
Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd
Fødd: 1995
Frå: Voss, Vestland
Praksisplass: NRK Nordland
Eg kjem frå Voss og er oppvasken på gard, noko eg er svært glad for i dag. Barndommen på vestlandsbygda har gitt meg ei fin dialekt, identitet, arbeidslyst, pågangsmot og nynorsk som målform.
Bestemor sine raspekaker, pannekaker med sprøsteikt flesk og heimelaga blåbærsyltetøy. Lammelår frå eigen gard og turar til varmare strøk gav meg matglede og interesse til å ta steget inn i gastronomien. Frå matlaging på kjøkenet heime tok det ikkje lang tid før eg fekk ansvar for fleire gloheite gryter og kvasse knivar.
Med nystrokne kokkjakker og franske kokekunster tok eg turen til Bergen. To fine og harde år med fine rettar følgde på. Læretida på kjøkenet gav meg innblikk i ei verd av kulinarisk magi. Med eit nybaka fagbrev og endå kvassare knivar i orden var eg klar for ei endring i rytme. Kokkehatten vart lagt på hylla og byta ut med tonar, strenger og tangentar.
Vegen vidare tok meg til to år på folkehøgskule. Hardingfelespel frå Voss fekk ein ny vri saman med lydar frå synthesizerar. Musikkproduksjon og bandøving glei over i akademia. På dagtid fekk det kreative potensialet eg hadde bore på utspring i manus, estetikk og visuelleforteljingar på tv-produksjon studium ved Universitet i Bergen. På kveldstid tok eg spakane som vognførar på Fløibanen.
Ulike utanlandsopphald i mellom anna Costa Rica og Mexico City gav rustne spansk gloser ei oppfrisking. I tillegg fekk eg sjå verda frå ein annan synsvinkel. Samstundes som eg tok den andre bachelorgraden innan medium og kommunikasjonsstudium fekk eg jobbe med nyhende som fotograf og videojournalist. Erfaringane tende ein gnist i meg. Gnisten vart til eit brennande engasjement.
Den siste puslespelbrikka ynskjer eg å legge som nynorskpraktikant. Framover vil eg jobba som nynorskbrukande journalist. Nytte dei erfaringane eg har til å skaffe fleire. Bli god i faget og lage nyhendejournalistikk til nett, tv og radio. Fortelje viktige og nære nyhende som kan glede og engasjere andre.