Frå 16. september og utover hausten vil NRK TV og NRK Super-appen ikkje lenger fungere på enkelte smart-TV-ar og Playstation 4/5.
Det gjeld appane i desse TV-modellane:
- LG Smart-TV frå 2015-2017
- Samsung Smart-TV frå 2016-2017
- Eldste Apple TV
Det gjeld også for PlayStation 4/5.
Korleis halde fram å sjå NRK TV?
Mange TV-distributørar har NRK TV som del av tilbodet sitt. Dersom du ser NRK TV via ein av smart-TV-ane nemnd over eller Playstation 4/5, kan du undersøke om dette gjeld TV-distributøren din. Per i dag leverer Telia, Telenor, Altibox, RiksTV og Allente TV-boksar med støtte for NRK TV.
Dersom du verken kan sjå NRK TV via TV-en eller TV-boksen din treng du ein strøymeboks (for eksempel ein nyare AppleTV, AndroidTV eller Google Chromecast med Google TV).
Ein strøymeboks er ein TV-boks som gir deg tilgang til TV og underhaldning via internett. Den blir kopla til internett via ein nettverkskabel eller trådlaust nett og blir kopla til TV-en med HDMI kabel. For å sjå NRK TV på ein slik strøymeboks så må ein innstallere appen NRK TV. Den blir lasta ned frå butikken AppStore eller GooglePlay. NRK TV appen er gratis. Til nokon strøymeboksar finst det eigen fjernkontroll. Andre er avhengige av at ein har appane innstallert på ein mobil eller nettbrett og sender biletet derfrå til TV-en.
Om du kontaktar ein lokal elektroforhandlar kan dei hjelpa deg med å finna rett strøymeboks for deg og behova dine. Du får dei i prisklasse frå ca 500,- til over 2000,- Dei nyaste strøymeboksane har moglighet for 4K biletkvalitet, men om du har ein TV med HD kvalitet så kan du klara deg med ei billigare utgåve.
Trykk her for å lesa meir om korleis du kjem i gang med NRK TV.
Kvifor skjer dette?
NRK ønsker å gi publikum gode brukaropplevingar i NRK TV. Det inneber at vi må både utvikle og vedlikehalde NRK TV-appen. Smart-TV-ane på lista støttar ikkje lengre nødvendige oppgraderingar frå NRK. Derfor vil NRK TV-appen slutte å fungere på desse.
Treng du hjelp?
Ring eller skriv til oss på Publikumsservice:
- Telefon: 23 04 70 00
- E-post: [email protected]