Det kan vere fleire årsaker til at ikkje heile serien blir publisert på nett med ein gong. Det kan til dømes vere at:
- Produsenten leverer ein og ein episode.
- Rettigheitene til serien inneheld avgrensingar på kor mange episodar vi kan publisere samstundes.
- Vi treng tid til å klargjere/lage teksting, videofiler og promomateriale til episodane.
- Vi vurderer at serien er veleigna til episodevise visningar i staden for alt på ein gong.