga. Sjølv om eg framleis må leite opp i ordboka frå tid til annan synest eg at nynorsk er eit fantastisk godt skriftspråk. No ser eg fram til våren her i Førde og bli sterkare både språkleg og fagleg.
Oppdatert august 2024
Matilde Sunde Solsvik
Matilde Sunde Solsvik
Fødd: 1999
Frå: Øygarden, Vestland
Praksisplass: NRK P3 nett, Marienlyst
No: Visuell historieforteljar i Vårt Land, Bergen
Eg vaks opp på Vik i Øygarden med utsikt til fjorden og ein liten gåtur frå havet. Heime har veggane vore pryda med kunst og fylt med musikk og eg kan ikkje hugse ein einaste bursdag utan at far min og onkelen min har drege fram gitaren og cajunen og fått alle med på allsong. Det har for det meste gått i Bjørn Eidsvåg. Og i desse besøka har nesten alle dei vaksne vore lærarar. Og desse har sørgja for å fortelje meg når eg knotar på dialekta og for at eg har fått god opplæring i nynorsk. Så fort eg var gamal nok melde mamma meg inn i målungdommen. Eg starta tidleg å fascinere meg for visuelle ting og når eg fann kameraet til far min då eg var 10, vart eg den som tok bilete i familien.
Samtalane heime og i familiebesøk har ofte dreia seg rundt læraryrket, skulepolitikk og andre samfunnsaktuelle tema. Og når dei fleste vaksne eg møtte i kvardagen var lærarar, vart det naturleg for meg at det var det eg også skulle verte når eg vart stor. Eg elska å skrive og var (med mykje påverknad frå pedagogane rundt meg) over gjennomsnittet oppteken av språk og dialektar. For meg var det ikkje noko tvil; eg skulle verte norsklærar, akkurat som mamma og pappa. Etter musikklinja, eit år som kontorassistent på KFUK-heimen i London og eit år på bibelskule starta eg på lektorutdanning i Nordisk på UiB. Men heile denne tida hadde eg også drive med fotografering, noko som tok meir og meir plass i livet. Eg starta mitt eige firma, som eg tente kunne vere fint å ha på sida av læraryrket.
Eg elska å studere nordisk, men eg fann ut at eg ikkje berre ville analysere litteratur. Eg vart inspirert av forfattarane som hadde brukt sine kreative evner til å kommentere samfunnet og fann ut at eg også ville gjere dette. Men gjennom fotografering. Eg bestemte meg for å slutte og flytta til Oslo for å studere fotografi. Eg ville drive med historieforteljing. Og det fekk eg. I to år spesialiserte eg meg på å fortelje historier gjennom fotografi. Eg fekk jobb som fotograf i Universitas og etterkvart i avisa Vårt Land, og fann ut at eg ville inn i journalistikken. Og her er eg. Ferdigutdanna dokumentarfotograf og klar til å verte enno betre på å fortelje historier på ulike medium. Og best av alt; på nynorsk.
Oppdatert september 2024
Kull 38 – 2023
Annvor Seim Vestrheim
Annvor Seim Vestrheim
Fødd: 1995
Frå: Voss, Vestland
Praksisplass: NRK Ung, Marienlyst
No: Vikar i NRK Direkte
Annvor Seim Vestrheim var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksisplass i NRK Ung på Marienlyst, og fekk både sommarjobb og vikariat der etterpå.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Som fleire praktikantar før meg vaks eg opp i den finaste bygda i Noreg, Voss, nær fjella og tett på naturen. Likevel var reiselysta stor og turen gjekk først til Normandie i Frankrike, deretter til store vesle Bergen kor eg fekk prøve meg i Studentradioen medan eg studerte fransk ved UiB. Siste året av bacheloren budde eg i Montreal i Canada. Vestlandsvêret vart bytt ut med ekstrem kulde, fransk språk og litteratur vart bytt ut med kjønnsstudium og statsvitskap (riktig nok på fransk det òg). Men etter fire år i Nord-Amerika sakna eg Noreg og vende nasen heimover trass i pandemi og strenge reisereglar, denne gongen til hovudstaden. Der jobba eg som smittesporar og konsulent i bydel St. Hanshaugen, samstundes som eg fullførte mastergraden min i statsvitskap på transatlantisk vis, vekselvis i karantene og på zoom.
Etter mange år med framandspråk, politisk teori og byråkrati vart plutseleg behovet for å gjere noko meir praktisk stort. Dessutan sakna eg å bruke hovudmålet mitt – og vipps så søkte eg praksisplass og er attende i verdas beste fylke! Her håpar eg å kunne kombinere interessa for politikk og samfunn med journalistikk på ferda vidare.
Oppdatert mars 2024
Synne Malen Sandven
Synne Malen Sandven
Fødd: 1995
Frå: Sykkylven, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Utanriks
No: Vikar i NRK Utanriks
Synne Malen Sandven var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksis i NRK Utanriks, der ho og fekk sommarjobb og heldt fram som vikar etterpå.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Av fagleg utdanning har eg ein bachelorgrad i Midtaustenstudium og arabisk frå UiO, i tillegg til statsvitskap. Det botnar i mi interesse for kultur og samfunn og min fascinasjon for språk. I samband med studiet budde eg eitt år i Egypt, kor eg verkeleg fekk kjenne viktigheita av open og fri journalistikk på kroppen, eit land med sterk sensur. Dette gjorde meg nysgjerrig på yrket, i tillegg til at eg alltid har vore glad i å skrive. Eg har også eit årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitskap. Elles har eg jobba som norsklærar på vaksenopplæring og som simultantekstar i NRK. Interessa for språk, kultur og formidling har følgd meg gjennom val av både studium og tidlegare yrke.
Som simultantekstar blei eg raskt introdusert for nynorskkravet på 25 % i NRK, målforma eg hadde lagt frå meg på vidaregåande. Det blei med ein gong naturleg å ta ho i bruk att. Eg kjende raskt at ho ligg nær dialekta mi, men også talemåten min. Eg kjenner meg meir som meg sjølv når eg skriv på nynorsk. Det gjekk frå å vere eit nynorskkrav til å handle om identitet. No ser eg fram til å vere med på å gjere nynorsk meir tilgjengeleg i media. Eg har trua på nynorsk-eksponeringsterapi:) Med interesse for språk, research og formidling, trivst eg særs godt i journalistikkyrket, og gleder meg til å formidle god journalistikk på nynorsk.
Oppdatert august 2023
Oda Bjønnes Hanslien
Oda Bjønnes Hanslien
Fødd: 2000
Frå: Sola, Rogaland
Praksisplass: NRK Oslo og Viken, Fredrikstad
No: Studerer dokumentarproduksjon ved UiS og er ringevikar i Stavanger Aftenblad
Oda Bjønnes Hanslien var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksis i NRK Oslo og Viken i Fredrikstad.
Dette fortel ho om seg sjølv:
I mai 2022 var eg ferdigutdanna som journalist frå Universitet i Stavanger. Utdanninga tok eg utan å eigentleg vite kva journalistikk innebar. Eg visste at eg likte å skrive, og at eg likte å sjå nyheiter kvar dag. Dei tre åra med studium lærte meg mykje, og viste meg kva eg skal gjere resten av livet. Utdanninga var kjekk og eg fekk skikkeleg smaken på journalistikk, men på grunn av pandemien blei mykje av utdanningsløpet gjort om til digital læring. Det var ikkje lett å lære om TV og radio gjennom ein skjerm, og det har derfor vore spennande for meg på NRK Nynorsk mediesenter med læring gjennom «lære-ved-å-gjere-det-metoden».
Eg har vakse opp i ein bokmål-kommune, men med ei nynorsk-mor. Nynorsken har eg derfor hatt med meg jamt og trutt gjennom barndommen og ungdomsåra, sjølv om hovudmålet mitt alltid har vore bokmål. På journaliststudiet var eg ti veker i praksis i ei nynorsk lokalavis, og fekk verkeleg auge opp for nynorsken igjen. Så var det ti veker der eg skreiv bokmål, og kor eg etter kvart fekk fleire vikariat. Igjen blei nynorsken sett litt igjen på hylla. Det ønsker eg å endre på. Gjennom dei seks månadane på Nynorsk mediesenter håpar eg at eg kan bli ordentleg trygg i nynorsken min og halde fram med det, sjølv om eg ikkje er i et hovudsakleg nynorsk miljø.
Oppdatert august 2023
Ingrid Turtum
Ingrid Turtum
Fødd: 1996
Frå: Vågå, Innlandet
Praksisplass: NRK Innlandet, Lillehammer
No: Norsklærar i vaksenopplæringa i Oslo
Ingrid Turtum var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksisplass i nyhenderedaksjonen til NRK Innlandet på Lillerhammer, der ho og var sommarvikar etterpå.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Det var eige samfunnsengasjement og interessa for formidling som fekk meg til å søkje ei retning innanfor journalistikken. Nysgjerrigheita for dei store samfunnsspørsmåla starta tidleg med prat om verdshendingar og politikk ved middagsbordet heime. Etter kvart balla det på seg med ein rekke verv i ungdomspolitikken, og gjennom AUF fekk eg på alvor tatt del i samfunnsdiskursen. I denne perioden jobba eg både med politikk på eit nasjonalt plan, men også meir lokalt som styremedlem i Vågå kommunestyre. Samstundes som dette ga meg god innsyn i samfunnsaktuelle problemstillingar, fekk eg også jobba mykje med formidling og fann stor glede i å skape engasjement hjå andre. Noko som gjorde at eg etter eitt år med studium i statsvitskap, val å utdanne meg som grunnskulelektor i norsk med fordjuping i språk og litteratur ved NTNU i Trondheim. Både gjennom studiet og friviljuge verv i Røde Kors, fekk eg kombinert samfunnsengasjementet mitt med interesse for språk og formidling. I Røde Kors jobba eg med integrering og utvikling av tiltak for å førebyggje utanforskap blant yngre jenter, men også promotering av Røde Kors og rekruttering av friviljuge. Her fekk eg både kome nært på store samfunnsutfordringar, men fekk også god øving i å nå ut til barn og unge på ein engasjerande måte som skapar interesse for samfunnet vi lever i.
Etter at studietida var omme, flytta eg til Oslo og fekk meg jobb som faglærar i norsk på Hasle barneskule. Med eit auka fokus på utvikling av kritisk tenking i skulen, jobba eg mykje med nyheiter og meiningsutveksling i undervisninga. Noko som var utruleg morosamt og eg fann fort ut at dette ville eg gjere meir av. Med eit ønskje om å engasjere og ikkje minst lyfte fram det språklege mangfaldet i Noreg i media, vart vegen til Førde stutt og kvardagen som nynorskpraktikant var i gong. Eg gler meg til fortsettinga!
Oppdatert juni 2024
Hedda Kurseth
Hedda Kurseth
Fødd: 2000
Frå: Sykkylven, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Innanriks, Marienlyst
No: Vikar i NRK Direkte
Hedda Kurseth var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksis i NRK Innanriks på Marienlyst, der ho og heldt fram som tilkallingsvikar. Hausten 2023 er ho vikar i NRK Direkte.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg vaks opp i nynorskkommunen Sykkylven på Sunnmøre. På vidaregåande skule i Ålesund var det nesten ikkje lærebøker på nynorsk å oppdrive. Då vakna nynorskbrukaren i meg. Etter fire år i Bergen sit eg igjen med ein bachelor i Samanliknande politikk ved Universitet i Bergen. I bacheloroppgåva mi skreiv eg om utviklinga av abortpolitikken i Polen etter 1989 og korleis sterke institusjonar prega den meir enn den faktisk vilja til befolkninga.
På studiet blei vi oppfordra til å skrive engelsk, men det blei sjølvsagt nynorsk på meg. Eit halvt år av bacheloren var eg i praktikant i Byrådsleders avdeling i Bergen Kommune og var då politisk rådgjevar for Kommunalt råd for personer med funksjonsnedsettelse. Det gav sterke inntrykk å komme tett på ei slik gruppe. Då tenkte eg ofte at desse historiene og utfordringane må kome tydlegare fram. Kanskje var det ikkje byråkrat eg skulle bli likevel.
Ved sidan av studiane var eg aktiv i Studentradioen i Bergen. I tre år laga eg morgonradio før eg ynskja å kombinere det med politikken. Det blei til ein podkast-serie om politisk teori. Den heiter «Politisk kabaret» og tok for seg tema som bustadpolitikk, teknokrati og demokratisering for å nemne noko. Då fekk eg til og med leite fram gamle basskunnskapar og saman med ein klassekamerat frå vidaregåande laga vi eigne kjenningsmelodiar.
Å forsøke å formidle politikk enkelt og lettfatteleg var verkeleg gjevande og gjorde meg sikker på at det var journalist eg ville bli. Då var det berre å ta fatt på journalistdraumen. Eg flytta meg derfor litt bort i gangen og byrja å skrive som nyhendejournalist i studentavisa Studvest. Då var eg og med i podkasten «Studcast». Det blei eit av dei kjekkaste åra i studietida i Bergen.
Etter eit sommarvikariat i lokalavisa Nyss forstod eg kor viktig det er å vere tett på folk som journalist, spesielt i distriktet. Det store og kule skjer ikkje berre der ute, men også langt inne i ei fjordarm. Det kjekkaste med å vere journalist er alle folka ein får snakke med og alle historier ein får høyre. Eg gler med til ein kreativ og allsidig kvardag som journalist.
Oppdatert august 2023
Kull 37 – 2022
Sunniva Skurtveit
Sunniva Skurtveit
Fødd: 1996
Frå: Os, Vestland
Praksisplass: NRK Trøndelag
No: Journalist i NRK Trøndelag, Tyholt
Sunniva Skurtveit var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksisplass og sommarjobb i NRK Trøndelag, og heldt fram som vikar til ho våren 2024 fekk fast jobb i den same redaksjonen.
Eg blei ferdigutdanna lektor i samfunnsfag og matematikk, med spesialisering innan sosiologi, våren 2022. Gjennom utdanninga har eg kjent på ei stadig aukande interesse og ynskje om å bidra til samfunnsengasjement og å sette sosiale problemstillingar på dagsorden.
Denne interessa har eg verkeleg fått dyrka gjennom frivillige verv i Studentersamfundet i Trondhjem både som temaansvarleg og medlem i debattkomitéen. Her har eg vore med på å planlegge, gjennomføre og ordstyre vekentlege panelsamtalar og debattar.
Journalistyrket gjev meg moglegheita til å halde fram med å engasjere andre i små og store problemstillingar i samfunnet, noko eg verkeleg ser fram til. I tillegg får eg no gjere dette på nynorsk, eit fantastisk skriftspråk!
Oppdatert juni 2024
Berit Helle Jonsbråten
Berit Helle Jonsbråten
Fødd: 1996
Frå: Bryne, Rogaland
Praksisplass: NRK Direkte
No: Journalist i NRK Rogaland
Berit Helle Jonsbråten var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksisplass i NRK Direkte, der ho og heldt fram som vikar og sommarvikar i 2023. I november 2024 fekk ho fast jobb i NRK Rogaland.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg var 20 år då eg forstod at nynorskbrukarar fekk lov til å slå opp i ordboka når dei var usikre på korleis dei skulle skrive noko. Dette betydde ikkje at dei var dårlege nynorskbrukar. Det betydde faktisk at dei var gode nynorskbrukarar! Med ordboka på slep og ny sjølvtillit vende eg derfor tilbake til nynorsken som eg hadde forlate i løpet av vidaregåande.
Denne dragninga tilbake til nynorsk hang saman med at eg hadde flytta frå Bryne til Bergen for å studere nordisk språk og litteratur på universitetet. Det var alltid litt flaut å måtte seie at eg var bokmålsbrukar frå Jæren. Eg leverte masteroppgåva mi i språkvitskap i 2021. I løpet av studietida var eg aktiv i Studentradioen i Bergen og fann ut at formidling, både i radio- og skriftformat, var noko eg likte veldig godt.
Eg ser fram til eit spennande og utfordrande halvår der eg skal få lov til å lære masse om både journalistikk og nynorsk. Det er kjekt å få lov til å arbeide med historier, samfunn, kultur og språk. Og det er kjekt å få lov til å gjere det på nynorsk. For det er eit strålande nyhendespråk!
Oppdatert september 2024
Solveig Oddvarsdotter Myren
Solveig Oddvarsdotter Myren
Fødd: 1999
Frå: Haukedalen, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland, Førde
No: Studerer regi og fleirkameraproduksjon på Lillehammer
Solveig Oddvarsdotter Myren var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksis i nyhenderedaksjonen til NRK Vestland i Førde, der ho og hadde sommarjobb. Frå hausten 2023 studerer ho regi og fleirkameraproduksjon ved Høgskolen i Innlandet.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Etter vidaregåande visste eg ikkje kva eg ville gjere. Eg fekk høyre at folkehøgskule var eit godt alternativ for dei som ville ha ein pause frå å studere, så eg søkte på radiolinja ved Danvik folkehøgskule i Drammen for å prøve noko nytt. Her storkosa eg meg og fekk høvetil å ha eit «andreår» som praktikant i ei mediebedrift, som i mitt tilfelle vart Rubicon i Oslo. Her jobba eg med Luksusfellen og I lomma på Silje, og har i seinare tid jobba med eit nytt dating-program for Monster, som skal kome ut i 2023. Eg har òg studert prosjektleiing for å opparbeide meg meir kunnskap og erfaringar ved å gjennomføre eit prosjekt, samt lære meir om korleis ulike grupper samarbeider.
Grunnen til at eg søkte NRK Nynorsk Mediesenter var først og fremst fordi eg brenn for nynorsken, men òg fordi eg elskar å formidle historier gjennom bilete, lyd og tekst. Eit mål eg har her, er å vere med på å eksponere andre for nynorsk og dialektar. På same måte som at bokmål vert lett for meg å bruke fordi eg har vore eksponert mykje for det, tenkjer eg det vil bli lettare for bokmål-brukarar å nytte nynorsk, viss dei vert meir eksponert for det.
Draumen min er å få lov til å jobbe med underhaldning innan mediebransjen, gjerne då radio og/eller TV. Eg håpar NRK Nynorsk mediesenter kan vere eit springbrett for meg vidare, men akkurat no ser eg no fram til ein innhalds- og lærerik haust her på NRK Nynorsk Mediesenter.
Oppdatert august 2023
Sander Eide Aase
Sander Eide Aase
Fødd: 2003
Frå: Tørvikbygd, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland, Førde
No: Frilansar for Hordaland Folkeblad
Sander Eide Aase var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Han hadde praksisplass i NRK Vestland sin nyhenderedaksjon i Førde, og sommaren 2023 var han sommarvikar i Hordaland Folkeblad.
Dette fortel han om seg sjølv:
Då eg skulle velja kor eg ville vera i arbeidsveka i 10-klasse så gjekk eg for lokalavisa Hordaland Folkeblad i mangel på betre alternativ. Det synte seg å vera ein suksess då eg allereie på fyrste redaksjonsmøte fekk spørsmål om helgejobbing.
Etter vidaregåande fann eg ut at journalistikk kanskje var noko eg kunne driva med på heiltid. Eg fann ut at for å kunna driva med journalistikk burde eg kanskje komma meg vekk frå lokalfotball og kulturskulekonsertar ein periode, så eg søkte Nynorsk Mediesenter i Førde.
Nynorsken har vore med gjennom heile oppveksten i Ytre Hardanger og då me starta sidemålsundervising på ungdomsskulen protestinnmelde eg meg i mållaget fordi eg vart så lei bokmål den veka.
Som journalist brenn eg for at alle skal få historia si fram på ein god måte. Samstundes ynskjer eg å vera den første som er der når det smell.
Oppdatert april 2023
Ingrid Nedrebø
Ingrid Nedrebø
Fødd: 1996
Frå: Fjaler, Vestland
Praksisplass: NRK Kultur
No: Vikar som musikkprodusent i P1
Ingrid Nedrebø var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksisplass i kulturredaksjonen på Marienlyst, der ho og heldt fram som tilkallingsvikar og sommarvikar i 2023. Våren 2024 byrja ho i vikariat som musikkprodusent i P1.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Livet mitt har alltid handla om kreativitet. Å skape noko, formidle eller få noko til å skje. Sidan eg fekk min første discman rundt tusenårsskiftet, har musikk vore det viktigaste elementet i livet mitt. Men det skulle vise seg at det ikkje var musikar eg ville bli.
Undervegs i studieåra i Trondheim, vart Studentersamfundet ein stor del av livet mitt. Her fekk eg ein fot innom Radio Revolt, studentradioen i «den gamle stad», og merka raskt at det var staden eg ville vere. Behovet eg tidlegare hadde for å formidle kjensler gjennom musikk, vart no erstatta med å prate om musikk. Dermed var journalistdraumen vekt.
No får draumen leve i beste velgåande som nynorskpraktikant i Førde. Og Førde er ikkje langt frå heimstaden min. Ein times køyretur sørvest i fylket, kjem ein til Jakob Sande sitt rike, nemleg Fjaler. Her vaks eg opp på ein generasjonsgard i den vesle bygda Straumsnes. Som 15-åring flytta eg til Sandane for å gå på det historiske Firda Gymnas, og der byrja eg å engasjere meg for målsaka. Eg innsåg kor stor kultur- og språkhistorisk verdi fylket mitt har og eg har sidan kjendt meg stolt over staden eg kjem frå.
Å gå på mediesenteret gjer ikkje berre at eg får oppfylt journalistdraumen, eg får også kombinere det med mi fanesak: nynorsk og dialektmangfald. På sikt håpar eg på å gjere nynorsken meir tilgjengeleg og ikkje minst bevise at nynorsk er fint til meir enn dikt!
Oppdatert mai 2024
Kull 36 – 2022
Oda Flaten Lødemel
Oda Flaten Lødemel
Fødd: 1993
Frå: Sykkylven, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Vikar i NRK Vestland, Førde
Oda Flaten Lødemel var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Etter praksistida i NRK Møre og Romsdal, var ho tilkallingsvikar i TV 2 i eitt år. Frå sommaren 2023 har ho vore vikar i NRK Vestland.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg vaks opp i Sykkylven, der eg var omringa av mektige alpar og mykje Stressless. Trangen til å utforske verda kom tidleg og med reiselysta kom også språkinteressa. Etter vidaregåande førte den meg først til folkehøgskule på Hylkje (eksotisk nok for ein sunnmøring), så til Spania og vidare til Mellom-Amerika, før eg til slutt landa i Bergen.
Eg var klar på at Bergen berre skulle vere ein førebels stoppestad, men før eg visste ordet av det hadde det gått sju år, og på papiret hadde eg ein mastergrad i spansk og Latinamerikastudier frå UiB. Innimellom slaga hadde eg fått meg nokre korte og lengre turar ut i verda gjennom ulike praktikant- og utvekslingsopphald i Spania, Chile og Argentina.
I løpet av åra på farten utvikla det seg ei sterk identitetskjensle som vestlending og som stolt nynorskbrukar. Eg er takksam for å ha vakse opp i ein nynorskkommune, sjølv om eg ikkje alltid har hatt eit bevisst forhold til nynorsken min. Etter litt for mange kommentarar av typen «ååååå, du snakker jo nynorsk<3» i studietida, melde eg meg inn i mållaget og slik starta den då ukjende ferda mot NRK Nynorsk mediesenter og journalistikken.
Etter eit engasjement i Bergen Internasjonale Litteraturfestival, eit sommarvikariat i Sunnmørsposten og jobb som innhalds- og SEO-konsulent i marknadsføringsbyrået Synlighet, kjende eg at eg måtte ta journalistdraumen på alvor. Eg søkte meg til mediesenteret og fekk plass. No ser eg fram til å lære å formidle gode nyheiter på nynorsk og til å bli enda meir bevisst språket og ansvaret mitt som journalist.
Oppdatert mars 2024
Ingrid Gulbrandsen Årdal
Ingrid Gulbrandsen Årdal
Fødd: 1996
Frå: Jølster, Vestland
Praksisplass: NRK Nordland, Bodø
No: Journalist i NRK Nordland
Ingrid Gulbrandsen Årdal var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Etter praksis i NRK Nordland gjekk ho over i vikariat same stad, og fekk hausten 2022 fast jobb i redaksjonen.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Då eg blei tjueein fekk eg min første eigne radio i bursdagsgåve, som eg har døypt Lydia. Ho har vore ein trufast ven sidan! Vi ler saman og diskuterer med kvarandre. Ei lita stund etterpå, om enn noko tilfeldig, blei eg introdusert for Studentradioen i Bergen. Lite visste eg då om at opphaldet i organisasjonen skulle bli ein sterk markør for epoken min som student.
Der fekk eg verkeleg opp auga for journalistikken, som eg no ønsker å satse på. I fjor fullførte eg mastergrad i nordisk språkvitskap, der eg fordjupa meg i forholdet mellom språk og samfunn. Eg har også fått prøve meg som journalist i avisa Firda og jobba med innhaldsproduksjon til sosiale kanalar for Universitetet i Bergen. På UiB fekk eg gleda av å skrive nynorsk på plattformer som elles var mykje prega av bokmål.
Eg kjem frå Jølster i Sunnfjord og er oppvaksen i ein heim med stor takhøgde for å meine ting og stille spørsmål høgt. Dette har definitivt spelt inn på min kritiske sans og gleda over å vere nysgjerrig. I tillegg har eg alltid vore glad i formidling, både skriftleg og munnleg. Eg likar tanken på å hoppe først og tenke på landing etterpå, noko som motiverte meg til å søke NRK Nynorsk mediesenter. Her er det «lære det ved å gjere det»-metoden fullt ut. Eg ser fram til å etter kvart bli ein stødig journalist med trygg språkføring, og er spent på månadane som kjem!
Oppdatert november 2022
Kristina Kassab Liland
Kristina Kassab Liland
Fødd: 1997
Frå: Nærbø, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Student i Oslo
Kristina Kassab Liland var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Ho hadde praksis i NRK Rogaland. Etterpå var ho vikar, sommarvikar og tilkallingsvikar i NRK Kultur og NRK Direkte på Marienlyst fram til februar 2024.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg vaks opp på Nærbø i Hå kommune som ligg midt i det jærske smørauget. Då eg var lita, tykte eg ikkje noko særleg om heimstaden min eller dialekta mi. Eg vaks opp på nettet og framfor TV-en, der eg utelukkande forheldt meg til bokmål, engelsk eller arabisk, medan nynorsk berre var forbunde med skule. Det å skriva på nynorsk var ikkje eit aktiv val den gongen; det vart rett og slett slik fordi eg tilfeldigvis vaks opp i nynorskkommunen Hå.
Det var fyrst når eg byrja på vidaregåande skule, i det som for meg var Byen (med stor B); Stavanger, at eg kjende eg var stolt over dialekta mi og nynorsken. Det var også då eg melde meg inn i Mållaget og byrja å irritera meg over byfolk som ikkje alltid forstod dialekta mi i staden for å misunna dei.
No har eg vore byfolk sjølv etter fire år i Oslo og ser ikkje så svart og kvitt på det. Noko av det eg tykkjer er aller kjekkast er språk, og på Blindern tok eg ein bachelor i tysk og ein annan i idéhistorie (men her fekk eg faktisk bruk for arabisken!). Eg var også med på å starta opp det feministiske studenttidsskriftet trass!, kor eg framleis sit i redaksjonen. I fjor sommar var eg journalist i Framtida.no. Det var her eg fekk blod på tann og fekk lyst å læra meir om å jobba som journalist. Utanom det har eg vore museumsomvisar på Garborganlegga og Garborgsenteret som eg vil råda alle til å besøka neste gong dei tek turen til Rogalandet.
Sjølv om eg ikkje ser svart og kvitt på by og bygd lenger, tykkjer eg framleis det er ganske svart-kvitt når det kjem til nynorsk og bokmål i kvardagen generelt og media spesielt. Eg har lyst til å bidra til at mediebiletet vert ennå meir nynorskifisert og ein smule ennå meir nyansert. Eg gler meg til å læra meir om korleis formidla godt, lyfta fram dei viktige forteljingane og til å kombinera samfunnsengasjementet mitt med journalistyrket!
Oppdatert september 2024
Kasper Valestrand
Kasper Valestrand
Fødd: 1990
Frå: Masfjorden, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland, Førde
No: Journalist i avisa Nordhordland
Kasper Valestrand var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Han hadde praksisplass og sommarjobb på nyheitsdesken i NRK Vestland i Førde. Seinare fekk han vikariat og frå vinteren 2024 fast jobb i avisa Nordhordland.
Dette fortel han om seg sjølv:
Å skulle halde på målet har aldri vore enkelt for dei av oss som har flytta inn til sentrum frå periferien. Eg klarte det i alle fall ikkje. Som ung og dum 16-åring reiste eg frå lille Masfjorden og inn til Bergen by for å starte på gymnaset, og som mange andre før meg møtte eg på motstanden som var. Ingen forstod kva eg sa! Og eg som hadde rulle-r som ingen andre.
Når eg har rekna på det i ettertid, har eg komme fram til at det tok meg så lite som ein månad før skarre-r-en var på plass. Så det er sånn det blei, og det er sånn det framleis er. Jaja, eg skriv no på nynorsk. Det får då vere godt for noko.
Oppdatert april 2024
Ingeborg Grindheim Slinde
Ingeborg Grindheim Slinde
Fødd: 1995
Frå: Bergen, Vestland
Praksisplass: NRK Troms og Finnmark, Tromsø
No: Journalist i NRK Vestland, Sogndal
Ho hadde praksisplass og sommarjobb ved NRK Troms og Finnmark i Tromsø. Hausten 2022 byrja ho i fast jobb som reporter ved Sogndal-kontoret til NRK Vestland.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Då eg har vakse opp med Bergens Tidende på frukostbordet og Dagsrevyen, 21-nyheitene og 23-nyheitene på TV, har små og store samfunnsspørsmål alltid vore ein naturleg del av livet mitt. Då var det kanskje heller ikkje så rart at eg starta på det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiO då eg skulle studere. Her var vegen kort til studentavisa Universitas, både i overført og konkret tyding.
Eg lærte fort at det var vel så kjekt å skrive nyheiter som å lese dei. Som bergensar og opphavleg bokmålsbrukar, skulle det likevel eit sommarvikariat i Sogn Avis til for at eg fekk auga opp for nynorsk som journalistspråk. Eg innsåg at nynorsk ligg nærare bergensdialekta mi enn bokmål, og er eit presist og aktivt journalistspråk.
Etter seks år i Oslo er eg ein mastergrad i statsvitskap rikare, og kan eg skryte på meg journalisterfaring frå studentmedia og avis. Eg har også fått snust litt på verda utanfor Oslo, med opphald i Frankrike, Marokko og Tromsø i løpet av studietida. No ser eg fram til ein vår i her i Førde for å utvikle meg som både nynorskbrukar og journalist.
Oppdatert november 2022
Kull 35 – 2021
Erlend Skorpetveit Aga
Erlend Skorpetveit Aga
Fødd: 1996
Frå: Tysnes, Vestland
Praksis: NRK Direkte
No: Videojournalist i TV BRA
Erlend Skorpetveit Aga var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Han hadde ekstern praksis i NRK direkte på Marienlyst. Etter avslutta praktikanttid gjekk han over i fast jobb som videojournalist i TV BRA i Bergen.
Dette fortel han om seg sjølv:
Fødd på Stord. Oppvaksen på Tysnes. Ungdomsskule på Askøy. Vidaregåande på Stord. Soldat i Bardufoss. Student i Bergen. Det har altså vore mykje fram og tilbake gjennom åra. Mellom alle adresseendringane er det likevel ein ting som aldri har endra seg. Det er gleda eg får av å formidla historier. Denne gleda er eg sikker på at eg vil få moglegheita til å utvikla vidare som praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter.
Interessa for dei gode historiene har vore der så lenge eg kan hugsa, noko som gjorde val av studieretning enkelt. Media. Media skulle eg jobba med. Derfor enda eg til slutt opp med ein bachelorgrad i nye medium, som eg utvikla vidare til ein mastergrad i medium og kommunikasjon. Eg interesserer meg sjølvsagt for andre ting enn media også, og kan mellom anna trekka fram fotball som noko eg er over gjennomsnittet glad i.
Som fersk student gjekk det ikkje lenger enn første studiedag før eg melde meg inn i Bergen Student-TV. Lite visste eg då at denne studentorganisasjonen skulle bli ein stor del av kvardagen min gjennom heile den fem år lange studietida. Som eit resultat kan eg no sjå tilbake på tre år som fotoredigerar, i tillegg til to år i verva teknisk sjef og ansvarleg redaktør. Samtidig har eg jobba ein del som vikarierande journalist hjå Bladet Tysnes, i tillegg til å ha teke nokre oppdrag i ny og ne som podkastassistent.
No gler eg meg til å kombinera den noverande erfaringa med ny og spennande kunnskap i stillinga som nynorskpraktikant. Eg er ein nysgjerrig kar, som betyr at det framleis er mykje eg ynsker å både læra, oppleva og utforska. Derfor er eg sikker på at NRK Nynorsk mediesenter er ei perfekt rute vidare mot draumen min om å bli journalist.
Oppdatert november 2022
Adan Hassan Tassamma
Adan Hassan Tassamma
Fødd: 1994
Frå: Stavanger, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Vikar i Aftenposten
Adan Hassan Tassamma var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Han hadde ekstern praksis i NRK Rogaland. Frå 1. mars 2022 byrja han som vikar i kultur- og underhaldning i NRK nyhende. Han har seinare vore vikar i NRK sin redaksjon for økonomi og politikk, i tillegg til deskredaksjonen på nyhendegolvet, og NRK Stor-Oslo.
Dette fortel han om seg sjølv:
Interessa mi for språk starta tidleg i livet. Eg kom til verda i Tromsø, kor eg prata tromsødialekt og morsmålet mitt om einannan. Då me flytta til Stavanger fem år seinare, så venta dialekt- og språkforvirring som følge av skarre-r-ar, språkstasjon og morsmålsundervisning. Heldigvis gjekk det seg fort til.
Dessverre blei målforma mi bokmål, til liks med dei fleste siddisar. Eg er veldig glad i stavangerdialekten min, og eg opplever at den kjem godt med nå som eg er nynorskbrukande journalistpraktikant. Nynorsken opnar for meir dialektnær skriftleg og munnleg formidling av mitt eige målføre. Eg skal derfor gjere mitt for å bli ein god ambassadør for den nye målforma mi. I tillegg til å vere med på å styrka det språklege mangfaldet i samfunnet, vil eg bidra til å auka det kulturelle mangfaldet i ein bransje som bør spegla eit stadig meir mangfaldig samfunn.
På vidaregåande valde eg å gå den engelskspråklege linja International Baccalaureate. Etter nokre travle år i der, trong eg eit avbrekk frå skolegang. Garden blei dermed neste utfordring, før folkehøgskolen bydde på mange vidt forskjellige fag, som seg hør og bør. Eg har nå ein mastergrad i statsvitskap frå UiO med eit utvekslingsopphald ved Sciences Po Paris. Det siste året av graden fullførte eg samtidig med at eg vikarierte som rettleiar og saksbehandlar i Nav på fulltid under pandemien. Innsikta dette har gitt meg i offentleg sektor, velferdsstaten og samfunnet sine skyggesider er noko eg absolutt vil ta med meg i mitt virke som journalist. Nysgjerrigheita mi har vore viktig for at eg er her i dag. Den skal eg fortsetta å dyrka i jakta på nye innsikter som eg nå kan formidla.
Eg søkte meg til dette intensive opplærings- og praksisløpet for å få eit sett knaggar å henge interessene mine for nyhende, sport, politikk, samfunnsutviklinga, språk og læring på. Det har verkeleg stått til forventningane. Nå gleder eg meg til fortsettinga i yrket.
Oppdatert september 2024
Bjørne Østrem Djukastein
Bjørne Østrem Djukastein
Fødd: 1995
Frå: Voss, Vestland
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Nattreporter i Dagsnytt
Bjørne Østrem Djukastein var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Han var i ekstern praksis i NRK innanriks, og heldt fram som vikar der og i ulike andre redaksjonar på Marienlyst. Han har sidan våren 2024 vore fast tilsett som nattreporter i NRK Nyheiter.
Dette fortel han om seg sjølv:
Eg er frå Voss, og er såleis ein av dei heldige som kan seie at klisjeen om å ha vakse opp på verdas finaste plass faktisk er sann for meg. Under intervjuet hjå mediesenteret vart eg spurd om eg nokon gong har vurdert å la nynorsken vike. Det spørsmålet var vanskeleg å forstå. Heimstaden min har trass alt gjeve meg både ei dialekt eg er stolt av og eit nært forhold til Guds eige mål.
Etter gymnaset byrja eg på ei bachelorgrad i samanliknande politikk ved UiB. Som vossing tok det tid å verte glad i Bergen og dei brautande innfødde. Kjærleiken for Vestlandshovudstaden vaks seg likevel så stor at òg masterstudiet i same disiplin vart akkompagnert av bogekorps i brusteinsgater.
I tidlege lesesalsdagar skjønte eg at sanneleg gjevande erfaringar var dei frå den verkelege verda. Særleg spanande har det vore å møte folk som ser kloden me alle bur på annleis enn meg sjølv. Ein lærer gjerne meir av det. Eg passa difor på å utnytte moglegheitene til å utforske det store utland. Med det utgangspunktet har eg hatt lærerike studie- og praktikantopphald i New York, Brussel, Antwerpen og Haag.
Av alle dei ulike typane potet me har i Noreg, må statsvitar vere mellom dei mest allsidige. Som journalist håpar eg å kunne formidle til og engasjere dei som tenker politikk er noko som vedkjem andre. Allereie etter denne no korte tida ved mediesenteret er eg viss om at opplæringa her rustar meg til å kunne utføre det arbeidet framover.
Oppdatert april 2024
Maria Gunnarsdotter Svedal
Maria Gunnarsdotter Svedal
Fødd: 1994
Frå: Sogndal, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland, Bergen
No: Permisjon
Maria Gunnarsdotter Svedal var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Ho hadde ekstern praksis i NRK Vestland sin redaksjon i Bergen, og ho heldt fram der som vikar og tilkallingsvikar til våren 2024.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg er heldig som fekk veksa opp i Sogndal og utvikla nynorsken min der. Eg har eigentleg aldri opplevd at å skriva bokmål har vore eit reelt eller aktuelt alternativ. Det er eg både glad og takksam for. Ikkje fordi det er så mykje gale med bokmål, men fordi nynorsk er eit så godt språk.
Eg har alltid vore glad i å skriva, og dei siste åra har eg fått skriva ein heil del. I Sogn Avis har eg fått vera både journalist og spaltist, og som student i Bergen har eg klokka inn ganske mange tusen ord. Sjølvsagt på nynorsk. Språkinteressa mi førte meg til språkutdanning, og i studietida har eg fått pleia interessa for journalistikk i Studentradioen i Bergen. Der har eg fått boltra meg med program om alt frå studentnyhende til Harry Potter. Og så har eg sjølvsagt laga eit program om språk. I masteroppgåva mi i nordisk språk kombinerte eg desse interessene og undersøkte engelske innslag i norske podkastar.
No ser eg fram til eit lærerikt og inspirerande halvår som nynorskpraktikant. Eg håpar eg får utvikla meg både som nynorskbrukar og journalist.
Oppdatert april 2024
Ingeborg Undheim
Ingeborg Undheim
Fødd: 1998
Frå: Bryne, Rogaland
Praksisplass: NRK Direkte
No: Student og tilkallingsvikar i NRK
Ingeborg Undheim var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Ho hadde ekstern praksis i NRK direkte på Marienlyst i Oslo. Frå mars 2022 var ho vikar i den same redaksjonen, før ho heldt fram med studium og tilkallingsvikariat i Økopol.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Som liten var eg fasinert av journalistikken. Eg blei tidleg fortalt at eg kunne bli akkurat det eg ville, noko eg meiner alle barn burde bli fortalt. Det har også resultert i at eg har hatt fleire forskjellige framtidsdraumar som liten. Alt frå butikkmedarbeidar i leiketøybutikk til hjernekirurg til arkeolog. Likevel er det ønsket om å bli journalist som har vore det mest gjennomgåande. Då eg gjekk på barneskulen, var det mest fordi eg ville ut og oppdage verda. Det vil eg framleis, men eg har også forstått at yrket som journalist er eit sentralt og viktig samfunnsoppdrag. Det gjer det endå meir innbydande.
I 2017 gjekk eg rett frå vidaregåande og til studium ved Universitetet i Bergen. Der fullførte eg ei bachelorgrad i europastudium med spesialisering i samanliknande politikk. Gjennom studiet fekk eg også reise på eit utvekslingsopphald til Science Po i Toulouse i Occitanie, Frankrike. Der blei eg godt kjent med jamaldrande frå heile verda, noko som var veldig kjekt. I tillegg lærte eg at det kjente bakverket «pain au chocolat» blir kalla «chocolatine» i denne regionen. Hugs det om du tek turen til Toulouse!
Tilbake i Bergen skreiv eg bacheloroppgåva mi, som handla om utviklinga av dei politiske skiljelinjene i det europeiske parlamentet. Då fekk eg nørde skikkeleg. Eg bestemte meg deretter for å bli i Europas cocktail, som Holberg kalla byen, eit år til. Samspelet mellom natur og samfunn, er for meg både engasjerande og relevant. Det siste året mitt i Bergen nytta eg derfor til å få meir greie på korleis dette heng saman. Eg valte derfor å vere i praksis i bymiljøetaten i Bergen kommune eit av desse siste semestera, og det neste bruke eg på å studere litt geografi.
I tillegg til erfaring frå studentmedia, har eg hatt sommarvikariat i Jærbladet og Stavanger Aftenblad, men no er eg så heldig å få vere iallfall fire månadar i Førde. Eg ser fram til å bli ein trygg, kritisk og framfus journalist gjennom tida mi her i NRK. Og til å utforske alle dei sju fjella rundt Førde.
Oppdatert september 2024
Kull 34 – 2021
Ingeborg Kløve-Graue
Ingeborg Kløve-Graue
Fødd: 1994
Frå: Voss, Vestland
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Teamleiar DigiHub, Helse Bergen
Ingeborg Kløve-Graue var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Frå 3. mai og ut juni hadde ho ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, der ho også hadde sommarjobb. Etter eit kort vikariat i NRK Vestland i Bergen, byrja ho i ei konsulentstilling i Helse Bergen. Der er ho prosjektleiar for digitalt innhald og nye digitale tenester innanfor psykiatri og somatikk.
Ho fortel dette om seg sjølv:
Eg er oppvaksen på den finaste garden på Voss. Noko idrettstalent vart eg aldri, men eg fann stor glede i musikk, bøker og dans. Etter vidaregåande trong eg å sjå noko meir enn Vangsvatnet og reiste til Cape Town for å jobbe som frivilleg. Under dette opphaldet innsåg eg at eg ynskte å jobba med menneske og helse. Vegen vidare gjekk difor til sjukepleiarutdanninga i Bergen.
Etter eg var ferdigutdanna tok eg turen tilbake til Voss og jobba to år som sjukepleiar på Voss sjukehus. Så vart eg lei av Vangsvatnet igjen og reiste like godt tilbake til byen mellom dei sju fjella og fekk meg jobb på Haukeland sjukehus. Då pandemien kom til Noreg vart avdelinga mi ein del av pandemimottaket og eg vart så (u)heldig å få ta ein del av opplevinga av å stå i frontlinja.
Eg er svært stolt av å vere sjukepleiar, men kjende etter kvart behovet for å kunne ta fram mine kreative sider. Lesegleda frå barndommen har gjort til at eg lenge og har vore glad i å skrive og formidle. Så for å lette litt på pandemikvardagen vart eg nettstudent på Høyskolen i Kristiania og tok fag i journalistikk og kreativ skriving.
Faga gav meirsmak og førte meg til Nynorsk mediesenter. Så her sit eg no og forstår enno ikkje heilt kva eg driv med og kor heldig eg er som har fått sjansen. Håpet er å kunne bruke erfaringa mi med menneske på ein positiv måte og bidra til både god journalistikk og betre folkehelse.
Oppdatert november 2022
Oddgeir Sæle
Oddgeir Sæle
Fødd: 1991
Frå: Dalsfjorden, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Vestland, Førde
No: Frilansar
Oddgeir Sæle var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Han hadde ekstern praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Førde, der han og fekk sommarjobb etterpå. Frå hausten 2021 og ut 2023 jobba han som vikar same stad.
Dette fortel han om seg sjølv:
Eg er oppvaksen på ein gard i Dalsfjorden på Sunnmøre.
Ein lærar sa ein gong til meg at det spelar ikkje noko rolle kva de utdannar dykk til, de kjem til å ende opp med å gjere noko heilt anna uansett.
Eg nikka, utdanna meg til elektrikar og jammen fekk han rett.
Under oppveksten i fjorden kunne eg sitte på barnerommet med ein nedarva kassettspelar og introdusere songane eg tok opp frå radioen.
«Og her kjem Backstreet Boys» las eg inn over introen til fem amerikanske smørsongarar med all den finesse og presisjon ein åtteåring kan ha.
Kassettane fekk handteikna merkelapp med raud logo og pirat-plateselskapet var eit faktum.
Eg selde ikkje ein einaste kassett, men leverte kvalitet i alle ledd.
På jobb som elektrikar hjå ein nedlagd trikotasjefabrikk i Ørsta høyrde eg for første gong promoen for NRK Nynorsk mediesenter på radio.
Om det var minusgradene eg arbeidde i, eller innsalet til unge Ronny Brede Aase frå Førde, veit eg ikkje. Promoen hadde eg i alle fall i bakhovudet i nesten ti år før eg søkte sjølv.
Hjå Nynorsk mediesenter har eg fått knytt erfaringane frå åra som elektrikar og tida som platepratar på barnerommet opp i mot journalistyrket.
Oppdatert april 2024
Synne Sørenes
Synne Sørenes
Fødd: 1994
Frå: Bømlo, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland
No: Reporter i NRK Vestland, Bergen
Synne Sørenes var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Ho hadde ekstern praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Bergen, og der hadde ho også sommarjobb. Frå hausten 2021 var ho vikar, inntil ho sommaren 2023 fekk fast jobb same stad.
Ho fortel dette om seg sjølv:
At eg skulle bli journalist har nok alltid lege i korta. Som ung og spenningssøkjande bømling sat eg på rommet mitt og kikka ut over det vetle byggefeltet, i håp om å vitje ei spanande hending, helst i form av innbrot, bilulukke, eller familiekrangel.
Eg fekk sjeldan sjå meir enn ein katt på rømmen, eller halvbrisne nabogutar på veg heim frå fest, men historiene som kunne blitt vart nedskrivne likevel. Dramatiseringa la eg til dels ifrå meg på jenterommet, men skrivegleda og interessa for å observere tok eg med meg til Bergen, der eg vart utdanna sosialantropolog.
I tillegg til ein mastergrad i antropologi, har eg bakgrunn i spansk- språk og kulturstudium, amerikansk litteraturhistorie og pedagogikk. Eg har budd fleire år i Nord-Amerika, hovudsakleg USA, Costa Rica og Den dominikanske republikk. No er eg så heldig å få vera ein av NRK sine nynorskpraktikantar og stortrivst som gryande journalist i vakre Sogn og Fjordane. Draumen er å få arbeide med det eg likar aller best i lang tid framover; nemleg å halde auge og øyre opne, tileigne meg kunnskap og ikkje minst vidareformidle på eit engasjerande og kreativt vis!
Oppdatert juli 2023
Åshild Slåen
Åshild Slåen
Fødd: 1995
Frå: Otta, Innlandet
Praksisplass: NRK Innlandet
No: Journalist i framtida.no
Åshild Slåen var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Ho hadde ekstern praksis i NRK Innlandet på Lillehammer, der ho også hadde eit vikariat fram til februar 2022. Slåen var deretter vikar på Oslo-kontoret til NRK Oslo og Viken fram til sommaren 2022, då ho byrja i ei prosjektstilling i framtida.no. Frå sommaren 2023 har ho hatt fast jobb som journalist same stad.
Åshild fortel dette om seg sjølv:
Fødd på Lillehammer, oppvaksen på Otta, gjorde eg det same som dei aller fleste klassekameratane mine då eg var ferdig med vidaregåande og flytta inn til storbyen. Interessa mi for lesing og skriving fekk eg grundig bekrefta, då eg tok ein bachelor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, men det som verkeleg fekk vekka journalistspira mi var alt som skjedde utanom studietid. Organisasjonsliv, debattar og frivillig arbeid prega tida mi der, og det rusta meg godt til å sjå kva som rører seg utanfor mi eiga boble.
Då eg byrja på ein mastergrad i retorikk og kommunikasjon, tok eg med meg engasjementet for godt språk og god historieforteljing. Det kom godt med då eg var hospitant for det norske generalkonsulatet i New York haustsemesteret 2019, og eg tek det også med inn i journalistkvardagen. Utanom studium og frivillige verv har eg arbeidd i resepsjonen på museum, som servitør på hotell og som lærarvikar ved behov.
No er eg oppteken av å fange opp dei gode historiene, og å formidle dei på best mogleg måte, enten det er på TV, radio, nett eller sosiale medium.
Oppdatert august 2023
Martha Linnea Pukallus
Martha Linnea Pukallus
Fødd: 1999
Frå: Førde, Vestland
Praksisplass: N17-redaksjonen, NRK Nyhende
No: Frilansfotograf og -journalist
Martha Linnea Pukallus var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Ho hadde ekstern praksis i N17-redaksjonen i NRK Nyhende, der ho og hadde sommarjobb.
Norsk-australsk mediepotet frå Førde. Oppvaksen på internett. Sjølvlærd frilansfotograf som vil vere med å fortelje unge saker visuelt og gjerne utradisjonelt.
Oppdatert november 2022
Kull 33 – 2020
Per-Ivar Kvalsvik
Per-Ivar Kvalsvik
Fødd: 1993
Frå: Kvalsvika, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Vikar NRK Nyhetsmorgen
Per-Ivar var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Han hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, i Ålesund. Seinare var han tilsett i vikariat i NRK Møre og Romsdal fram til hausten 2022. Då byrja han som kommunikasjonsrådgjevar for DDFinance AS i Nairobi.
Slik presenterer Per-Ivar seg sjølv:
Eg kjem i frå Kvalsvika på Sunnmøre.
Har budd nokre år i Molde, og no er eg i Førde.
Førde er ikkje så langt frå Sunnmøre, men det er langt nok til å lengte heim.
Eg er glad i nyheiter, historier og folk.
Tenkjer å jobbe med det framover.
Oppdatert november 2023
Seline Larsen
Seline Larsen
Fødd: 1998
Frå: Måløy, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland, Førde
No: Kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst
Seline Larsen gjekk på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Først var ho vikar i NRK Vestland sin redaksjon i Førde, før ho jobba eit år for Fjordenes Tidende i Måløy. Hausten 2022 var ho tilbake som vikar for NRK Vestland i Førde. I desember same året byrja Larsen som kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst.
Slik presenterer Seline seg sjølv:
Eg er vaksen opp i sjølvaste Måløy by, Noreg sitt svar på New York. Ei syngande Måløybru med stengd bom er ikkje eit framand fenomen, og kanskje noko av det koselegaste eg veit. Ikkje visste eg at eg ein dag skulle få sende direkte frå Måløybrua i både Dagsrevyen og Vestlandsrevyen, men det kjem eg tilbake til.
Valet av studieretning på vidaregåande bar preg av at eg ikkje visste heilt kva eg ville. Det fell nemleg på studiespesialiserande. Dei einaste tankane eg hadde om framtida, var at eg ikkje ville jobbe på eit vanleg kontor med ein bunke med sakspapir framfor meg. Difor enda eg opp med å ta ein bachelor i TV-produksjon ved Universitetet i Bergen. Det var ikkje det at eg hadde eit brennande ønske om å bli regissør eller produsent, men eg trong å gjere noko kreativt og spennande.
Av rein tilfeldigheit skulle eg hausten 2019 ende opp i Førde, i det som då heitte NRK Sogn og Fjordane, i ein praksisperiode på to månadar. Då jobba eg som TV-fotograf og multimedie-journalist, og fekk vere med på å lage både reportasjar og direkterapporteringar til nyhendesendingane. Ulike vikariat i NRK gjennom det siste året mitt på universitetet, gav absolutt meirsmak for nyhendejournalistikk. Då vart NRK Nynorsk mediesenter den perfekte vegen å gå.
Oppdatert november 2022
Eirin Tjoflot
Eirin Tjoflot
Fødd: 1994
Frå: Hovland, Vestland
Praksisplass: NRK.no
No: Journalist i Direktelinja i NRK Nyhende
Eirin Tjoflot var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Ho hadde ekstern praksis i NRK.no på Marienlyst. Sidan var ho vikar og sommarvikar i Direktelinja i NRK Nyhende. Våren 2022 fekk ho fast jobb i denne redaksjonen.
Slik presenterer Eirin seg sjølv:
Journalistkarrieren starta tidleg. Allereie i 6. klasse fekk eg ein jobb innan mediafaget. Eg la lista høgt. Redaksjonssjef var stillingstittelen. Den noko ukjende skuleavisa «Sekseblikk» var avisa. Når sant skal seiast var det eigentleg stillinga som redaktør eg søkte på, men du veit; ein klasse på sju elevar og berre ei redaktørstilling, er eit trongt nålauge. Det var ingen som hadde søkt på stillinga som redaksjonssjef. Truleg fordi ingen visste kva ein redaksjonssjef var. Då læraren reklamerte med at dette var ei stilling der eg kunne sjefa over journalistane, det vil seia klassekameratane mine, var eg overtydd. Redaksjonssjef vart eg. I «Sekseblikk» kunne me blant anna by på eit eksklusivt intervju med kjendisen i bygda. «Med kjærleik i blikket» var overskrifta, og handla sjølvsagt om den «eplekjekke» bonden som var med på «Jakten på kjærligheten». Elles stilte me i spalta «Redaktør og redaksjonssjefen har ordet» kritiske spørsmål til pengebruken i kommunen: «Berre ein ting me undrar over. Kvifor har me på Sekse skule så lite pengar? Me har jo ikkje pengar til ein blyant ein gong. Kan ikkje me få meir pengar av kommunen då? Då trur me jammen at skulen hadde vore endå litt betre”.
Ein pangstart på journalistkarrieren der altså. Eg skulle likevel ha eit lite opphald frå livet som journalist. Grunnskulen måtte gjennomførast. Det same gjeld den vidaregåande opplæringa. Etter tre år på studiespesialiserande, tok eg eit friår for å reisa jorda rundt. Starten på studielivet var som jusstudent. Det fall ikkje heilt i smak, og eg byrja på grunnskulelærarutdanninga med den noko uvanlege kombinasjonen av matematikk og norsk som hovudfag. Våren 2020 leverte eg masteroppgåva mi i undervisingsvitskap med norsk som fordjuping. I heile studietida har eg i sommarferiar, samt andre feriar, jobba som journalist i lokalavisa Hardanger Folkeblad. Det gav meirsmak! Eg søkte NRK Nynorsk mediesenter våren 2016 og kom til intervjudelen, men det stoppa der den gongen. Det var med andre ord ei veldig nøgd jente som fekk tilbodet om praktikantstillinga fire år etter.
Eg er over gjennomsnittet nysgjerrig og glad i folk. Eg er genuint oppteken av språk, og likar å både lesa, skriva og prata. I tillegg har eg alltid vore veldig iderik og hatt ei trong til å setja ideane mine ut i livet. Å då få moglegheita til å jobba som journalist, og attpåtil få jobba som nynorskbrukande journalist, er berre heilt prima!
Oppdatert november 2022
Lidvard Sandven
Lidvard Sandven
Fødd: 1996
Frå: Norheimsund, Vestlans
Praksisplass: NRK Vestland, Bergen
No: Vikar i innanriksredaksjonen til TV 2
Lidvard Sandven var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Frå nyttår og ut februar hadde han ekstern praksis i NRK Vestland, i Bergen. I eitt år frå hausten 2021 var han vikar ved lokalkontoret i Hardanger, før han fekk eit vikariat i NRK Vestland sin redaksjon i Bergen. Frå hausten 2023 studerte han ved Senter for undersøkande journalistikk, før han fekk eit vikariat i TV 2 våren 2024.
Slik presenterer Lidvard seg sjølv:
Eg kjem frå Norheimsund, sjølve diamanten i smykket ein kallar Hardanger. Ein kan seie mykje om Norheimsund, og det gjer eg, men det er ein særdeles god plass å veksa opp viss ein likar nynorsk. Det har aldri vore aktuelt for meg å skriva noko anna enn nynorsk, med mindre eg er i utlandet, naturlegvis. Både nynorsk som skriftspråk og dialekta mi har vore ein viktig identitetsmarkør for meg heile livet.
Eg har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, men forstod tidleg at eg var meir oppteken av historier og menneske enn å tyde statistikk og tal. Det gjorde at eg hadde ei aktiv og sosial studietid, både som møteleiar og moderator på Studentersamfunnet i Bergen sine arrangement, og som medprogramleiar i Studentradioen. Heime har eg òg jobba i lokalavisa Hordaland Folkeblad.
Eg har vore oppteken av formidling i lang tid, og har vore nysgjerrig på saker og historier så lenge eg kan hugsa. Gode historier og saker som engasjerer finn ein i alt frå fredsavtalar i Jemen til folk som samlar på gryteklutar i Ulsteinvik.
Oppdatert april 2024
Linn Haug Eide
Linn Haug Eide
Fødd: 1994
Frå: Osmundvåg, Vestland
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Doktorgradsstipendiat
Linn Hauge Eide var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Ho hadde ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende. I mars 2021 takka ja til eit doktorgradsstipendiat (innan næring) om berekraftige ingrediensar i laksefôr, ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet på Ås.
Slik presenterer Linn seg sjølv:
Eg vaks opp i kystbygda Osmundsvåg i ytre Nordfjord. Der var det mykje vêr og få leikekameratar, men naturen var ein enorm leikeplass. Med interessa for natur og friluftsliv tok eg bachelorgrad i biologi ved Universitetet i Bergen. Deretter tok eg mastergrad i biomedisin om immunologi, influensavirus og vaksiner.
Før eg byrja som nynorskpraktikant jobba eg med forsking på virus og vaksiner ved Influensasenteret på Haukeland Universitetssjukehus. Like før koronapandemien braut ut, fekk eg jobb på Folkehelseinstituttet i Oslo. Der jobba eg med forsking på barnevaksinasjonsprogrammet, og etter kvart koronavirus.
Medan eg jobba som molekylærbiolog, tenkte eg at nyheitene om mitt fagfelt iblant var upresise med for mange feil. Då eg oppdaga Nynorsk mediesenter fekk eg ein spennande sjanse til å kombinere fagkunnskap og journalistikk. I tillegg tykkjer eg foto, film og sosiale medium er veldig kjekt. Derfor hadde eg lyst til å prøve ein ny karriereveg som multimediejournalist.
Det som engasjerer meg mest er vitskap, helse, teknologi, natur, mat og friluftsliv. På fritida er eg glad i klatring, segling, ski og fjellturar.
Oppdatert november 2022
Kull 32 – 2020
Trine Svanholm Misje
Trine Svanholm Misje
Fødd: 1993
Frå: Byrknesøy, Vestland
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Journalist i TV 2
Trine Svanholm Misje var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst, og arbeidde der til ho byrja i eit vikariat i nyhenderedaksjonen i TV 2 i mai 2021. Sidan november 2021 har ho hatt fast jobb i TV2.
Slik presenterte Trine seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Allereie i 6. klasse var eg inne på tanken om å bli journalist, og eg laga min første (og førebels einaste) dokumentarfilm under «elevens val» same år. Her intervjua eg bestemor om heimbygda hennar. Eg lærte og mi første lekse om journalistikk, nemleg at ein ikkje kjem særleg langt med å berre stille ja/nei-spørsmål. Eg tok ein pause frå journalistikken til eg var vel fjorten. Då var det tid for elevbedrift, og eg og to medelevar starta opp avisa «Byrknesnytt». Ambisiøse som me var planla me fem utgåver. Me fekk gitt ut to. Her lærte eg ei lekse nummer to, om tidsklemma.
Etter kvart flytta eg frå heimbygda mi på Byrknesøy i Gulen til storbyen Bergen for å studere. Politikk og menneskerettar var favorittfaget på vidaregåande, og statsvitskap var dermed eit naturleg val vidare. Eg tok ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. I tillegg har eg teke fag innanfor samfunnsøkonomi, europastudier og utviklingsstudier.
Eg treivst svært godt som student, særleg når eg fekk gå nærare inn på spennande problemstillingar knytt til tema innanfor politikk og samfunn. Eg bestemte meg difor for at mine journalistiske forsøk på barne- og ungdomsskulen ikkje skulle bli mine siste. Eg søkte meg til NRK Nynorsk Mediesenter for å finne ut kva leksjon nummer tre ville bli.
Oppdatert november 2022
Guro Brattespe Lahus
Guro Brattespe Lahus
Fødd: 1993
Frå: Bø, Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Telemark
No: Reporter i NRK Vest si riksavdeling i Bergen
Guro Brattespe Lahus var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis og sommarjobb i NRK i Telemark og heldt fram som vikar i Porsgrunn. Seinare tok ho ein master i Bergen, samstundes som ho hadde ulike vikariat i Opptur på NRK P1. Våren 2024 fekk ho fast jobb i NRK Vest si riksavdeling i Bergen.
Slik presenterer Guro seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Eg har tilknyting til to fagre stader; Hardanger og Telemark. Kvar enn ein snur seg i Hardanger er blikkfanget eit maleri frå nasjonalromantikken. Fjorden, fjella og Folgefonna. Reint makelaus, nesten ubeskriveleg, berre spør dronninga.
Sjølv om Hardanger er ein kjær stad for meg, var det felebygda Bø eg vaks opp i. Det er ein kulturrik stad og har utvilsamt sjarmen som små lokalsamfunn har; alle kjenner alle. Diverre skrantar det meir og meir på dialekta. No som eg har nokre år på baken, kjenner eg på ei frustrasjon kring dette. Ei kjensle av at eit særs viktig identitetsmerke svinn hen.
Etter vidaregåande vende eg nasen vestover. Over eit fjell, gjennom eit par tunnelar og over ei bru så enda eg til slutt på Karmøy Folkehøgskule. For eit år! Ferda vidare vart fire år på lærarskulen i den joviale trønderhovudstaden, før vestlandsgenet drog meg til Bergen der eg tok ein bachelor i medievitskap. Det gav mykje lærdom kring det teoretiske aspektet og den kritiske tenkinga, men diverre lite høve til å nytte det i praksis.
Frå tidleg alder har eg hatt stor interesse for formidling. Kanskje i for stor grad vil enkelte seie. Eg har fått beskjed om å ta meg fem minuttar. Ved fleire høve. Likevel vil eg seie at engasjement kring det å fortelje og formidle er viktig. Ikkje minst det å vere nyfiken på kva som skjer og har skjedd, om det så vere om mannen i gata eller internasjonalt.
Oppdatert juni 2024
Sjur Mikal Dolve
Sjur Mikal Dolve
Fødd: 1999
Frå: Tørvikbygd, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland
No: Student i Haugesund
Sjur Mikal Dolve var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni. Han hadde praksis i NRK Vestland, i Bergen, og hadde sommarjobb der etterpå. Byrja hausten 2020 på medieutdanning ved Universitetet i Bergen og som tilkallingsvikar i NRK Vestland. Frå hausten 2023 studerer Dolve nautikk i Haugesund.
Dolve presenterer seg sjølv slik då han byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Etter å ha tusja ned interiøret i far min sin varebil ein fin sumarsdag tidleg i barndomen, fann eg ut at det var journalist og ikkje illustratør eg ynskte å bli. Omtrent då eg byrja på ungdomsskulen oppdaga eg verkeleg dei fantastiske media radio og podkast. På skulebussen hadde eg alltid med meg ein DAB-radio i lomma, og heime stelte eg dyr, selde jordbær og sette poteter med podkastar i øyra.
I tiandeklasse skulle me utplasserast ei veke i arbeidslivet, og eg la i veg til Oslo og vitja P3. Då eg var 16 baud eg meg fram som journalistspire for lokalavisa, og fekk jobba hjå dei i helger og feriar. I arbeidslivet har eg også prøvd meg bak kassa på bensinstasjon og som servitør, før eg i fjor vart innhenta av vernepliktslova (og sjølvsagt også mitt eige ynskje om å gjera noko anna), og hadde fyrstegongsteneste i Bardufoss.
Eg har alltid vore nyfiken og undra på kva som rører seg i verda rundt meg. Mi interesse for læring kjem nok godt med som praktikant – her lærer me mykje på kort tid.
Oppdatert november 2022
Emily Louisa Millan Eide
Emily Louisa Millan Eide
Fødd: 1993
Frå: Ulsteinvik, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Kultur
No: Frilansar og dokumentarist
Emily Louisa Millan Eide var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis i redaksjonen for kultur og underhaldning i NRK Nyhende, og var der som vikar til sommaren 2022.
Slik presenterer Emily seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Så lenge eg kan hugse, har eg hatt ein fascinasjon for mennesket og eit ønskje om å gje ei stemme til dei som er dårlegare stilt i samfunnet.
Namnet mitt er Emily Louisa Millan Eide. Eg er 26 år frå Ulsteinvik. Eg har ein bachelor i dokumentarfilmregi frå Lillehammer. Snart kan eg i tillegg smykke meg med tittelen: multimedial journalist.
Eg har lenge vore oppteken av å møte folk i alle livssituasjonar, med forskjellige historier og bakgrunnar. Vore oppteken av å formidle deira bodskap gjennom foto, teikning, journalistikk og dokumentar. Eg ønskjer å opplyse folk og fortelje om urett. Eg ønskjer å rette fokuset mot ting som må fram i lyset. Men eg ønskjer og å fortelje kvardagshistorier med eit glimt i auge.
Då eg var tenåring, gjekk eg formgjeving i «byen», Ålesund. Då var eg omringa av folk som snakka «fint» og skreiv bokmål, men eg heldt på dialekta og skriftspråket mitt. For dei er ein viktig del av identiteten min. Det at eg som journalist kan skrive på nynorsk, som er nærare min talemåte enn bokmål, og tale mi dialekt når eg lagar filmar og reportasjar, ser eg på som eit privilegium.
Målet mitt er å fortelje audiovisuelt sterke, samfunnskritiske, gode historier, gjennom forskjellige formar for medium, på nynorsk.
Oppdatert november 2022
Astrid-Amalie Heldal (Hetland)
Astrid-Amalie Heldal (Hetland)
Fødd: 1999
Frå: Sviland, Rogaland
Praksisplass: NRK Supernytt
No: Student ved UiO
Astrid-Amalie Hetland var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis i NRK Supernytt i mai og juni. Frå hausten 2020 har ho vore student ved Universitetet i Oslo.
Slik presenterer Astrid-Amalie seg sjølv:
Eg heiter Astrid-Amalie Hetland, og ifølge Store norske leksikon kjem eg frå «et boligområde nord for krysset mellom Fv. 315 og Fv. 335» i Sandnes kommune.
Eg gjekk på Sviland Skule frå 1. til 7. klasse. Der skreiv me nynorsk, noko eg tenkte var heilt naturleg. Difor kunne eg ikkje forstå kvifor klassekameratane mine heller ville skriva bokmål. Noko dei forresten byrja med då me byrja på ungdomsskulen. Det var 15 klassar på ungdomsskulen, og me kunne tella på to hender kor mange elevar som valde å halda fram med å skriva nynorsk. For meg var det sjølvsagt, sjølv om det var lite entusiasme og velvilje mellom lærarane til å legga til rette for nynorskbrukarane.
På vidaregåande gjekk eg landbruksfag på KVS Lyngdal. Etter tre år kunne eg kalla meg agronom. Etter det reiste eg heim igjen til Sviland. Heime i Sandnes fekk eg jobb som varehusmedarbeidar i Rusta Retail AS samtidig som eg gjekk påbygg til generell studiekompetanse, og eg var avløysar på fleire gardar. Kvardagen min har med andre ord vore prega av eit høgt tempo.
Eg har vore aktiv i speidaren store delar av livet. Der har eg fått bryna meg på oppgåver av alle slag. Dei oppgåvene eg stadig har dotte tilbake på har hatt med skriving og fotografering å gjera. Eg har fleire gonger vore med i pressestaben på alt ifrå NM i speiding til landsleir. Der vart eg kasta ut i det og etter det har eg vore svolten på å læra meir om mediabransjen. Første steg var å vera ein del av redaksjonskomiteen i Speiderbladet. Andre steg er å vera praktikant i NRK Nynorsk mediesenter. Eg gler meg til eit intensivt og lærerikt halvår her i Førde og er spend på kva tredje steg er.
Oppdatert november 2022
Kull 31 – 2019
Elias Håvarstein
Elias Håvarstein
Fødd: 1996
Frå: Randaberg, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Journalist i Stavanger for TV 2
Elias Håvarstein var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, 2019/2020. Han hadde ekstern praksis i NRK Rogaland og var etterpå vikar i NRK Vestland og NRK Rogaland. Frå januar 2021 arbeidde Håvarstein i Stavanger Aftenblad sin Byas-redaksjon, og hausten same året fekk han fast jobb som journalist med TV/video-kompetanse i Aftenbladet. Hausten 2022 byrja han i ei fast stilling som reporter for TV 2 i Stavanger.
Håvarstein presenterte seg sjølv slik då han byrja som nynorskpraktikant hausten 2019:
Eg fekk mine fyrste tenner i Tromsø, der foreldra mine var lærarar på nittitalet. Men, innan tusenårsskiftet hadde dei flytta heim til Rogaland – og eg med. Der vaks eg opp i ei bygd kalla Randaberg. Den herlege heimbygda mi har heile 10.000 innbyggjarar, og det tek berre nokre minutt å køyre til Stavanger. Her i Sogn og Fjordane blir eg derfor fortalt at eg slett ikkje er nokon ordentleg bygdegut. Trass mi nyfunne identitetskrise er det ikkje så gale lenger nord på Vestlandet.
I løpet av skulegangen min var eg ein del av nynorskminoriteten i Rogaland. Dette har gjort meg til ein forkjempar for målforma, då mange sørvestlendingar har gløymt at det er greitt å skrive likt som me snakkar. Min draum er at nynorsken skal verte ein meir naturleg del av kvardagen, og der har media stor innverknad (og ein lang veg å gå!).
Med veldig gjennomsnittlege karakterar fullførte eg vidaregåande, og deretter reiste eg til Berlin for å sjå verda. Det fekk eg sett litt av, men etter eit snaut år drog eg heim til trygge Noreg og budde to år i hovudstaden. Der studerte eg religionsvitskap på Blindern. Men to år i Oslo var nok, og turen gjekk vestover til Bergen. Der fortsatte eg med same studiet, men prøvde meg òg på ein haug andre fag, på leit etter svaret på «kva skal du bli då?».
Svaret på det spørsmålet fann eg ikkje i Bergen, men femten mil lenger nord – nemleg her i Førde.
Opp gjennom åra har eg interessert meg for litt av kvart. Mellom anna politikk, teknikk, musikk, og no endå ein -ikk, med journalistikk. Eg har alltid vore oppteke av kva som skjer her og der, og det å no kunne skrive om det er ein fantastisk moglegheit. Kunsten å engasjere andre i smått og stort har alltid vore min misjon, og å vere journalist er ein super sjanse til å gjere nettopp det.
Oppdatert november 2022
Oda Elise Svelstad
Oda Elise Svelstad
Fødd: 1993
Frå: Sel, Innlandet
Praksisplass: NRK Kultur
No: Nettjournalist i NRK Underhaldning
Oda Elise Svelstad var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29. februar 2020. Ho hadde ekstern praksis i kultur og underhaldning i NRK Nyhende og fekk vikariat der etterpå. Ho har vore vikar i VG, og hausten 2021 hadde ho eit vikariat som nettjournalist i NRK Underhaldning. Våren 2022 fekk ho fast jobb i denne redaksjonen.
Ho presenterer seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2019:
Eg vaks opp på naturskjønne Sel i Gudbrandsdalen, og trass i at eg var omgjeven av flotte fjell i Rondane var det fotballbana i tjukkaste bustadfeltet som bergtok meg mest. Etter fleire år der idrett var ein stor del av kvardagen bestemte eg meg for å leggje fotballskoa på hylla og reise til Paris for å bli kjent med det franske språket, og eit heilt anna kulturliv enn det eg var vand med. Det inspirerte meg vidare til å studere Europastudier, før eg gjekk over til Lektorprogrammet med faga nordisk-engelsk, på Blindern.
Heilt sidan eg var lita har eg høyrd på radio, og vore nysgjerrig på korleis ein lagar fengande reportasjar og intervju med berre lyd. Som lidenskapeleg oppteken av språk, kultur og formidling valde eg derfor å søke meg inn på programmet Skumma Kultur på Radio Nova. Der vart eg kjent med dyktige og kreative folk som gjorde meg enda meir interessert i å jobbe med radiojournalistikk. Då eg høyrde om det å vere nynorskpraktikant på Nynorsk mediesenter var det ingen tvil om kor vegen skulle gå vidare!
Oppdatert november 2022
Lars Volldal
Lars Volldal
Fødd: 1987
Frå: Leikanger
Praksisplass: NRK Vestland, Førde
Lars Volldal var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29.februar 2020. Han hadde praksis i NRK Vestland, i Førde.
Volldal presenterer seg slik:
Sjølv om eg har strileblod i årene, er eg ein ekte sogning. Eg vaks opp på Leikanger, gjekk på Sogndal VGS, og budde i trivselsfylket til eg var 19 år. Då tok eventyrlysta over, og eg flytta til nabofylket for å studere historie.
Etterkvart tok eg også fag i samanliknande politikk og religionsvitskap. I løpet av studietida var eg aktiv i blant anna Studentersamfunnet i Bergen. Ved sidan av studia arbeidde eg på Apollon Platebar og som medierådgjevar for Miljøpartiet dei Grøne.
I 2013 var eg med å grunnlegge Tidsskriftet Røyst. Sidan har eg vore styremedlem og redaktør. Frå 2015 – 2017 var eg fylkesleiar i Sogn og Fjordane og landsstyremedlem for MDG.
Det var først etter eit par år i Røyst og MDG kjærleiken og lengselen for bygda kom attende. Då eg oppdaga den unike moglegheita ved Nynorsk Mediesenter var valet enkelt. Å lære seg både radio og TV, og få praksis som nyheitsjournalist på berre 6 månadar var akkurat det eg trengte for å kunne omskulere meg til journalist. Derfor bytte eg ut hipsterar med bønder og bygdeoriginalar, vestlandets vakraste by med vestlandets styggaste og byrja som praktikant ved NRK Sogn og Fjordane. Det har eg ikkje angra på. Eg har aldri lært så mykje på så kort tid!
Oppdatert november 2022
Vilde Gjerde Lied
Vilde Gjerde Lied
Fødd: 1995
Frå: Liabygda, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Vikar i Bergens Tidende og student
Vilde Gjerde Lied var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29. februar 2020. Ho hadde ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende og var vikar der til september 2020. Sidan har ho jobba som vikar i NRK Troms og Finnmark i Tromsø og i Klassekampen. Ho har også arbeidd med radiodokumentar, og tek i 2022 ein master i undersøkjande journalistikk i tillegg til å arbeide i Bergens Tidende.
Vilde presenterte seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2019:
Eg vaks opp i Liabygda, ei lita fjellbygd på indre Sunnmøre. Fram til eg byrja på ungdomsskulen var dette alt eg kjende. Tett på naturen, fjella og fjorden, med mykje rom og luft til å utforske han.
Eg har studert samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo, med eit semester på Universitet i São Paulo. Her har eg fordjupa meg i politisk og økonomisk geografi. Dette har gitt meg innsikt i korleis verda heng saman, både lokalt, nasjonalt og globalt.
I 2015 var eg solidaritetsbrigadist i Brasil gjennom Latin-Amerikagruppene i Norge. Åra i etterkant sat eg i sentralstyret til Natur og Ungdom. Bakgrunnen min frå den lille store fjellbygda på Sunnmøre til storbyane i Latin-Amerika har gjort meg ekstra oppteken av miljø, klima og menneskerettar. Bygdeperspektivet og Latin-Amerika har alltid vore med som ein raud tråd i dette engasjementet.
Eg har eit ønske om å formidle historier som seier noko om samfunnet vi lever i – på nynorsk. Nynorsken representerer for meg det radikale og kritiske, og er derfor det ideelle språket å drive journalistikk på.
Oppdatert desember 2022
Hans Ivar Moss Kolseth
Hans Ivar Moss Kolseth
Fødd: 1995
Frå: Nordfjordeid, Vestland
Praksisplass: NRK.no
No: Tilkallingsvikar i NRK.no
Hans Ivar Moss Kolseth var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29. februar 2020.
Frå nyttår av hadde han ekstern praksis i NRK.no, og han held fram der som vikar. Kolseth byrja hausten 2020 som fast tilsett journalist i NRK Trøndelag, før han våren 2022 takka ja til eit vikariat i NRK Direkte på Marienlyst. Hausten 2022 byrja han som student på forfattarstudiet i Bø. Eitt år seinare kom han tilbake til NRK som tilkallingsvikar i NRK.no.
Han skildrar seg sjølv slik då han byrja som nynorskpraktikant hauste 2019:
Sidan eg lærte meg å lese har målet mitt vore å leve av å fortelje historier. Anten som forfattar, journalist eller filmskapar. For nokre år sidan høyrde eg podkasten «Hardcore history» av Dan Carlin, og la yrkestittelen podkastar til i lista over draumeyrke.
I vår fullførte eg ein bachelorgrad innan avisjournalistikk ved Høgskulen i Volda. Gjennom fleire år med veksling mellom studium og sommarjobbar forstod eg at praktisk læring er best for meg.
Samtidig såg eg at journalistar i framtida treng fleire bein å stå på fagleg sett. Vi bør kunne formidle historiene våre gjennom fleire medium.
Jobben som nynorskpraktikant er ein perfekt kombinasjon av praktisk læring og fagleg påfyll.
Her skal eg lære meg radio, fjernsyn og sosiale medium. Samtidig er det ein ypparleg moglegheit til å bli betre og tryggare på nynorsk som mediespråk.
Det syner til at opplæringa verkar. Ein og ein halv månad inn i kurset har alle praktikantane laga innhald til NRK.no, Dagsnytt og Vestlandsrevyen.
Journalistikk vert i mine auge eit stadig meir kreativt yrke. Vi konkurrerer med strøymetenestar, podkastar og bloggar. Sjåarar, lyttarar og lesarar krev stadig meir av innhaldet. Journalistar må finne nye historier og måtar å fortelje på om vi skal nå ut til publikum.
Likevel er det ofte dei enkle historiene som engasjerer oss mest. Som dokumentaren «Bjarne vil ikkje på film», om venskapen mellom ein eldre ungkar i Olden og ei innflytta bydame frå Polen. Eg trur vi likar å kjenne oss att i nokon som er annleis enn oss sjølv.
Den beste journalistikken er i mine auge den som fortel oss om noko nytt, samtidig som vi fell ei tåre eller humrar for oss sjølv. Og desse historiene finn ein overalt.
Frå videoen av Hødd som feirar etter cupfinalen 2012, til lyden av knusktørr mark mens bonden går gjennom den brunsvidde marka si under tørken i fjor sommar. Det er slike augneblink eg vil formidle. NRK Nynorsk mediesenter gjev meg moglegheita til å bli best mogleg på å gjere det gjennom radio, tv, nett og sosiale medium.
Oppdatert november 2022
Kull 30 – 2019
Tonje Noreng Trøen
Tonje Noreng Trøen
Fødd: 1992
Frå: Vestre Slidre, Innlandet
Praksisplass: NRK Supernytt
No: Lærar ved Førde norsksenter
Oppdatert november 2022
Ola Weel Skram
Ola Weel Skram
Fødd: 1991
Frå: Sogndal, Vestland
Praksisplass: NRK Vestland
No: Kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft
Oppdatert november 2022
Ragnhild Voreland
Ragnhild Voreland
Fødd: 1995
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: NRK Finnmark
No: Student ved Universitetet i Bergen
Oppdatert september 2024
Magnus Helle
Magnus Helle
Fødd: 1995
Frå: Vinje i Telemark
Praksisplass: NRK Sport
No: Jobbsøkar
Oppdatert august 2024
Idunn Lavik
Idunn Lavik
Fødd: 1995
Frå: Voss, Vestland
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Journalist i NTB
Oppdatert november 2022
Kull 29 – 2018
Ingvild Eide Leirfall
Ingvild Eide Leirfall
Fødd: 1993
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Journalist i Framtida.no
Oppdatert november 2022
Elise Kvien
Elise Kvien
Fødd: 1996
Frå: Vartdal, Møre og Romsdal
Praksisplass: P3 nyhende, Tyholt
No: Vikar i NRK Nyheitsmorgon, Marienlyst
Oppdatert november 2022
Ida Yasin Andersen
Ida Yasin Andersen
Fødd: 1992
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Journalist i kultur- og underhaldning, NRK Nyhende
Oppdatert november 2023
Solveig Nyhus Aksnes
Solveig Nyhus Aksnes
Fødd: 1995
Frå: Haramsøy, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Journalist i NRK Møre og Romsdal
Oppdatert november 2022
Birgitte Vågnes Bakken
Birgitte Vågnes Bakken
Fødd: 1993
Praksisplass: NRK Innanriks
Frå: Langevåg, Møre og Romsdal
No: Journalist i framtida.no
Oppdatert november 2022
Kull 28 – 2018
Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal
Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal
Fødd: 1990
Frå: Utvik, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Kommunikasjonsrådgjevar ved Havforskingsinstituttet
Oppdatert april 2023
Turid Astrid Reksten
Turid Astrid Reksten
Fødd: 1983
Frå: Florø, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Feltprest i Forsvaret
Oppdatert november 2022
Fredrik Johan Helland
Fredrik Johan Helland
Fødd: 1990
Frå: Florø, Vesland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Journalist i NRK Vestland, Førde
Oppdatert november 2022
Anders Martin Helle
Anders Martin Helle
Fødd: 1994
Frå: Sogndal, Vestland
Praksisplass: NRK Buskerud
No: Frilans videojournalist
Oppdatert november 2022
Sigrid Sivertsen Haugan
Sigrid Sivertsen Haugan
Fødd: 1994
Praksisplass: P3 desken
Frå: Levanger
No: Rådgjevar med ansvar for kommunikasjon i Bufdir
Oppdatert november 2022
Kull 27 – 2017
Linda Watten
Linda Watten
Fødd: 1994
Frå: Luster, Vestland
Praksisplass: Supernytt NRK Super
No: Lærar i Stryn kommune
Oppdatert november 2022
Borghild Andersdotter Vevle
Borghild Andersdotter Vevle
Fødd: 1993
Frå: Osterøy, Vestland
Praksisplass: Superfront NRK Super
No: Logopedstudent
Oppdatert november 2022
Ådne Sandvik Dyrnesli
Ådne Sandvik Dyrnesli
Fødd: 1994
Frå: Kinsarvik, Vestland
Praksisplass: Digital historiefortelling NRK
No: Frilansfotograf
Oppdatert november 2022
Arianrhod Engebø
Arianrhod Engebø
Fødd: 1994
Frå: Førde, Vestland
Praksisplass: P3-desken
No: Programleiar i NRK P3
Oppdatert november 2022
Synne Ulltang
Synne Ulltang
Fødd: 1989
Frå: Os, Vestland
Praksisplass: «Ekko» i NRK P2
No: Journalist i Framtida Junior
Oppdatert november 2022
Kull 26 – 2017
Aleksander Båtnes
Aleksander Båtnes
Fødd: 1992
Frå: Sula, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Inf.medarbeidar i Trøndelag Røde Kors
Oppdatert november 2022
Wibeke Bruland
Wibeke Bruland
Fødd: 1984
Frå: Utvik, Vestland
Praksisplass: NRK Finnmark
No: Frilansar
Oppdatert november 2022
Espen Breivik
Espen Breivik
Fødd: 1992
Frå: Volda, Møre og Romsdal
Praksisplass: Økopol-redaksjonen, NRK Marienlyst
No: VG-journalist i USA
Oppdatert november 2022
Sigrid Sørumgård Botheim
Sigrid Sørumgård Botheim
Fødd: 1985
Frå: Lesja, Innlandet
Praksisplass: Kulturnytt NRK P2
No: Rådgjevar i Språkrådet
Oppdatert november 2022
Snorre Sandemose
Snorre Sandemose
Fødd: 1983
Frå: Gulen, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Student, lærar og reiseleiar
Oppdatert november 2022
Kull 25 – 2016
Marte Iren Noreng Trøen
Marte Iren Noreng Trøen
Fødd: 1990
Frå: Slidre i Valdres, Innlandet
Praksisplass: NRK Hedmark og Oppland
No: Nettvaktsjef i NRK Innlandet
Oppdatert november 2022
Anders Tesdal Galtung
Anders Tesdal Galtung
Fødd: 1994
Frå: Etne, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Rådgjevar Forbrukartilsynet
Oppdatert november 2022
Krista Lien Indrehus
Krista Lien Indrehus
Fødd: 1989
Frå: Bømlo, Vestland
Praksisplass: «Norgesglasset» NRK P1
No: Lærar Høgskulen på Vestlandet, Stord
Oppdatert november 2022
Josef Benoni Ness Tveit
Josef Benoni Ness Tveit
Fødd: 1997
Frå: Askvoll, Vestland
Praksisplass: NRK Nordland
No: Reporter i NRK Møre og Romsdal
Oppdatert desember 2022
Kathrine Nygård
Kathrine Nygård
Fødd: 1993
Frå: India og Longva, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Super
No: Programleiar og produsent i Vrang Produksjon
Oppdatert november 2022
Kull 24 – 2016
Solveig Svarstad
Solveig Svarstad
Fødd: 1989
Frå: Bremanger, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Journalist i NRK Vestland, Førde
Oppdatert november 2022
Martha Våge
Martha Våge
Fødd: 1989
Frå: Sandsøy, Møre og Romsdal
Praksisplass: P3 Morgen
No: Programleiar i «Ekko» NRK P2
Oppdatert november 2022
Martin Torstveit
Martin Torstveit
Fødd: 1992
Frå: Bø i Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Telemark
No: Journalist/fotograf i NRK Telemark
Oppdatert november 2022
Aleksander Åsnes
Aleksander Åsnes
Fødd: 1990
Frå: Førde, Vestland
Praksisplass: Økopol-redaksjonen, NRK Marienlyst
No: Journalist i Klassekampen
Oppdatert november 2022
May-Helen Rolfsnes
May-Helen Rolfsnes
Fødd: 1993
Frå: Bømlo, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Vikar ved Stord vidaregåande skule
Kull 23 – 2015
Line Omland Eilevstjønn
Line Omland Eilevstjønn
Fødd: 1993
Frå: Åmot, Vinje, Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Telemark
No: Innhaldsprodusent i Det Norske Samlaget
Kjersti Anderdal Bakken
Kjersti Anderdal Bakken
Fødd: 1990
Frå: Gol, Viken
Praksisplass: «Norgesglasset» NRK P1
No: Programleiar i livssynsprogrammet «Kompass» på P2
Even Lusæter
Even Lusæter
Fødd: 1979
Frå: Heidal i Sel, Innlandet
Praksisplass: NRK Hedmark og Oppland
No: Journalist i NRK Innlandet
Elise Sundfør Erdal
Elise Sundfør Erdal
Fødd: 1986
Frå: Tysvær kommune, Rogaland
Praksisplass: «Kulturhuset» NRK P2
No: Lærar i vaksenopplæringa i Oslo
Thomas Brakstad
Thomas Brakstad
Fødd: 1989
Frå: Meland, Vestland
Praksisplass: NRK Sport
No: Ansvarleg for media og kommunikasjon i Brann
Kull 22 – 2015
Olav Åsen Haugsgjerd
Olav Åsen Haugsgjerd
Fødd: 1988
Frå: Grendi, Agder
Praksisplass: NRK Sørlandet
No: Student og frilansar i Setesdølen
Signe Fuglesteg Luksengard
Signe Fuglesteg Luksengard
Fødd: 1990
Frå: Leveld, Viken
Praksisplass: NRK Supernytt
No: Fotograf i foto- og stylingbyrået Pudder Agency
Gunnhild Årdal
Gunnhild Årdal
Fødd: 1987
Frå: Jølster/Florø, Vestland
Praksisplass: NRK Utanriks
No: Ungdomsskulelærar i Sandnes.
Steinar Daltveit
Steinar Daltveit
Fødd: 1989
Frå: Valestrand, Osterøy, Vestland
Praksisplass: NRK P3
No: Rådgjevar/tekstforfattar i PR-operatørene
Bård Holmen Solvik
Bård Holmen Solvik
Fødd: 1985
Frå: Førde, Vestland
Praksisplass: NRK Innanriks
No: Nettredaktør i Valdirektoratet
Kull 21 – 2014
Tor-Erik Humlen
Tor-Erik Humlen
Fødd: 1988
Frå: Langevåg, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK P3
No: Podkastsjef i Plan-B
Hibba Sarmadawy
Hibba Sarmadawy
Fødd: 1987
Frå: Libanon og Øystese, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Masterstudent UiO
Elias Engevik
Elias Engevik
Fødd: 1995
Frå: Solund, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Fotojournalist i TV 2
Oppdatert november 2022
Sigrid Agnethe Hansen
Sigrid Agnethe Hansen
Fødd: 1989
Frå: Harstad, Troms
Praksisplass: NRK Troms, Tromsø
No: Journalist i iTromsø
Ine Eftestøl
Ine Eftestøl
Fødd: 1984
Frå: Bryne i Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Journalist ved Alta-kontoret til NRK Troms og Finnmark
Kull 20 – 2014
Liv Ragnhild Sjursen
Liv Ragnhild Sjursen
Fødd: 1984
Frå: Fusa i Vestland
Praksisplass: «Her og nå» NRK P1, Tyholt
No: Språkkonsulent i NTB-Arkitekst
Oddbjørn Myklebust Opsal
Oddbjørn Myklebust Opsal
Fødd: 1988
Frå: Ålesund, Møre og Romsdal
Praksisplass: «Salongen» NRK P2
No: Styrar for Fjørtoft Handelslag
Guro Kvalnes
Guro Kvalnes
Fødd: 1991
Frå: Ullensvang, Vestland
Praksisplass: NRK Kulturnytt
No: Rådgjevar ved Kraftmuseet i Tyssedal
Halvor Farsund Storvik
Halvor Farsund Storvik
Fødd: 1981
Frå: Førde/Sogndal, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Frontsjef i Sogn Avis
Silje Steinnes Bjerknes
Silje Steinnes Bjerknes
Fødd: 1988
Frå: Volda, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Journalist i NRK Møre og Romsdal
Kull 19 – 2013
Tale Hauso
Tale Hauso
Fødd: 1991
Frå: Odda, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Journalist i NRK Vestland, Odda
Britt Kristin Ese
Britt Kristin Ese
Fødd: 1985
Frå: Jostedalen, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Konsulent i kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen
Eirik Hildal
Eirik Hildal
Fødd: 1985
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Seniorrådgjevar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Lars Ivar Nordal
Lars Ivar Nordal
Fødd: 1986
Frå: Volda, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Kulturnytt
No: Seniorrådgjevar i Språkrådet
Idun Ragnhildsdotter
Idun Ragnhildsdotter
Fødd: 1987
Frå: Rindal, Møre og Romsdal
Praksisplass: Norgesglasset NRK P1
No: Lektor i norsk og kroppsøving ved Ole Vig vgs.
Kull 18 – 2013
Hanne Våge
Hanne Våge
Fødd: 1992
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: P3 nyhenda og «Her og Nå» på Tyholt
No: Marknadsrådgivar i Kolumbus
Adalheidur Oldeide
Adalheidur Oldeide
Fødd: 1988
Frå: Holvik, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Journalist i Bergens Tidende
Vegard Tjørhom
Vegard Tjørhom
Fødd: 1987
Frå: Sirdal, Agder
Praksisplass: NRK Utanriks
No: NRK-korrespondent i Afrika
Trond Espen Bjoland
Trond Espen Bjoland
Fødd: 1993
Frå: Ågotnes, Hordaland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Doktorgradsstipendiat i historie ved UiB.
Inger Johanne Ruset
Inger Johanne Ruset
Fødd: 1985
Frå: Linge, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Debattjournalist i Sunnmørsposten
Kull 17 – 2012
Kjersti Hetland
Kjersti Hetland
Fødd: 1985
Frå: Bryne, Rogaland
Praksisplass: NRK Dagsrevyen
No: Nyheitsleiar i Stavanger Aftenblad
Marte Halsør
Marte Halsør
Fødd: 1988
Frå: Halsør, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Journalist i NRK Nyhende, Marienlyst
Tale Høyem
Tale Høyem
Fødd: 1990
Frå: Os i Vestland
Praksisplass: P3 Nyhenda og «Verdas rikaste land» i P3
No: Jurist
Jon Bolstad
Jon Bolstad
Fødd: 1987
Frå: Sogndal, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Reporter i TV 2
Stine Kyrkjebø Johansen
Stine Kyrkjebø Johansen
Fødd: 1990
Frå: Kyrkjebø, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Reporter i NRK Super i Førde
Kull 16 – 2012
Raymond Lidal
Raymond Lidal
Fødd: 1986
Frå: Bømlo, Vestland
Praksisplass: NRK Utankriks
No: Journalist NRK Vestland, Førde
Katrine Nybø
Katrine Nybø
Fødd: 1986
Frå: Ørsta, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Programleiar i Nyhetsmorgen på NRK P2
Hans-Olav Rise
Hans-Olav Rise
Fødd: 1991
Frå: Ulsteinvik, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Utgåveredaktør Nettavisen
Ingunn Rauk
Ingunn Rauk
Fødd: 1983
Frå: Grendi, Agder
Praksisplass: Kulturhuset NRK P2
No: Journalist i NRK Dokumentar og samfunn
Wilhelm Støylen
Wilhelm Støylen
Fødd: 1980
Frå: Kvamsøy, Møre og Romsdal
Praksisplass: Nitimen i NRK
No: Reporter i barnetvredaksjonen i Førde
Kull 15 – 2011
Sondre Dalaker
Sondre Dalaker
Fødd: 1992
Frå: Kaupanger, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Journalist/fotograf NRK Vestland, Sogndal
Maria Pile Svåsand
Maria Pile Svåsand
Fødd: 1986
Frå: Strandebarm, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Dagleg leiar for bokbåten Epos
Susanne Egset
Susanne Egset
Fødd: 1989
Frå: Ørsta, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Innhaldsrådgjevar i Netlife Design
Agnese Bremere
Agnese Bremere
Fødd: 1988
Frå: Latvia og Luster, Vestland
Praksisplass: Kulturnytt NRK P2
No: Ungdomsskulelærar i Luster
Lars Erik Andreassen
Lars Erik Andreassen
Fødd: 1991
Frå: Sandnes, Rogaland
Praksisplass: NRK P3
No: Masterstudent ved NTNU
Kull 14 – 2011
Jonas Sætre
Ingrid Brandal Myklebust
Ingrid Brandal Myklebust
Fødd: 1986
Frå: Fosnavåg, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Dagsrevyen
No: Kommunikasjonsrådgjevar på statsministerens kontor
Gry Brekke Hustveit
Gry Brekke Hustveit
Fødd: 1983
Frå: Sola, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Frilansfotograf fleirkamera
Christian Wiik Gjerde
Christian Wiik Gjerde
Fødd: 1981
Frå: Tjørvåg, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Super
No: Bibliotekar og forfattar
Kull 13 – 2010
Hans Henrik Bårtvedt
Hans Henrik Bårtvedt
Fødd: 1988
Frå: Odda, Vestland
Praksisplass: NRK Sporten
No: Journalist i NRK Sporten
Hilde Zahl
Hilde Zahl
Fødd: 1982
Frå: Bryne, Rogaland
Praksisplass: NRK P3
No: Programleiar i magasinredaksjonen i NRK P1
Karl Kristian Langeland
Karl Kristian Langeland
Fødd: 1984
Frå: Hellesylt, Møre og Romsdal
Praksisplass: Hallo P3 og Juntafil
No: Medierådgjevar for stortingsgruppa til Sp
Hans Kristen Hyrve
Hans Kristen Hyrve
Fødd: 1985
Frå: Skjåk, Innlandet
Praksisplass: Radioselskapet NRK P2
No: Lydmakar
Vegard Troøyen Foseide
Vegard Troøyen Foseide
Fødd: 1984
Frå: Fræna, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Sekretær for Raudt si bystyregruppe i Oslo
Kull 12 – 2010
Astrid Marie Grov
Astrid Marie Grov
Fødd: 1984
Frå: Hovin, Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Redaktør i Norsk Tidend
Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Fødd: 1982
Frå: Voss, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Redaktør i avisa Hordaland
Kristin Vestreim
Kristin Vestreim
Fødd: 1982
Frå: Kaupanger, Vestland
Praksisplass: musikkredaksjonen NRK P2
No: Fenomen Film og TV
Mari Langva
Mari Langva
Fødd: 1986
Frå: Volda, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Trøndelag
No: Prosjektleiar i NRK Unormal, Tyholt
Gunn Evy Auestad
Gunn Evy Auestad
Fødd: 1986
Frå: Karmøy, Rogaland
Praksisplass: NRK.no
No: Moglegheitsuviklar i Haugaland Vekst
Kull 11 – 2009
Mathias Oppedal
Mathias Oppedal
Fødd: 1985
Frå: Nærbø, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Lektor i journalistikk og dokumentarproduksjon ved Universitetet i Stavanger
Simon Solheim
Simon Solheim
Fødd: 1990
Frå: Florø, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Redaksjonsleiar i NRK Direkte
Sara Myhren Kornberg
Sara Myhren Kornberg
Fødd: 1987
Frå: Volda, Møre og Romsdal
Praksisplass: «Norgesglasset» NRK P1
No: Fagkonsulent i Raudekrossen
Aleksander Vallestad
Aleksander Vallestad
Fødd: 1983
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Programleiar for fleire program i NRK P1
Bjørn Ivar Voll
Bjørn Ivar Voll
Fødd: 1985
Frå: Nedstrand, Rogaland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Kommunikasjonsrådgjevar i Legar Utan Grenser
Kull 10 – 2009
Ingvild Ryssdal
Ingvild Ryssdal
Fødd: 1983
Frå: Sandane, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Journalist NRK Nyhende
Malin Olivia Dahlberg
Malin Olivia Dahlberg
Fødd: 1982
Frå: Valldal, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Kulturnytt
No: Rådgjevar i Utdanning i Bergen
Anna Gytri
Anna Gytri
Fødd: 1984
Frå: Førde, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Seniorrådgjevar i Skyss, Vestland fylkeskommune
Siri Kleiven Strøm
Siri Kleiven Strøm
Fødd: 1987
Frå: Årdal, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Kommunikasjonsrådgjevar Universitetet i Bergen
Ingunn Thon
Kull 9 – 2008
Steinarr Sommerset
Steinarr Sommerset
Fødd: 1983
Frå: Vanylven, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Kulturnytt
No: Kommunikasjonsrådgjevar for forsking, Høgskulen i Volda
Samina Bruket
Samina Bruket
Fødd: 1985
Frå: Bryne, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Tekstforfattar i Impress Publisering
Ann-Iren Finstad
Ann-Iren Finstad
Fødd: 1980
Frå: Sandane, Vestland
Praksisplass: NRK Kulturnytt
No: Nyhendesjef NRK Nyhende
Magnus Stokka
Magnus Stokka
Fødd: 198
Frå: Suldal, Rogaland
Praksisplass: NRK.no og NRK Dagsnytt
No: Kommunikasjonsrådgivar ved Stavanger universitetssjukehus
Erling Molt Korsnes
Erling Molt Korsnes
Fødd: 1984
Frå: Brattvåg, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Trøndelag
No: Programleiar Nattradioen i NRK P1
Kull 8 – 2008
Eivor Opheim Brandseth
Eivor Opheim Brandseth
Fødd: 1985
Frå: Skogn, Trøndelag
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Student Nord Universitet
Roger Sevrin Bruland
Roger Sevrin Bruland
Fødd: 1977
Frå: Utvik, Vestland
Praksisplass: NRK Utanriks
No: Kommunikasjonsleiar i Norec
Marit Holmquist Fenne
Marit Holmquist Fenne
Fødd: 1980
Frå: Elnesvågen, Fræna, Møre og Romsdal
Praksisplass: «Sånn er livet NRK P2
No: Kommunikasjonsansvarleg for kommunikasjonsdesken i NRK
Olav Arne Nedrelid
Olav Arne Nedrelid
Fødd: 1978
Frå: Fjørtoft, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Medielærar v.g.skule i Ålesund
Elin Thingvoll Berge
Elin Thingvoll Berge
Fødd: 1980
Frå: Vik, Vestland
Praksisplass: NRK.no
No: Medielærar Bergeland v.g. skule, Stavanger
Kull 7 – 2007
Ingunn Viken
Ingunn Viken
Fødd: 1980
Frå: Ona, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Student i Danmark
Ivar Folkedal
Ivar Folkedal
Fødd: 1983
Frå: Ål, Viken
Praksisplass: NRK.no
No: Redaksjonell innhaldsutviklar i Amedia
Eline Buvarp Aardal
Eline Buvarp Aardal
Fødd: 1984
Frå: Namdalseid, Trøndelag
Praksisplass: Her og Nå, NRK Tyholt i Trondheim
No: Programleiar/journalist i NRK Dagsrevyen
Håvard Tvedte
Håvard Tvedte
Fødd: 1981
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Prosjektleiar NCE Maritime CleanTech
Eva Marie Felde
Eva Marie Felde
Fødd: 1981
Frå: Breim, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter
Kull 6 – 2007
Gunnhild Sølvberg
Gunnhild Sølvberg
Fødd: 1978
Frå: Førde, Vestland
Praksisplass: NRK Utanriks
No: Lærar Ullern v.g. skule
Mona Vetrhus
Mona Vetrhus
Fødd: 1975
Frå: Uskedalen, Vestland
Praksisplass: Barne- og ungdomsavdelinga
No: Litterær rådgjevar i «Leser søker bok»
Yngvil Kolset Haga
Yngvil Kolset Haga
Fødd: 1980
Frå: Verdal, Trøndelag
Praksisplass: TV 2
No: Frilansar innan filmcasting
Inger Synnøve Tveito
Ragnhild Bjørge
Ragnhild Bjørge
Fødd: 1977
Frå: Klokkarvik, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Red.sjef i nettavisa Khrono
Kull 5 – 2006
Bjarte Vik Myklebust
Bjarte Vik Myklebust
Fødd: 1986
Frå: Ålfoten, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Lærar og gardbrukar
Marianne Feste
Marianne Feste
Fødd: 1981
Frå: Seim, Lindås, Vestland
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Kommunikasjonsrådgjevar i Alver kommune
Gøril Furu
Gøril Furu
Fødd: 1984
Frå: Sunndalsøra, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK P3
No: Videoprodusent i Forbrukarrådet
Vidar Eidhammer
Vidar Eidhammer
Fødd: 1984
Frå: Skjold, Rogaland
Praksisplass: NRK Sport
No: Programleiar/journalist/produsent NRK Nyhende
Ingrid Hognaland
Ingrid Hognaland
Fødd: 1986
Frå: Nedre Vats, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Rådgjevar i Apeland
Kull 4 – 2006
Erlend Blaalid Oldeide
Erlend Blaalid Oldeide
Fødd: 1984
Frå: Raudeberg, Vestland
Praksisplass: NRK Nordland
No: Journalist i Gudbrandsdølen Dagningen
Bergit Sønstebø Svendseid
Bergit Sønstebø Svendseid
Fødd: 1984
Frå: Drangedal, Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Redaksjonssjef NRK Vestland, Bergen
Asgeir Reksnes
Asgeir Reksnes
Fødd: 1979
Frå: Nordfjordeid, Vestland
Praksisplass: NRK Sogn og Fjordane
No: Journalist NRK Vestland, Nordfjordeid
Ingrid Z. Aanestad
Ingrid Z. Aanestad
Fødd: 1983
Frå: Bryne, Rogaland
Praksisplass: Kulturbeitet NRK P2
No: Forfattar/lærar forfattarstudiet i Bø og Gøteborg
Øystein Windstad
Øystein Windstad
Fødd: 1983
Frå: Aukra, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Journalist i Fagbladet
Kull 3 – 2005
Sølve Rydland
Sølve Rydland
Fødd: 1984
Frå: Knarvik, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Politisk redaktør i Bergensavisen
Marita Haugo Røkeberg
Marita Haugo Røkeberg
Fødd: 1982
Frå: Nesbyen, Viken
Praksisplass: NRK Buskerud
No: Journalist i Drammens Tidende
Gisle Forland
Gisle Forland
Fødd: 1981
Frå: Mosjøen i Nordland
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Vaktsjef, reporter og programleiar NRK Nordland
Karoline Kalstveit
Karoline Kalstveit
Fødd: 1984
Frå: Skjold, Rogaland
Praksisplass: NRK Rogaland
No: Arkitekt i Origo arkitektgruppe
Håvard Hamnaberg
Håvard Hamnaberg
Fødd: 1978
Frå: Vågsvåg, Vestland
Praksisplass: Kulturnytt NRK P2
No: Seniorrådgjevar i Olje- og energidepartementet
Kull 2 – 2005
Eli Fossdal Vaage
Eli Fossdal Vaage
Fødd: 1984
Frå: Lindås, Vestland
Praksisplass: NRK Dagsnytt og Dagsrevyen
No: Forfattar og vikar i Skrivekunstakademiet i Hordaland
Ingebjørg Bø
Ingebjørg Bø
Fødd: 1977
Frå: Bø, Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Telemark
No: Journalist Telemarksavisa
Birte Njøsen Horne
Birte Njøsen Horne
Fødd: 1984
Frå: Florø, Vestland
Praksisplass: NRK Nitimen
No: Programleiar for «Opptur» NRK P1
Solveig Hareide
Solveig Hareide
Fødd: 1983
Frå: Florø, Vestland
Praksisplass: NRK P3
No: Prosjekt- og programleiar i vitskapsredaksjonen på Tyholt
Janne-Marit Myklebust
Janne-Marit Myklebust
Fødd: 1981
Frå: Ørsta, Møre og Romsdal
Praksisplass: NRK Hordaland
No: Kommunikasjonsrådgjevar i Ulstein kommune
Kull 1 – 2004
Eli Bjelland
Eli Bjelland
Fødd: 1981
Frå: Stord, Vestland
Praksisplass: TV 2, Bergen
No: Journalist NRK Vestland, Stord
Knut Åge Teigen
Knut Åge Teigen
Fødd: 1970
Frå: Årdal, Vestland
Praksisplass: NRK Møre og Romsdal
No: Oppvekstleiar i Luster kommune
Svein Ove Hansli
Svein Ove Hansli
Fødd: 1976
Frå: Vinje, Vestfold og Telemark
Praksisplass: NRK Dagsnytt
No: Distriktsredaktør i NRK Stor-Oslo
Maria Rivedal
Maria Rivedal
Fødd: 1981
Frå: Naustdal, Vestland
Praksisplass: NRK P3
No: Journalist i P3 sin meiningsredaksjon
Inger Johanne Sæterbakk
Inger Johanne Sæterbakk
Fødd: 1981
Frå: Bodø, Nordland
Praksisplass: «Norgesglasset» NRK P1
No: Språkkonsulent på Det Norske Teatret