←Hjelp og informasjon

Kvifor blir ikkje heile serien lagt ut i NRK TV med ein gong?

Det kan vere fleire årsaker til at ikkje heile serien blir publisert på nett med ein gong. Det kan til dømes vere at:

  • Produsenten leverer ein og ein episode.
  • Rettigheitene til serien inneheld avgrensingar på kor mange episodar vi kan publisere samstundes.
  • Vi treng tid til å klargjere/lage teksting, videofiler og promomateriale til episodane.
  • Vi vurderer at serien er veleigna til episodevise visningar i staden for alt på ein gong.