← Hjelp og informasjon

Nedlagd app? Slik ser du NRK TV heretter 

Frå 16. september og utover hausten vil NRK TV og NRK Super-appen ikkje lenger fungere på enkelte smart-TV-ar og Playstation 4/5.  

Det gjeld appane i desse TV-modellane:  

  • LG Smart-TV frå 2015-2017 
  • Samsung Smart-TV frå 2016-2017 
  • Eldste Apple TV  

Det gjeld også for PlayStation 4/5.  

Korleis halde fram å sjå NRK TV? 
Mange TV-distributørar har NRK TV som del av tilbodet sitt. Dersom du ser NRK TV via ein av smart-TV-ane nemnd over eller Playstation 4/5, kan du undersøke om dette gjeld TV-distributøren din. Per i dag leverer Telia, Telenor, Altibox, RiksTV og Allente TV-boksar med støtte for NRK TV.  
 
Dersom du verken kan sjå NRK TV via TV-en eller TV-boksen din treng du ein strøymeboks (for eksempel ein nyare AppleTV, AndroidTV eller Google Chromecast med Google TV)   
 
Kvifor skjer dette? 
NRK ønsker å gi publikum gode brukaropplevingar i NRK TV. Det inneber at vi må både utvikle og vedlikehalde NRK TV-appen. Smart-TV-ane på lista  støttar ikkje lengre nødvendige oppgraderingar frå NRK. Derfor vil NRK TV-appen slutte å fungere på desse.  

Treng du hjelp? 
Ring eller skriv til oss på Publikumsservice: