← NRK Nynorsk mediesenter

Bli nynorskpraktikant i NRK

Brukar du nynorsk og vil bli journalist? Her får du opplæring med løn! Vi tar inn to kull i året, og det er søknadsfristar i midten av april og oktober. Dette er effektiv opplæring i journalistikk!

  • Seks månadar opplæring og praksis
  • Løn under heile perioden
  • Lag saker for nett, radio og TV
  • Hjelp med å skaffe bustad i Førde
  • Bli attraktiv på jobbmarknaden
  • Søknadsfrist 15. april og 15. oktober

Sidan starten i 2004 har vi per 31. desember 2023 lært opp 195 nynorskbrukande journalistar. Av praktikantane på dei ti siste kulla, arbeider om lag 68 prosent i media, og 50 prosent har i dag jobb som journalistar i NRK.

NRK Nynorsk mediesenter rekrutterer folk med ulike utdanningar og bakgrunnar. Journalistikken skal spegle breidda av språk, geografi, utdanning og samfunnsinnsikt, og treng folk med varierte erfaringar. Det er etterspurd i mange redaksjonar.

Arianrhod Engebø var nynorskpraktikant i 2017.

Går du med ein draum om å bli journalist, og kanskje du allereie har prøvd deg litt – eller kanskje du har valt andre retningar på utdanningsvegen? Uansett kan eit halvår ved NRK Nynorsk mediesenter vere løysinga. I dette yrket kan du få bruk for alt du har lært og røynt i livet. Dei faste søknadsfristane til NRK Nynorsk mediesenter er 15. april og 15. oktober, med oppstart i januar og august.

Kva krevst for å bli praktikant?

Vi ser etter engasjerte folk, som er nynorskbrukarar og vil bli journalistar. Du må ha fullført vidaregåande skule, men utover det tilset vi folk med både lite og mykje utdanning. Vi ønskjer folk med ulike utdanningar og bakgrunnar, fordi det er viktig for journalistikken å rekruttere allsidig. Er du av dei som VEIT at du SKAL bli journalist må du gjerne søkje. 

Attestar og vitnemål

Kort tid etter at søknadsfristen er ute 15. april og 15. oktober, kallar vi inn til intervju. For å lette arbeidet, ber vi alle søkjarane om å leggje ved attestar og vitnemål i søknaden.

Det gjeld vitnemål frå og med vidaregåande skule og oppover, og attestar frå jobbane folk har hatt. I journalistikken kan alt du har lært kome til nytte, og det er nyttig å sjå både karakterane og kva folk har brukt tida si på.

Nynorskbrukarar

Vi ser etter deg som er ung og nynorskbrukande, uansett kvar i landet du er i frå. Du vil bli journalist og har eit godt og medvite forhold til dialekta di og nynorsken. Det er viktig at du vil bruke nynorsk som journalist.

Gode forteljarar

For å komme inn på NRK Nynorsk mediesenter er det viktig med ein god søknad. Vi leitar etter folk som har engasjement, sterk drivkraft og som vi trur kan bli gode forteljarar som journalistar. Første høve til å syne det er i søknaden.

Lyst til å bli journalistar

Du må vere samfunnsinteressert og oppteken av kva som skjer i verda, både lokalt, nasjonalt og globalt. Opplæringa på seks månader er ein hard «hestekur», og difor er det viktig å vere skikkeleg motivert og ha vilje til stor eigeninnsats.

På kvart kull er det ei blanding av dei høgt utdanna og dei ivrige som berre veit at dei vil bli journalistar. Dei dreg vekslar på kvarandre, deler på kunnskapen dei har på ulike felt, og vert som oftast ein samansveisa gjeng.

Ein veg inn i bransjen

Det er korkje bindingstid eller garanti om arbeid etter avslutta opplæring. Halvåret i NRK Nynorsk mediesenter gjev ikkje studiepoeng eller tenestetid i NRK, men nynorskpraktikantane skal reknast som interne søkjarar til stillingar i NRK i tre år etter avslutta opplæring. Ved tilsettingar skal NRK prioritere nynorskpraktikantane til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Å bli nynorskpraktikant kan gje deg ein fot innanfor eit spennande yrke, i NRK og andre medieverksemder, om du er dyktig nok.

Korleis er opplæringa?

Praktikanttida er på eit halvår. Først to månadar med innføring i journalistikk, NRK-verktøy og det nynorske språket. Deretter to månadar i praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Førde, og dei to siste månadane i andre redaksjonar. Opplæringa tek utgangspunkt i nyhendesjangeren, og er tufta på «lære-med-å-gjere-det-metoden», med mykje praksis og lite teori. Det er mykje å lære og praktisere på kort tid, og det krev stor innsats av den einskilde. Lærarar og kollegaer er aktive NRK-journalistar.

Månad 1-2 – Teori og praktisk opplæring

Dei to første månadane skal du øve deg i å bruke journalistiske og tekniske verktøy, basert på teoretisk og praktisk undervising. Eigne lærarar og innleigde ressurspersonar innan nynorsk og media står for undervisinga.

I denne perioden lærer du å lage saker som kan bli publiserte i NRK. Du lærer å bruke opptaksutstyr og redigeringsprogram for radio og video. Du får opplæring i Polopoly, som er NRK sitt nettpubliseringsverktøy, i tillegg får du kursing i fotografering og redigering. Digas, Adobe Photoshop, Premiere og ENPS er andre program vi gir opplæring i.

Månad 3-4 – Praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Førde

I dei to neste månadane skal du ha praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Førde, ein redaksjon der nynorsk er det mest naturlege og dominerande språket. Målet er at dei sakene du lagar skal publiserast på nett, radio og TV. I denne perioden blir du rettleia og får tilbakemeldingar frå både vaktsjefar, faglærarar og medarbeidarar i redaksjonen.

Månad 5-6 – Praksis i redaksjonar i og utanfor NRK

I dei to siste månadane er du utplassert i ein redaksjon i eller utanfor NRK. Der får du praksis i radio-, fjernsyns-, some- og nettjournalistikk. Kva redaksjonar du får praksis i, kjem an på kva du har mest talent for. Målet vårt er å gje deg breidde til å meistre ulike redaksjonar og sjangrar innan nyhendejournalistikken.

Kva får eg betalt?

Nynorskpraktikantane vert tilsette i NRK for seks månader og får 16.700 kroner i brutto løn i månaden. NRK Nynorsk mediesenter lønnar også praktikantane dei to siste månadane i ekstern praksis.

Kvar kan eg bu?

NRK Nynorsk mediesenter hjelper til med å skaffe hyblar til praktikantane i Førde, men husleiga må du betale sjølv. Når du er i ekstern praksis må du skaffe deg hybel sjølv.

Kva jobbfordelar får eg?

Sjølv om praksisperioden ikkje gjev garanti om arbeid, har du prioritet til både faste stillingar og vikariat i NRK du er fullt ut kvalifisert for i tre år etter avslutta opplæring.

Mange tidlegare praktikantar har i dag jobb i NRK eller andre mediehus i Noreg. Ordninga er kjend i bransjen og du blir en attraktiv arbeidssøkjar.

Meir om prioritert søkjar-ordninga

NRKs rekrutteringsprogram gjev prioritet

«NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRE er strategiske rekrutteringstiltak fordi vi ønsker et økt antall ansatte og vikarer som snakker nynorsk eller har flerkulturell bakgrunn.

Søkere fra FleRE-prosjektet og Nynorsk mediesenter betraktes som interne søkere i tre år etter gjennomført program, og de skal gis prioritet til ansettelse i stillinger de er fullt ut kvalifisert for. Det samme gjelder for praktikantordningen i NRK Sàpmi. De same reglene for lovlig midlertidig ansettelse gjelder for disse som for andre midlertidige».

NB: Dei seks månadane som nynorskpraktikant skal ikkje reknast med i tenestetida. Den vert rekna frå 1. mars eller 1. juli, alt etter når praktikanten var ferdig med halvåret som nynorskpraktikant.