Per 31. juni 2022 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 180 nynorskpraktikantar. Om lag 60 prosent av dei arbeider i media. Om lag 40 prosent er i NRK, 13 prosent arbeider i avis/nett og 7 prosent i andre media. Om lag 15 prosent arbeider med informasjon, språk og reklame.
Det er tidlegare nynorskpraktikantar i til dømes Dagsnytt, Dagsrevyen og på NRK.no. Det er og tidlegare praktikantar som er utanrikskorrespondent i Berlin og Afrika, og vi finn dei dessutan i NRK Sporten og i NRK P1, P2 og P3. Vidare er mange spreidde på ulike distriktskontor rundt om i landet. Utanfor NRK arbeider tidlegare nynorskpraktikantar i TV2, VG og andre riksaviser, i tillegg til ei rekkje region- og lokalaviser og diverse nettaviser.
Her finn du alle som har vore praktikantar, grupperte etter kulla dei gjekk på. Vi prøver å vere oppdaterte på kvar alle praktikantane frå dei siste ti kulla jobbar til ei kvar tid.
Det var ein kulturkollisjon å flytte til Finnøy som 4-åring. Berre 45 minutt og ein ferjetur frå der eg lærte mine første siddis-gloser og vaks ut or mitt første par nedarva Cherroxar var det krasse kulturelle kontrastar. Kom ein i skade for å kalle ei huske for «dissa» – som eg alltid hadde gjort, i staden for «reila» – som dei alltid hadde gjort, blei ein stempla som «byas». Det var ikkje meint som ein kompliment.
Eg finpussa talemålet, men på andre felt var det verre å gjere nett som dei andre. Der var somme i sandkassen som ikkje kledde seg som born, men som bittesmå vaksne. Subbandes rundt i verdas minste fjósdressar og refleksklede var dei tydeleg fri yrkesmessige kvalar: dei skulle jobbe med traktor og gravemaskin så snart dei blei store nok.
Yrkesmessige kvalar hadde derimot eg. Eg visste berre at eg ikkje skulle jobbe med traktor, og vertfall ikkje med gravemaskin. Elles var spørsmålet heilt ope. Svaret endra seg frå veke til veke. Alt kunne vere uhyrleg interessant, vertfall ei lita stund i slengen. Med omflakkande interessefelt som kompass langa eg omsider ut i verda. Der gjorde eg mykje, trefte mange og fann ut at folk generelt sett er fascinerande greier. Kanskje var det noko med og for folk eg skulle ta meg til?
Ein dag vart eg lei av å studere. Det var ikkje Bergensvêret eller motbakken opp til studentsenteret eller den tunge ryggsekken. Det var noko meir enn den forbigåande rastløysa som dukka opp no og då. Eg ville gjere noko i verda utanfor lesesalen. Heldigvis trengte Studvest ein nyheitsjournalist, og sjølv om eg framleis traska rundt i akademia, var det ei heilt anna oppleving å gjere det som journalist. Plutseleg såg eg samanhengen mellom journalistikk og favorittfeltet mitt: folk.
No er eg endeleg på Nynorsk Mediesenter, og med meg har eg min rustne nynorsk (det blir betre for kvar dag som går), sprikande erfaringar, og ikkje minst trua på at det meste på ein eller annan måte kan vere interessant. Om ikkje traktorar og gravemaskinar, så vertfall folka inni.
Eg er oppvaksen på ein fruktgard på Aga i Hardanger.
Frå eg var ganske liten har eg alltid vore oppteken av å lytte. Anten det er språk, stemmer, eller musikk. Sistnemnte har vore hovudinteressa mi, og var avgjerande då eg flytta nordover og byrja på Trøndertun Folkehøgskule i 2016. Eg blei verande i Trondheim, og fullførte ein bachelorgrad i musikkteknologi ved NTNU.
Samstundes har det alltid vore viktig for meg å kunne uttrykkje meg slik eg ynskjer, slik vart eg tidleg medviten på både språkinteressa og språkøyret mitt. Nynorsk har vore med meg gjennom alle skuleåra, men eg byrja først å bruke det meir aktivt i 2016. Då starta eg som skribent i Evig Lyttar, noko eg har gjort ved sidan av studium og jobb. Her har eg dekka ny norsk undergrunnsmusikk, og spira som musikkjournalist vaks fram. Nynorsk møtte musikk på beste vis.
Å finne nye måtar å uttrykke eller formulere seg på, anten det er språkleg eller musikalsk er noko som driv meg. Derfor har jobben som journalist (og spesielt musikkjournalist) lenge vore forlokkande. Å skape innhald som betyr noko for både for publikum og meg sjølv er viktig.
Utanom dette trivst eg best heime i Hardanger, aller helst på vidda eller på fjorden. Gjerne med fiskestong i handa og ny musikk på øyret.
Eg har vakse opp på ein gard i Øyfjell, ei lita bygd i Vinje kommune i Vest- Telemark. Eg har stort sett halde til i kommunen, med unntak av nokre år med studiar andre stader. Eg er utdanna allmennlærar og har arbeidd som lærar i grunnskulen i fleire år.
Eg har likevel alltid vore interessert i journalistyrket, og arbeidsveka i 9.klasse hadde eg i lokalavisa. Nynorsk har bestandig vore mitt hovudmål, og eg er opptatt av at nynorsk som språk er synleg i norske medium. Etter å ha tenkt på å søke Nynorsk mediesenter fleire gonger, var tida no inne for å gjere det.
Eg håpar å kunne bidra til å formidle folk sine historier og stemmer på ein god måte.
Heile livet mitt har eg elska å oppleve nye ting. Eg har vakse opp i ei lita bygd som heiter Hornindal, men har også gjennom oppveksten budd i Stavanger, Sandnes og Singapore. Dette var med å forme meg slik at når fyrste moglegheit på vidaregåande kom, så reiste eg på utvekslingsår til Argentina, utan særleg språkkunnskapar i spansk. Det resulterte i at eg halvvegs i opphaldet fann ut at eg gjekk byggfag og ikkje studiespesialiserande. Men slik som dei fleste ting, gjekk også det bra. Etter vidaregåande bar vegen vidare til Luftforsvaret, sjølv om dette ikkje låg i planane mine. Lite visste eg at det kom til å bli eit av dei kjekkaste åra så langt. Her jobba eg som presse- og informasjonssoldat som gav meirsmak på foto, film og innhaldsproduksjon.
Etter militæret gjekk eg tilbake til originalplanen og starta på PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Eit studie som har gitt meg mykje lærdom om kommunikasjon og marknadsføring. Alt frå produksjon, til medievitskap, til journalistikk, og anna kommunikasjonsarbeid. Det var eit studie som var innom det meste. Gjennom studiet fekk eg også moglegheita til utveksling i Barcelona (for å friske opp spansken) og seinare søkte eg meg til eit tre månaders praksisopphald hos Innovasjon Norge sitt kontor i New York. Ein utruleg kjekk praksis eg seint vil gløyme.
Det var ikkje før spørsmålet om kva eg skulle gjere etter bacheloren kom at eg for alvor vurderte journalistyrket. Da eg kom over NRK Nynorsk Mediesenter si annonse var eg ikkje i tvil om at eg måtte søke. Som mange fleire føler eg i stor grad at nynorsk er ein del av identiteten min og det har aldri vore spørsmål om å skrive noko anna. Difor var det også heilt naturleg å søke på nettopp denne stillinga. Sjølv om eg framleis må leite opp i ordboka frå tid til annan synest eg at nynorsk er eit fantastisk godt skriftspråk. No ser eg fram til våren her i Førde og bli sterkare både språkleg og fagleg.
Eg vaks opp på Vik i Øygarden med utsikt til fjorden og ein liten gåtur frå havet. Heime har veggane vore pryda med kunst og fylt med musikk og eg kan ikkje hugse ein einaste bursdag utan at far min og onkelen min har drege fram gitaren og cajunen og fått alle med på allsong. Det har for det meste gått i Bjørn Eidsvåg. Og i desse besøka har nesten alle dei vaksne vore lærarar. Og desse har sørgja for å fortelje meg når eg knotar på dialekta og for at eg har fått god opplæring i nynorsk. Så fort eg var gamal nok melde mamma meg inn i målungdommen. Eg starta tidleg å fascinere meg for visuelle ting og når eg fann kameraet til far min då eg var 10, vart eg den som tok bilete i familien.
Samtalane heime og i familiebesøk har ofte dreia seg rundt læraryrket, skulepolitikk og andre samfunnsaktuelle tema. Og når dei fleste vaksne eg møtte i kvardagen var lærarar, vart det naturleg for meg at det var det eg også skulle verte når eg vart stor. Eg elska å skrive og var (med mykje påverknad frå pedagogane rundt meg) over gjennomsnittet oppteken av språk og dialektar. For meg var det ikkje noko tvil; eg skulle verte norsklærar, akkurat som mamma og pappa. Etter musikklinja, eit år som kontorassistent på KFUK-heimen i London og eit år på bibelskule starta eg på lektorutdanning i Nordisk på UiB. Men heile denne tida hadde eg også drive med fotografering, noko som tok meir og meir plass i livet. Eg starta mitt eige firma, som eg tente kunne vere fint å ha på sida av læraryrket.
Eg elska å studere nordisk, men eg fann ut at eg ikkje berre ville analysere litteratur. Eg vart inspirert av forfattarane som hadde brukt sine kreative evner til å kommentere samfunnet og fann ut at eg også ville gjere dette. Men gjennom fotografering. Eg bestemte meg for å slutte og flytta til Oslo for å studere fotografi. Eg ville drive med historieforteljing. Og det fekk eg. I to år spesialiserte eg meg på å fortelje historier gjennom fotografi. Eg fekk jobb som fotograf i Universitas og etterkvart i avisa Vårt Land, og fann ut at eg ville inn i journalistikken. Og her er eg. Ferdigutdanna dokumentarfotograf og klar til å verte enno betre på å fortelje historier på ulike medium. Og best av alt; på nynorsk.
Annvor Seim Vestrheim var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksisplass i NRK Ung på Marienlyst, og fekk både sommarjobb og vikariat der etterpå.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Som fleire praktikantar før meg vaks eg opp i den finaste bygda i Noreg, Voss, nær fjella og tett på naturen. Likevel var reiselysta stor og turen gjekk først til Normandie i Frankrike, deretter til store vesle Bergen kor eg fekk prøve meg i Studentradioen medan eg studerte fransk ved UiB. Siste året av bacheloren budde eg i Montreal i Canada. Vestlandsvêret vart bytt ut med ekstrem kulde, fransk språk og litteratur vart bytt ut med kjønnsstudium og statsvitskap (riktig nok på fransk det òg). Men etter fire år i Nord-Amerika sakna eg Noreg og vende nasen heimover trass i pandemi og strenge reisereglar, denne gongen til hovudstaden. Der jobba eg som smittesporar og konsulent i bydel St. Hanshaugen, samstundes som eg fullførte mastergraden min i statsvitskap på transatlantisk vis, vekselvis i karantene og på zoom.
Etter mange år med framandspråk, politisk teori og byråkrati vart plutseleg behovet for å gjere noko meir praktisk stort. Dessutan sakna eg å bruke hovudmålet mitt – og vipps så søkte eg praksisplass og er attende i verdas beste fylke! Her håpar eg å kunne kombinere interessa for politikk og samfunn med journalistikk på ferda vidare.
Synne Malen Sandven var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksis i NRK Utanriks, der ho og fekk sommarjobb og heldt fram som vikar etterpå.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Av fagleg utdanning har eg ein bachelorgrad i Midtaustenstudium og arabisk frå UiO, i tillegg til statsvitskap. Det botnar i mi interesse for kultur og samfunn og min fascinasjon for språk. I samband med studiet budde eg eitt år i Egypt, kor eg verkeleg fekk kjenne viktigheita av open og fri journalistikk på kroppen, eit land med sterk sensur. Dette gjorde meg nysgjerrig på yrket, i tillegg til at eg alltid har vore glad i å skrive. Eg har også eit årsstudium i bibliotek- og informasjonsvitskap. Elles har eg jobba som norsklærar på vaksenopplæring og som simultantekstar i NRK. Interessa for språk, kultur og formidling har følgd meg gjennom val av både studium og tidlegare yrke.
Som simultantekstar blei eg raskt introdusert for nynorskkravet på 25 % i NRK, målforma eg hadde lagt frå meg på vidaregåande. Det blei med ein gong naturleg å ta ho i bruk att. Eg kjende raskt at ho ligg nær dialekta mi, men også talemåten min. Eg kjenner meg meir som meg sjølv når eg skriv på nynorsk. Det gjekk frå å vere eit nynorskkrav til å handle om identitet. No ser eg fram til å vere med på å gjere nynorsk meir tilgjengeleg i media. Eg har trua på nynorsk-eksponeringsterapi:) Med interesse for språk, research og formidling, trivst eg særs godt i journalistikkyrket, og gleder meg til å formidle god journalistikk på nynorsk.
No: Studerer dokumentarproduksjon ved UiS og er ringevikar i Stavanger Aftenblad
Oda Bjønnes Hanslien var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksis i NRK Oslo og Viken i Fredrikstad.
Dette fortel ho om seg sjølv:
I mai 2022 var eg ferdigutdanna som journalist frå Universitet i Stavanger. Utdanninga tok eg utan å eigentleg vite kva journalistikk innebar. Eg visste at eg likte å skrive, og at eg likte å sjå nyheiter kvar dag. Dei tre åra med studium lærte meg mykje, og viste meg kva eg skal gjere resten av livet. Utdanninga var kjekk og eg fekk skikkeleg smaken på journalistikk, men på grunn av pandemien blei mykje av utdanningsløpet gjort om til digital læring. Det var ikkje lett å lære om TV og radio gjennom ein skjerm, og det har derfor vore spennande for meg på NRK Nynorsk mediesenter med læring gjennom «lære-ved-å-gjere-det-metoden».
Eg har vakse opp i ein bokmål-kommune, men med ei nynorsk-mor. Nynorsken har eg derfor hatt med meg jamt og trutt gjennom barndommen og ungdomsåra, sjølv om hovudmålet mitt alltid har vore bokmål. På journaliststudiet var eg ti veker i praksis i ei nynorsk lokalavis, og fekk verkeleg auge opp for nynorsken igjen. Så var det ti veker der eg skreiv bokmål, og kor eg etter kvart fekk fleire vikariat. Igjen blei nynorsken sett litt igjen på hylla. Det ønsker eg å endre på. Gjennom dei seks månadane på Nynorsk mediesenter håpar eg at eg kan bli ordentleg trygg i nynorsken min og halde fram med det, sjølv om eg ikkje er i et hovudsakleg nynorsk miljø.
Ingrid Turtum var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksisplass i nyhenderedaksjonen til NRK Innlandet på Lillerhammer, der ho og var sommarvikar etterpå.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Det var eige samfunnsengasjement og interessa for formidling som fekk meg til å søkje ei retning innanfor journalistikken. Nysgjerrigheita for dei store samfunnsspørsmåla starta tidleg med prat om verdshendingar og politikk ved middagsbordet heime. Etter kvart balla det på seg med ein rekke verv i ungdomspolitikken, og gjennom AUF fekk eg på alvor tatt del i samfunnsdiskursen. I denne perioden jobba eg både med politikk på eit nasjonalt plan, men også meir lokalt som styremedlem i Vågå kommunestyre. Samstundes som dette ga meg god innsyn i samfunnsaktuelle problemstillingar, fekk eg også jobba mykje med formidling og fann stor glede i å skape engasjement hjå andre. Noko som gjorde at eg etter eitt år med studium i statsvitskap, val å utdanne meg som grunnskulelektor i norsk med fordjuping i språk og litteratur ved NTNU i Trondheim. Både gjennom studiet og friviljuge verv i Røde Kors, fekk eg kombinert samfunnsengasjementet mitt med interesse for språk og formidling. I Røde Kors jobba eg med integrering og utvikling av tiltak for å førebyggje utanforskap blant yngre jenter, men også promotering av Røde Kors og rekruttering av friviljuge. Her fekk eg både kome nært på store samfunnsutfordringar, men fekk også god øving i å nå ut til barn og unge på ein engasjerande måte som skapar interesse for samfunnet vi lever i.
Etter at studietida var omme, flytta eg til Oslo og fekk meg jobb som faglærar i norsk på Hasle barneskule. Med eit auka fokus på utvikling av kritisk tenking i skulen, jobba eg mykje med nyheiter og meiningsutveksling i undervisninga. Noko som var utruleg morosamt og eg fann fort ut at dette ville eg gjere meir av. Med eit ønskje om å engasjere og ikkje minst lyfte fram det språklege mangfaldet i Noreg i media, vart vegen til Førde stutt og kvardagen som nynorskpraktikant var i gong. Eg gler meg til fortsettinga!
Hedda Kurseth var praktikant på kull 38 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2023. Ho hadde praksis i NRK Innanriks på Marienlyst, der ho og heldt fram som tilkallingsvikar. Hausten 2023 er ho vikar i NRK Direkte.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg vaks opp i nynorskkommunen Sykkylven på Sunnmøre. På vidaregåande skule i Ålesund var det nesten ikkje lærebøker på nynorsk å oppdrive. Då vakna nynorskbrukaren i meg. Etter fire år i Bergen sit eg igjen med ein bachelor i Samanliknande politikk ved Universitet i Bergen. I bacheloroppgåva mi skreiv eg om utviklinga av abortpolitikken i Polen etter 1989 og korleis sterke institusjonar prega den meir enn den faktisk vilja til befolkninga.
På studiet blei vi oppfordra til å skrive engelsk, men det blei sjølvsagt nynorsk på meg. Eit halvt år av bacheloren var eg i praktikant i Byrådsleders avdeling i Bergen Kommune og var då politisk rådgjevar for Kommunalt råd for personer med funksjonsnedsettelse. Det gav sterke inntrykk å komme tett på ei slik gruppe. Då tenkte eg ofte at desse historiene og utfordringane må kome tydlegare fram. Kanskje var det ikkje byråkrat eg skulle bli likevel.
Ved sidan av studiane var eg aktiv i Studentradioen i Bergen. I tre år laga eg morgonradio før eg ynskja å kombinere det med politikken. Det blei til ein podkast-serie om politisk teori. Den heiter «Politisk kabaret» og tok for seg tema som bustadpolitikk, teknokrati og demokratisering for å nemne noko. Då fekk eg til og med leite fram gamle basskunnskapar og saman med ein klassekamerat frå vidaregåande laga vi eigne kjenningsmelodiar.
Å forsøke å formidle politikk enkelt og lettfatteleg var verkeleg gjevande og gjorde meg sikker på at det var journalist eg ville bli. Då var det berre å ta fatt på journalistdraumen. Eg flytta meg derfor litt bort i gangen og byrja å skrive som nyhendejournalist i studentavisa Studvest. Då var eg og med i podkasten «Studcast». Det blei eit av dei kjekkaste åra i studietida i Bergen.
Etter eit sommarvikariat i lokalavisa Nyss forstod eg kor viktig det er å vere tett på folk som journalist, spesielt i distriktet. Det store og kule skjer ikkje berre der ute, men også langt inne i ei fjordarm. Det kjekkaste med å vere journalist er alle folka ein får snakke med og alle historier ein får høyre. Eg gler med til ein kreativ og allsidig kvardag som journalist.
Sunniva Skurtveit var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Ho hadde praksisplass og sommarjobb i NRK Trøndelag, og har halde fram som vikar same staden.
Eg blei ferdigutdanna lektor i samfunnsfag og matematikk, med spesialisering innan sosiologi, våren 2022. Gjennom utdanninga har eg kjent på ei stadig aukande interesse og ynskje om å bidra til samfunnsengasjement og å sette sosiale problemstillingar på dagsorden.
Denne interessa har eg verkeleg fått dyrka gjennom frivillige verv i Studentersamfundet i Trondhjem både som temaansvarleg og medlem i debattkomitéen. Her har eg vore med på å planlegge, gjennomføre og ordstyre vekentlege panelsamtalar og debattar.
Journalistyrket gjev meg moglegheita til å halde fram med å engasjere andre i små og store problemstillingar i samfunnet, noko eg verkeleg ser fram til. I tillegg får eg no gjere dette på nynorsk, eit fantastisk skriftspråk!
Berit Helle Jonsbråten var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksisplass i NRK Direkte, der ho og heldt fram som vikar og sommarvikar i 2023.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg var 20 år då eg forstod at nynorskbrukarar fekk lov til å slå opp i ordboka når dei var usikre på korleis dei skulle skrive noko. Dette betydde ikkje at dei var dårlege nynorskbrukar. Det betydde faktisk at dei var gode nynorskbrukarar! Med ordboka på slep og ny sjølvtillit vende eg derfor tilbake til nynorsken som eg hadde forlate i løpet av vidaregåande.
Denne dragninga tilbake til nynorsk hang saman med at eg hadde flytta frå Bryne til Bergen for å studere nordisk språk og litteratur på universitetet. Det var alltid litt flaut å måtte seie at eg var bokmålsbrukar frå Jæren. Eg leverte masteroppgåva mi i språkvitskap i 2021. I løpet av studietida var eg aktiv i Studentradioen i Bergen og fann ut at formidling, både i radio- og skriftformat, var noko eg likte veldig godt.
Eg ser fram til eit spennande og utfordrande halvår der eg skal få lov til å lære masse om både journalistikk og nynorsk. Det er kjekt å få lov til å arbeide med historier, samfunn, kultur og språk. Og det er kjekt å få lov til å gjere det på nynorsk. For det er eit strålande nyhendespråk!
No: Studerer regi og fleirkameraproduksjon på Lillehammer
Solveig Oddvarsdotter Myren var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksis i nyhenderedaksjonen til NRK Vestland i Førde, der ho og hadde sommarjobb. Frå hausten 2023 studerer ho regi og fleirkameraproduksjon ved Høgskolen i Innlandet.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Etter vidaregåande visste eg ikkje kva eg ville gjere. Eg fekk høyre at folkehøgskule var eit godt alternativ for dei som ville ha ein pause frå å studere, så eg søkte på radiolinja ved Danvik folkehøgskule i Drammen for å prøve noko nytt. Her storkosa eg meg og fekk høvetil å ha eit «andreår» som praktikant i ei mediebedrift, som i mitt tilfelle vart Rubicon i Oslo. Her jobba eg med Luksusfellen og I lomma på Silje, og har i seinare tid jobba med eit nytt dating-program for Monster, som skal kome ut i 2023. Eg har òg studert prosjektleiing for å opparbeide meg meir kunnskap og erfaringar ved å gjennomføre eit prosjekt, samt lære meir om korleis ulike grupper samarbeider.
Grunnen til at eg søkte NRK Nynorsk Mediesenter var først og fremst fordi eg brenn for nynorsken, men òg fordi eg elskar å formidle historier gjennom bilete, lyd og tekst. Eit mål eg har her, er å vere med på å eksponere andre for nynorsk og dialektar. På same måte som at bokmål vert lett for meg å bruke fordi eg har vore eksponert mykje for det, tenkjer eg det vil bli lettare for bokmål-brukarar å nytte nynorsk, viss dei vert meir eksponert for det.
Draumen min er å få lov til å jobbe med underhaldning innan mediebransjen, gjerne då radio og/eller TV. Eg håpar NRK Nynorsk mediesenter kan vere eit springbrett for meg vidare, men akkurat no ser eg no fram til ein innhalds- og lærerik haust her på NRK Nynorsk Mediesenter.
Sander Eide Aase var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Han hadde praksisplass i NRK Vestland sin nyhenderedaksjon i Førde, og sommaren 2023 var han sommarvikar i Hordaland Folkeblad.
Dette fortel han om seg sjølv:
Då eg skulle velja kor eg ville vera i arbeidsveka i 10-klasse så gjekk eg for lokalavisa Hordaland Folkeblad i mangel på betre alternativ. Det synte seg å vera ein suksess då eg allereie på fyrste redaksjonsmøte fekk spørsmål om helgejobbing.
Etter vidaregåande fann eg ut at journalistikk kanskje var noko eg kunne driva med på heiltid. Eg fann ut at for å kunna driva med journalistikk burde eg kanskje komma meg vekk frå lokalfotball og kulturskulekonsertar ein periode, så eg søkte Nynorsk Mediesenter i Førde.
Nynorsken har vore med gjennom heile oppveksten i Ytre Hardanger og då me starta sidemålsundervising på ungdomsskulen protestinnmelde eg meg i mållaget fordi eg vart så lei bokmål den veka.
Som journalist brenn eg for at alle skal få historia si fram på ein god måte. Samstundes ynskjer eg å vera den første som er der når det smell.
Ingrid Nedrebø var praktikant på kull 37 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2022. Ho hadde praksisplass i kulturredaksjonen på Marienlyst, der ho og heldt fram som tilkallingsvikar og sommarvikar i 2023.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Livet mitt har alltid handla om kreativitet. Å skape noko, formidle eller få noko til å skje. Sidan eg fekk min første discman rundt tusenårsskiftet, har musikk vore det viktigaste elementet i livet mitt. Men det skulle vise seg at det ikkje var musikar eg ville bli.
Undervegs i studieåra i Trondheim, vart Studentersamfundet ein stor del av livet mitt. Her fekk eg ein fot innom Radio Revolt, studentradioen i «den gamle stad», og merka raskt at det var staden eg ville vere. Behovet eg tidlegare hadde for å formidle kjensler gjennom musikk, vart no erstatta med å prate om musikk. Dermed var journalistdraumen vekt.
No får draumen leve i beste velgåande som nynorskpraktikant i Førde. Og Førde er ikkje langt frå heimstaden min. Ein times køyretur sørvest i fylket, kjem ein til Jakob Sande sitt rike, nemleg Fjaler. Her vaks eg opp på ein generasjonsgard i den vesle bygda Straumsnes. Som 15-åring flytta eg til Sandane for å gå på det historiske Firda Gymnas, og der byrja eg å engasjere meg for målsaka. Eg innsåg kor stor kultur- og språkhistorisk verdi fylket mitt har og eg har sidan kjendt meg stolt over staden eg kjem frå.
Å gå på mediesenteret gjer ikkje berre at eg får oppfylt journalistdraumen, eg får også kombinere det med mi fanesak: nynorsk og dialektmangfald. På sikt håpar eg på å gjere nynorsken meir tilgjengeleg og ikkje minst bevise at nynorsk er fint til meir enn dikt!
Oda Flaten Lødemel var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Etter praksistida i NRK Møre og Romsdal, var ho tilkallingsvikar i TV 2 i eitt år. Frå sommaren 2023 har ho vore vikar i NRK Vestland.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg vaks opp i Sykkylven, der eg var omringa av mektige alpar og mykje Stressless. Trangen til å utforske verda kom tidleg og med reiselysta kom også språkinteressa. Etter vidaregåande førte den meg først til folkehøgskule på Hylkje (eksotisk nok for ein sunnmøring), så til Spania og vidare til Mellom-Amerika, før eg til slutt landa i Bergen.
Eg var klar på at Bergen berre skulle vere ein førebels stoppestad, men før eg visste ordet av det hadde det gått sju år, og på papiret hadde eg ein mastergrad i spansk og Latinamerikastudier frå UiB. Innimellom slaga hadde eg fått meg nokre korte og lengre turar ut i verda gjennom ulike praktikant- og utvekslingsopphald i Spania, Chile og Argentina.
I løpet av åra på farten utvikla det seg ei sterk identitetskjensle som vestlending og som stolt nynorskbrukar. Eg er takksam for å ha vakse opp i ein nynorskkommune, sjølv om eg ikkje alltid har hatt eit bevisst forhold til nynorsken min. Etter litt for mange kommentarar av typen «ååååå, du snakker jo nynorsk<3» i studietida, melde eg meg inn i mållaget og slik starta den då ukjende ferda mot NRK Nynorsk mediesenter og journalistikken.
Etter eit engasjement i Bergen Internasjonale Litteraturfestival, eit sommarvikariat i Sunnmørsposten og jobb som innhalds- og SEO-konsulent i marknadsføringsbyrået Synlighet, kjende eg at eg måtte ta journalistdraumen på alvor. Eg søkte meg til mediesenteret og fekk plass. No ser eg fram til å lære å formidle gode nyheiter på nynorsk og til å bli enda meir bevisst språket og ansvaret mitt som journalist.
Ingrid Gulbrandsen Årdal var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Etter praksis i NRK Nordland gjekk ho over i vikariat same stad, og fekk hausten 2022 fast jobb i redaksjonen.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Då eg blei tjueein fekk eg min første eigne radio i bursdagsgåve, som eg har døypt Lydia. Ho har vore ein trufast ven sidan! Vi ler saman og diskuterer med kvarandre. Ei lita stund etterpå, om enn noko tilfeldig, blei eg introdusert for Studentradioen i Bergen. Lite visste eg då om at opphaldet i organisasjonen skulle bli ein sterk markør for epoken min som student.
Der fekk eg verkeleg opp auga for journalistikken, som eg no ønsker å satse på. I fjor fullførte eg mastergrad i nordisk språkvitskap, der eg fordjupa meg i forholdet mellom språk og samfunn. Eg har også fått prøve meg som journalist i avisa Firda og jobba med innhaldsproduksjon til sosiale kanalar for Universitetet i Bergen. På UiB fekk eg gleda av å skrive nynorsk på plattformer som elles var mykje prega av bokmål.
Eg kjem frå Jølster i Sunnfjord og er oppvaksen i ein heim med stor takhøgde for å meine ting og stille spørsmål høgt. Dette har definitivt spelt inn på min kritiske sans og gleda over å vere nysgjerrig. I tillegg har eg alltid vore glad i formidling, både skriftleg og munnleg. Eg likar tanken på å hoppe først og tenke på landing etterpå, noko som motiverte meg til å søke NRK Nynorsk mediesenter. Her er det «lære det ved å gjere det»-metoden fullt ut. Eg ser fram til å etter kvart bli ein stødig journalist med trygg språkføring, og er spent på månadane som kjem!
Kristina Kassab Liland var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022. Ho hadde praksis i NRK Rogaland. Sidan har ho vore vikar, sommarvikar og tilkallingsvikar i NRK Kultur på Marienlyst.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg vaks opp på Nærbø i Hå kommune som ligg midt i det jærske smørauget. Då eg var lita, tykte eg ikkje noko særleg om heimstaden min eller dialekta mi. Eg vaks opp på nettet og framfor TV-en, der eg utelukkande forheldt meg til bokmål, engelsk eller arabisk, medan nynorsk berre var forbunde med skule. Det å skriva på nynorsk var ikkje eit aktiv val den gongen; det vart rett og slett slik fordi eg tilfeldigvis vaks opp i nynorskkommunen Hå.
Det var fyrst når eg byrja på vidaregåande skule, i det som for meg var Byen (med stor B); Stavanger, at eg kjende eg var stolt over dialekta mi og nynorsken. Det var også då eg melde meg inn i Mållaget og byrja å irritera meg over byfolk som ikkje alltid forstod dialekta mi i staden for å misunna dei.
No har eg vore byfolk sjølv etter fire år i Oslo og ser ikkje så svart og kvitt på det. Noko av det eg tykkjer er aller kjekkast er språk, og på Blindern tok eg ein bachelor i tysk og ein annan i idéhistorie (men her fekk eg faktisk bruk for arabisken!). Eg var også med på å starta opp det feministiske studenttidsskriftet trass!, kor eg framleis sit i redaksjonen. I fjor sommar var eg journalist i Framtida.no. Det var her eg fekk blod på tann og fekk lyst å læra meir om å jobba som journalist. Utanom det har eg vore museumsomvisar på Garborganlegga og Garborgsenteret som eg vil råda alle til å besøka neste gong dei tek turen til Rogalandet.
Sjølv om eg ikkje ser svart og kvitt på by og bygd lenger, tykkjer eg framleis det er ganske svart-kvitt når det kjem til nynorsk og bokmål i kvardagen generelt og media spesielt. Eg har lyst til å bidra til at mediebiletet vert ennå meir nynorskifisert og ein smule ennå meir nyansert. Eg gler meg til å læra meir om korleis formidla godt, lyfta fram dei viktige forteljingane og til å kombinera samfunnsengasjementet mitt med journalistyrket!
Kasper Valestrand var praktikant på kull 36 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2022.
Dette fortel han om seg sjølv:
Å skulle halde på målet har aldri vore enkelt for dei av oss som har flytta inn til sentrum frå periferien. Eg klarte det i alle fall ikkje. Som ung og dum 16-åring reiste eg frå lille Masfjorden og inn til Bergen by for å starte på gymnaset, og som mange andre før meg møtte eg på motstanden som var. Ingen forstod kva eg sa! Og eg som hadde rulle-r som ingen andre.
Når eg har rekna på det i ettertid, har eg komme fram til at det tok meg så lite som ein månad før skarre-r-en var på plass. Så det er sånn det blei, og det er sånn det framleis er. Jaja, eg skriv no på nynorsk. Det får då vere godt for noko.
Ho hadde praksisplass og sommarjobb ved NRK Troms og Finnmark i Tromsø. Hausten 2022 byrja ho i fast jobb som reporter ved Sogndal-kontoret til NRK Vestland.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Då eg har vakse opp med Bergens Tidende på frukostbordet og Dagsrevyen, 21-nyheitene og 23-nyheitene på TV, har små og store samfunnsspørsmål alltid vore ein naturleg del av livet mitt. Då var det kanskje heller ikkje så rart at eg starta på det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiO då eg skulle studere. Her var vegen kort til studentavisa Universitas, både i overført og konkret tyding.
Eg lærte fort at det var vel så kjekt å skrive nyheiter som å lese dei. Som bergensar og opphavleg bokmålsbrukar, skulle det likevel eit sommarvikariat i Sogn Avis til for at eg fekk auga opp for nynorsk som journalistspråk. Eg innsåg at nynorsk ligg nærare bergensdialekta mi enn bokmål, og er eit presist og aktivt journalistspråk.
Etter seks år i Oslo er eg ein mastergrad i statsvitskap rikare, og kan eg skryte på meg journalisterfaring frå studentmedia og avis. Eg har også fått snust litt på verda utanfor Oslo, med opphald i Frankrike, Marokko og Tromsø i løpet av studietida. No ser eg fram til ein vår i her i Førde for å utvikle meg som både nynorskbrukar og journalist.
Erlend Skorpetveit Aga var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Han hadde ekstern praksis i NRK direkte på Marienlyst. Etter avslutta praktikanttid gjekk han over i fast jobb som videojournalist i TV BRA i Bergen.
Dette fortel han om seg sjølv:
Fødd på Stord. Oppvaksen på Tysnes. Ungdomsskule på Askøy. Vidaregåande på Stord. Soldat i Bardufoss. Student i Bergen. Det har altså vore mykje fram og tilbake gjennom åra. Mellom alle adresseendringane er det likevel ein ting som aldri har endra seg. Det er gleda eg får av å formidla historier. Denne gleda er eg sikker på at eg vil få moglegheita til å utvikla vidare som praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter.
Interessa for dei gode historiene har vore der så lenge eg kan hugsa, noko som gjorde val av studieretning enkelt. Media. Media skulle eg jobba med. Derfor enda eg til slutt opp med ein bachelorgrad i nye medium, som eg utvikla vidare til ein mastergrad i medium og kommunikasjon. Eg interesserer meg sjølvsagt for andre ting enn media også, og kan mellom anna trekka fram fotball som noko eg er over gjennomsnittet glad i.
Som fersk student gjekk det ikkje lenger enn første studiedag før eg melde meg inn i Bergen Student-TV. Lite visste eg då at denne studentorganisasjonen skulle bli ein stor del av kvardagen min gjennom heile den fem år lange studietida. Som eit resultat kan eg no sjå tilbake på tre år som fotoredigerar, i tillegg til to år i verva teknisk sjef og ansvarleg redaktør. Samtidig har eg jobba ein del som vikarierande journalist hjå Bladet Tysnes, i tillegg til å ha teke nokre oppdrag i ny og ne som podkastassistent.
No gler eg meg til å kombinera den noverande erfaringa med ny og spennande kunnskap i stillinga som nynorskpraktikant. Eg er ein nysgjerrig kar, som betyr at det framleis er mykje eg ynsker å både læra, oppleva og utforska. Derfor er eg sikker på at NRK Nynorsk mediesenter er ei perfekt rute vidare mot draumen min om å bli journalist.
Adan Hassan Tassamma var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Han hadde ekstern praksis i NRK Rogaland. Frå 1. mars 2022 byrja han som vikar i kultur- og underhaldning i NRK nyhende. Han har seinare vore vikar i NRK sin redaksjon for økonomi og politikk, i tillegg til deskredaksjonen på nyhendegolvet.
Dette fortel han om seg sjølv:
Interessa mi for språk starta tidleg i livet. Eg kom til verda i Tromsø, kor eg prata tromsødialekt og morsmålet mitt om einannan. Då me flytta til Stavanger fem år seinare, så venta dialekt- og språkforvirring som følge av skarre-r-ar, språkstasjon og morsmålsundervisning. Heldigvis gjekk det seg fort til.
Dessverre blei målforma mi bokmål, til liks med dei fleste siddisar. Eg er veldig glad i stavangerdialekten min, og eg opplever at den kjem godt med nå som eg er nynorskbrukande journalistpraktikant. Nynorsken opnar for meir dialektnær skriftleg og munnleg formidling av mitt eige målføre. Eg skal derfor gjere mitt for å bli ein god ambassadør for den nye målforma mi. I tillegg til å vere med på å styrka det språklege mangfaldet i samfunnet, vil eg bidra til å auka det kulturelle mangfaldet i ein bransje som bør spegla eit stadig meir mangfaldig samfunn.
På vidaregåande valde eg å gå den engelskspråklege linja International Baccalaureate. Etter nokre travle år i der, trong eg eit avbrekk frå skolegang. Garden blei dermed neste utfordring, før folkehøgskolen bydde på mange vidt forskjellige fag, som seg hør og bør. Eg har nå ein mastergrad i statsvitskap frå UiO med eit utvekslingsopphald ved Sciences Po Paris. Det siste året av graden fullførte eg samtidig med at eg vikarierte som rettleiar og saksbehandlar i Nav på fulltid under pandemien. Innsikta dette har gitt meg i offentleg sektor, velferdsstaten og samfunnet sine skyggesider er noko eg absolutt vil ta med meg i mitt virke som journalist. Nysgjerrigheita mi har vore viktig for at eg er her i dag. Den skal eg fortsetta å dyrka i jakta på nye innsikter som eg nå kan formidla.
Eg søkte meg til dette intensive opplærings- og praksisløpet for å få eit sett knaggar å henge interessene mine for nyhende, sport, politikk, samfunnsutviklinga, språk og læring på. Det har verkeleg stått til forventningane. Nå gleder eg meg til fortsettinga i yrket.
Bjørne Østrem Djukastein var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Han var i ekstern praksis i NRK innanriks, og har halde fram som vikar der sidan då.
Dette fortel han om seg sjølv:
Eg er frå Voss, og er såleis ein av dei heldige som kan seie at klisjeen om å ha vakse opp på verdas finaste plass faktisk er sann for meg. Under intervjuet hjå mediesenteret vart eg spurd om eg nokon gong har vurdert å la nynorsken vike. Det spørsmålet var vanskeleg å forstå. Heimstaden min har trass alt gjeve meg både ei dialekt eg er stolt av og eit nært forhold til Guds eige mål.
Etter gymnaset byrja eg på ei bachelorgrad i samanliknande politikk ved UiB. Som vossing tok det tid å verte glad i Bergen og dei brautande innfødde. Kjærleiken for Vestlandshovudstaden vaks seg likevel så stor at òg masterstudiet i same disiplin vart akkompagnert av bogekorps i brusteinsgater.
I tidlege lesesalsdagar skjønte eg at sanneleg gjevande erfaringar var dei frå den verkelege verda. Særleg spanande har det vore å møte folk som ser kloden me alle bur på annleis enn meg sjølv. Ein lærer gjerne meir av det. Eg passa difor på å utnytte moglegheitene til å utforske det store utland. Med det utgangspunktet har eg hatt lærerike studie- og praktikantopphald i New York, Brussel, Antwerpen og Haag.
Av alle dei ulike typane potet me har i Noreg, må statsvitar vere mellom dei mest allsidige. Som journalist håpar eg å kunne formidle til og engasjere dei som tenker politikk er noko som vedkjem andre. Allereie etter denne no korte tida ved mediesenteret er eg viss om at opplæringa her rustar meg til å kunne utføre det arbeidet framover.
Maria Gunnarsdotter Svedal var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Ho hadde ekstern praksis i NRK Vestland sin redaksjon i Bergen, og ho heldt fram der som vikar ut sommaren 2022. Ho er no tilkallingsvikar same stad.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Eg er heldig som fekk veksa opp i Sogndal og utvikla nynorsken min der. Eg har eigentleg aldri opplevd at å skriva bokmål har vore eit reelt eller aktuelt alternativ. Det er eg både glad og takksam for. Ikkje fordi det er så mykje gale med bokmål, men fordi nynorsk er eit så godt språk.
Eg har alltid vore glad i å skriva, og dei siste åra har eg fått skriva ein heil del. I Sogn Avis har eg fått vera både journalist og spaltist, og som student i Bergen har eg klokka inn ganske mange tusen ord. Sjølvsagt på nynorsk. Språkinteressa mi førte meg til språkutdanning, og i studietida har eg fått pleia interessa for journalistikk i Studentradioen i Bergen. Der har eg fått boltra meg med program om alt frå studentnyhende til Harry Potter. Og så har eg sjølvsagt laga eit program om språk. I masteroppgåva mi i nordisk språk kombinerte eg desse interessene og undersøkte engelske innslag i norske podkastar.
No ser eg fram til eit lærerikt og inspirerande halvår som nynorskpraktikant. Eg håpar eg får utvikla meg både som nynorskbrukar og journalist.
Ingeborg Undheim var praktikant på kull 35 ved NRK Nynorsk mediesenter hausten 2021. Ho hadde ekstern praksis i NRK direkte på Marienlyst i Oslo. Frå mars 2022 har ho vore vikar i den same redaksjonen.
Dette fortel ho om seg sjølv:
Som liten var eg fasinert av journalistikken. Eg blei tidleg fortalt at eg kunne bli akkurat det eg ville, noko eg meiner alle barn burde bli fortalt. Det har også resultert i at eg har hatt fleire forskjellige framtidsdraumar som liten. Alt frå butikkmedarbeidar i leiketøybutikk til hjernekirurg til arkeolog. Likevel er det ønsket om å bli journalist som har vore det mest gjennomgåande. Då eg gjekk på barneskulen, var det mest fordi eg ville ut og oppdage verda. Det vil eg framleis, men eg har også forstått at yrket som journalist er eit sentralt og viktig samfunnsoppdrag. Det gjer det endå meir innbydande.
I 2017 gjekk eg rett frå vidaregåande og til studium ved Universitetet i Bergen. Der fullførte eg ei bachelorgrad i europastudium med spesialisering i samanliknande politikk. Gjennom studiet fekk eg også reise på eit utvekslingsopphald til Science Po i Toulouse i Occitanie, Frankrike. Der blei eg godt kjent med jamaldrande frå heile verda, noko som var veldig kjekt. I tillegg lærte eg at det kjente bakverket «pain au chocolat» blir kalla «chocolatine» i denne regionen. Hugs det om du tek turen til Toulouse!
Tilbake i Bergen skreiv eg bacheloroppgåva mi, som handla om utviklinga av dei politiske skiljelinjene i det europeiske parlamentet. Då fekk eg nørde skikkeleg. Eg bestemte meg deretter for å bli i Europas cocktail, som Holberg kalla byen, eit år til. Samspelet mellom natur og samfunn, er for meg både engasjerande og relevant. Det siste året mitt i Bergen nytta eg derfor til å få meir greie på korleis dette heng saman. Eg valte derfor å vere i praksis i bymiljøetaten i Bergen kommune eit av desse siste semestera, og det neste bruke eg på å studere litt geografi.
I tillegg til erfaring frå studentmedia, har eg hatt sommarvikariat i Jærbladet og Stavanger Aftenblad, men no er eg så heldig å få vere iallfall fire månadar i Førde. Eg ser fram til å bli ein trygg, kritisk og framfus journalist gjennom tida mi her i NRK. Og til å utforske alle dei sju fjella rundt Førde.
Ingeborg Kløve-Graue var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Frå 3. mai og ut juni hadde ho ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, der ho også hadde sommarjobb. Etter eit kort vikariat i NRK Vestland i Bergen, byrja ho i ei konsulentstilling i Helse Bergen. Der er ho prosjektleiar for digitalt innhald og nye digitale tenester innanfor psykiatri og somatikk.
Ho fortel dette om seg sjølv:
Eg er oppvaksen på den finaste garden på Voss. Noko idrettstalent vart eg aldri, men eg fann stor glede i musikk, bøker og dans. Etter vidaregåande trong eg å sjå noko meir enn Vangsvatnet og reiste til Cape Town for å jobbe som frivilleg. Under dette opphaldet innsåg eg at eg ynskte å jobba med menneske og helse. Vegen vidare gjekk difor til sjukepleiarutdanninga i Bergen.
Etter eg var ferdigutdanna tok eg turen tilbake til Voss og jobba to år som sjukepleiar på Voss sjukehus. Så vart eg lei av Vangsvatnet igjen og reiste like godt tilbake til byen mellom dei sju fjella og fekk meg jobb på Haukeland sjukehus. Då pandemien kom til Noreg vart avdelinga mi ein del av pandemimottaket og eg vart så (u)heldig å få ta ein del av opplevinga av å stå i frontlinja.
Eg er svært stolt av å vere sjukepleiar, men kjende etter kvart behovet for å kunne ta fram mine kreative sider. Lesegleda frå barndommen har gjort til at eg lenge og har vore glad i å skrive og formidle. Så for å lette litt på pandemikvardagen vart eg nettstudent på Høyskolen i Kristiania og tok fag i journalistikk og kreativ skriving.
Faga gav meirsmak og førte meg til Nynorsk mediesenter. Så her sit eg no og forstår enno ikkje heilt kva eg driv med og kor heldig eg er som har fått sjansen. Håpet er å kunne bruke erfaringa mi med menneske på ein positiv måte og bidra til både god journalistikk og betre folkehelse.
Oddgeir Sæle var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Han hadde ekstern praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Førde, der han og fekk sommarjobb etterpå. Frå hausten 2021 har han jobba som vikar same stad.
Dette fortel han om seg sjølv:
Eg er oppvaksen på ein gard i Dalsfjorden på Sunnmøre.
Ein lærar sa ein gong til meg at det spelar ikkje noko rolle kva de utdannar dykk til, de kjem til å ende opp med å gjere noko heilt anna uansett.
Eg nikka, utdanna meg til elektrikar og jammen fekk han rett.
Under oppveksten i fjorden kunne eg sitte på barnerommet med ein nedarva kassettspelar og introdusere songane eg tok opp frå radioen.
«Og her kjem Backstreet Boys» las eg inn over introen til fem amerikanske smørsongarar med all den finesse og presisjon ein åtteåring kan ha.
Kassettane fekk handteikna merkelapp med raud logo og pirat-plateselskapet var eit faktum.
Eg selde ikkje ein einaste kassett, men leverte kvalitet i alle ledd.
På jobb som elektrikar hjå ein nedlagd trikotasjefabrikk i Ørsta høyrde eg for første gong promoen for NRK Nynorsk mediesenter på radio.
Om det var minusgradene eg arbeidde i, eller innsalet til unge Ronny Brede Aase frå Førde, veit eg ikkje. Promoen hadde eg i alle fall i bakhovudet i nesten ti år før eg søkte sjølv.
Hjå Nynorsk mediesenter har eg fått knytt erfaringane frå åra som elektrikar og tida som platepratar på barnerommet opp i mot journalistyrket.
Synne Sørenes var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Ho hadde ekstern praksis i redaksjonen til NRK Vestland i Bergen, og der hadde ho også sommarjobb. Frå hausten 2021 var ho vikar, inntil ho sommaren 2023 fekk fast jobb same stad.
Ho fortel dette om seg sjølv:
At eg skulle bli journalist har nok alltid lege i korta. Som ung og spenningssøkjande bømling sat eg på rommet mitt og kikka ut over det vetle byggefeltet, i håp om å vitje ei spanande hending, helst i form av innbrot, bilulukke, eller familiekrangel.
Eg fekk sjeldan sjå meir enn ein katt på rømmen, eller halvbrisne nabogutar på veg heim frå fest, men historiene som kunne blitt vart nedskrivne likevel. Dramatiseringa la eg til dels ifrå meg på jenterommet, men skrivegleda og interessa for å observere tok eg med meg til Bergen, der eg vart utdanna sosialantropolog.
I tillegg til ein mastergrad i antropologi, har eg bakgrunn i spansk- språk og kulturstudium, amerikansk litteraturhistorie og pedagogikk. Eg har budd fleire år i Nord-Amerika, hovudsakleg USA, Costa Rica og Den dominikanske republikk. No er eg så heldig å få vera ein av NRK sine nynorskpraktikantar og stortrivst som gryande journalist i vakre Sogn og Fjordane. Draumen er å få arbeide med det eg likar aller best i lang tid framover; nemleg å halde auge og øyre opne, tileigne meg kunnskap og ikkje minst vidareformidle på eit engasjerande og kreativt vis!
Fødd på Lillehammer, oppvaksen på Otta, gjorde eg det same som dei aller fleste klassekameratane mine då eg var ferdig med vidaregåande og flytta inn til storbyen. Interessa mi for lesing og skriving fekk eg grundig bekrefta, då eg tok ein bachelor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, men det som verkeleg fekk vekka journalistspira mi var alt som skjedde utanom studietid. Organisasjonsliv, debattar og frivillig arbeid prega tida mi der, og det rusta meg godt til å sjå kva som rører seg utanfor mi eiga boble.
Då eg byrja på ein mastergrad i retorikk og kommunikasjon, tok eg med meg engasjementet for godt språk og god historieforteljing. Det kom godt med då eg var hospitant for det norske generalkonsulatet i New York haustsemesteret 2019, og eg tek det også med inn i journalistkvardagen. Utanom studium og frivillige verv har eg arbeidd i resepsjonen på museum, som servitør på hotell og som lærarvikar ved behov.
No er eg oppteken av å fange opp dei gode historiene, og å formidle dei på best mogleg måte, enten det er på TV, radio, nett eller sosiale medium.
Martha Linnea Pukallus var praktikant på kull 34 ved NRK Nynorsk mediesenter våren 2021. Ho hadde ekstern praksis i N17-redaksjonen i NRK Nyhende, der ho og hadde sommarjobb.
Norsk-australsk mediepotet frå Førde. Oppvaksen på internett. Sjølvlærd frilansfotograf som vil vere med å fortelje unge saker visuelt og gjerne utradisjonelt.
No: Kommunikasjonsrådgjevar i Nairobi for DDFinance AS
Per-Ivar var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Han hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, i Ålesund. Seinare var han tilsett i vikariat i NRK Møre og Romsdal fram til hausten 2022. Då byrja han som kommunikasjonsrådgjevar for DDFinance AS i Nairobi.
Slik presenterer Per-Ivar seg sjølv:
Eg kjem i frå Kvalsvika på Sunnmøre.
Har budd nokre år i Molde, og no er eg i Førde.
Førde er ikkje så langt frå Sunnmøre, men det er langt nok til å lengte heim.
Seline Larsen gjekk på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Først var ho vikar i NRK Vestland sin redaksjon i Førde, før ho jobba eit år for Fjordenes Tidende i Måløy. Hausten 2022 var ho tilbake som vikar for NRK Vestland i Førde. I desember same året byrja Larsen som kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst.
Slik presenterer Seline seg sjølv:
Eg er vaksen opp i sjølvaste Måløy by, Noreg sitt svar på New York. Ei syngande Måløybru med stengd bom er ikkje eit framand fenomen, og kanskje noko av det koselegaste eg veit. Ikkje visste eg at eg ein dag skulle få sende direkte frå Måløybrua i både Dagsrevyen og Vestlandsrevyen, men det kjem eg tilbake til.
Valet av studieretning på vidaregåande bar preg av at eg ikkje visste heilt kva eg ville. Det fell nemleg på studiespesialiserande. Dei einaste tankane eg hadde om framtida, var at eg ikkje ville jobbe på eit vanleg kontor med ein bunke med sakspapir framfor meg. Difor enda eg opp med å ta ein bachelor i TV-produksjon ved Universitetet i Bergen. Det var ikkje det at eg hadde eit brennande ønske om å bli regissør eller produsent, men eg trong å gjere noko kreativt og spennande.
Av rein tilfeldigheit skulle eg hausten 2019 ende opp i Førde, i det som då heitte NRK Sogn og Fjordane, i ein praksisperiode på to månadar. Då jobba eg som TV-fotograf og multimedie-journalist, og fekk vere med på å lage både reportasjar og direkterapporteringar til nyhendesendingane. Ulike vikariat i NRK gjennom det siste året mitt på universitetet, gav absolutt meirsmak for nyhendejournalistikk. Då vart NRK Nynorsk mediesenter den perfekte vegen å gå.
Eirin Tjoflot var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Ho hadde ekstern praksis i NRK.no på Marienlyst. Sidan var ho vikar og sommarvikar i Direktelinja i NRK Nyhende. Våren 2022 fekk ho fast jobb i denne redaksjonen.
Slik presenterer Eirin seg sjølv:
Journalistkarrieren starta tidleg. Allereie i 6. klasse fekk eg ein jobb innan mediafaget. Eg la lista høgt. Redaksjonssjef var stillingstittelen. Den noko ukjende skuleavisa «Sekseblikk» var avisa. Når sant skal seiast var det eigentleg stillinga som redaktør eg søkte på, men du veit; ein klasse på sju elevar og berre ei redaktørstilling, er eit trongt nålauge. Det var ingen som hadde søkt på stillinga som redaksjonssjef. Truleg fordi ingen visste kva ein redaksjonssjef var. Då læraren reklamerte med at dette var ei stilling der eg kunne sjefa over journalistane, det vil seia klassekameratane mine, var eg overtydd. Redaksjonssjef vart eg. I «Sekseblikk» kunne me blant anna by på eit eksklusivt intervju med kjendisen i bygda. «Med kjærleik i blikket» var overskrifta, og handla sjølvsagt om den «eplekjekke» bonden som var med på «Jakten på kjærligheten». Elles stilte me i spalta «Redaktør og redaksjonssjefen har ordet» kritiske spørsmål til pengebruken i kommunen: «Berre ein ting me undrar over. Kvifor har me på Sekse skule så lite pengar? Me har jo ikkje pengar til ein blyant ein gong. Kan ikkje me få meir pengar av kommunen då? Då trur me jammen at skulen hadde vore endå litt betre”.
Ein pangstart på journalistkarrieren der altså. Eg skulle likevel ha eit lite opphald frå livet som journalist. Grunnskulen måtte gjennomførast. Det same gjeld den vidaregåande opplæringa. Etter tre år på studiespesialiserande, tok eg eit friår for å reisa jorda rundt. Starten på studielivet var som jusstudent. Det fall ikkje heilt i smak, og eg byrja på grunnskulelærarutdanninga med den noko uvanlege kombinasjonen av matematikk og norsk som hovudfag. Våren 2020 leverte eg masteroppgåva mi i undervisingsvitskap med norsk som fordjuping. I heile studietida har eg i sommarferiar, samt andre feriar, jobba som journalist i lokalavisa Hardanger Folkeblad. Det gav meirsmak! Eg søkte NRK Nynorsk mediesenter våren 2016 og kom til intervjudelen, men det stoppa der den gongen. Det var med andre ord ei veldig nøgd jente som fekk tilbodet om praktikantstillinga fire år etter.
Eg er over gjennomsnittet nysgjerrig og glad i folk. Eg er genuint oppteken av språk, og likar å både lesa, skriva og prata. I tillegg har eg alltid vore veldig iderik og hatt ei trong til å setja ideane mine ut i livet. Å då få moglegheita til å jobba som journalist, og attpåtil få jobba som nynorskbrukande journalist, er berre heilt prima!
Lidvard Sandven var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Frå nyttår og ut februar hadde han ekstern praksis i NRK Vestland, i Bergen. Han heldt fram der som vikar og sommarvikar, og hausten 2021 fekk han eit vikariat som journalist ved lokalkontoret i Hardanger. Frå hausten 2022 er han vikar i NRK Vestland sin redaksjon i Bergen.
Slik presenterer Lidvard seg sjølv:
Eg kjem frå Norheimsund, sjølve diamanten i smykket ein kallar Hardanger. Ein kan seie mykje om Norheimsund, og det gjer eg, men det er ein særdeles god plass å veksa opp viss ein likar nynorsk. Det har aldri vore aktuelt for meg å skriva noko anna enn nynorsk, med mindre eg er i utlandet, naturlegvis. Både nynorsk som skriftspråk og dialekta mi har vore ein viktig identitetsmarkør for meg heile livet.
Eg har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, men forstod tidleg at eg var meir oppteken av historier og menneske enn å tyde statistikk og tal. Det gjorde at eg hadde ei aktiv og sosial studietid, både som møteleiar og moderator på Studentersamfunnet i Bergen sine arrangement, og som medprogramleiar i Studentradioen. Heime har eg òg jobba i lokalavisa Hordaland Folkeblad.
Eg har vore oppteken av formidling i lang tid, og har vore nysgjerrig på saker og historier så lenge eg kan hugsa. Gode historier og saker som engasjerer finn ein i alt frå fredsavtalar i Jemen til folk som samlar på gryteklutar i Ulsteinvik.
Linn Hauge Eide var praktikant på kull 33 ved NRK Nynorsk mediesenter 2020/21. Ho hadde ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende. I mars 2021 takka ja til eit doktorgradsstipendiat (innan næring) om berekraftige ingrediensar i laksefôr, ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet på Ås.
Slik presenterer Linn seg sjølv:
Eg vaks opp i kystbygda Osmundsvåg i ytre Nordfjord. Der var det mykje vêr og få leikekameratar, men naturen var ein enorm leikeplass. Med interessa for natur og friluftsliv tok eg bachelorgrad i biologi ved Universitetet i Bergen. Deretter tok eg mastergrad i biomedisin om immunologi, influensavirus og vaksiner.
Før eg byrja som nynorskpraktikant jobba eg med forsking på virus og vaksiner ved Influensasenteret på Haukeland Universitetssjukehus. Like før koronapandemien braut ut, fekk eg jobb på Folkehelseinstituttet i Oslo. Der jobba eg med forsking på barnevaksinasjonsprogrammet, og etter kvart koronavirus.
Medan eg jobba som molekylærbiolog, tenkte eg at nyheitene om mitt fagfelt iblant var upresise med for mange feil. Då eg oppdaga Nynorsk mediesenter fekk eg ein spennande sjanse til å kombinere fagkunnskap og journalistikk. I tillegg tykkjer eg foto, film og sosiale medium er veldig kjekt. Derfor hadde eg lyst til å prøve ein ny karriereveg som multimediejournalist.
Det som engasjerer meg mest er vitskap, helse, teknologi, natur, mat og friluftsliv. På fritida er eg glad i klatring, segling, ski og fjellturar.
Trine Svanholm Misje var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst, og arbeidde der til ho byrja i eit vikariat i nyhenderedaksjonen i TV 2 i mai 2021. Sidan november 2021 har ho hatt fast jobb i TV2.
Slik presenterte Trine seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Allereie i 6. klasse var eg inne på tanken om å bli journalist, og eg laga min første (og førebels einaste) dokumentarfilm under «elevens val» same år. Her intervjua eg bestemor om heimbygda hennar. Eg lærte og mi første lekse om journalistikk, nemleg at ein ikkje kjem særleg langt med å berre stille ja/nei-spørsmål. Eg tok ein pause frå journalistikken til eg var vel fjorten. Då var det tid for elevbedrift, og eg og to medelevar starta opp avisa «Byrknesnytt». Ambisiøse som me var planla me fem utgåver. Me fekk gitt ut to. Her lærte eg ei lekse nummer to, om tidsklemma.
Etter kvart flytta eg frå heimbygda mi på Byrknesøy i Gulen til storbyen Bergen for å studere. Politikk og menneskerettar var favorittfaget på vidaregåande, og statsvitskap var dermed eit naturleg val vidare. Eg tok ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. I tillegg har eg teke fag innanfor samfunnsøkonomi, europastudier og utviklingsstudier.
Eg treivst svært godt som student, særleg når eg fekk gå nærare inn på spennande problemstillingar knytt til tema innanfor politikk og samfunn. Eg bestemte meg difor for at mine journalistiske forsøk på barne- og ungdomsskulen ikkje skulle bli mine siste. Eg søkte meg til NRK Nynorsk Mediesenter for å finne ut kva leksjon nummer tre ville bli.
No: Vikar i Opptur på P1 og Student ved Universitetet i Bergen
Guro Brattespe Lahus var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis og sommarjobb i NRK i Telemark og heldt fram som vikar i Porsgrunn. Frå hausten 2021 er ho master-student i Bergen, og i november og desember kombinerer ho dette med eit vikariat i Opptur på NRK P1.
Slik presenterer Guro seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Eg har tilknyting til to fagre stader; Hardanger og Telemark. Kvar enn ein snur seg i Hardanger er blikkfanget eit maleri frå nasjonalromantikken. Fjorden, fjella og Folgefonna. Reint makelaus, nesten ubeskriveleg, berre spør dronninga.
Sjølv om Hardanger er ein kjær stad for meg, var det felebygda Bø eg vaks opp i. Det er ein kulturrik stad og har utvilsamt sjarmen som små lokalsamfunn har; alle kjenner alle. Diverre skrantar det meir og meir på dialekta. No som eg har nokre år på baken, kjenner eg på ei frustrasjon kring dette. Ei kjensle av at eit særs viktig identitetsmerke svinn hen.
Etter vidaregåande vende eg nasen vestover. Over eit fjell, gjennom eit par tunnelar og over ei bru så enda eg til slutt på Karmøy Folkehøgskule. For eit år! Ferda vidare vart fire år på lærarskulen i den joviale trønderhovudstaden, før vestlandsgenet drog meg til Bergen der eg tok ein bachelor i medievitskap. Det gav mykje lærdom kring det teoretiske aspektet og den kritiske tenkinga, men diverre lite høve til å nytte det i praksis.
Frå tidleg alder har eg hatt stor interesse for formidling. Kanskje i for stor grad vil enkelte seie. Eg har fått beskjed om å ta meg fem minuttar. Ved fleire høve. Likevel vil eg seie at engasjement kring det å fortelje og formidle er viktig. Ikkje minst det å vere nyfiken på kva som skjer og har skjedd, om det så vere om mannen i gata eller internasjonalt.
Sjur Mikal Dolve var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni. Han hadde praksis i NRK Vestland, i Bergen, og hadde sommarjobb der etterpå. Byrja hausten 2020 på medieutdanning ved Universitetet i Bergen og som tilkallingsvikar i NRK Vestland. Frå hausten 2023 studerer Dolve nautikk i Haugesund.
Dolve presenterer seg sjølv slik då han byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Etter å ha tusja ned interiøret i far min sin varebil ein fin sumarsdag tidleg i barndomen, fann eg ut at det var journalist og ikkje illustratør eg ynskte å bli. Omtrent då eg byrja på ungdomsskulen oppdaga eg verkeleg dei fantastiske media radio og podkast. På skulebussen hadde eg alltid med meg ein DAB-radio i lomma, og heime stelte eg dyr, selde jordbær og sette poteter med podkastar i øyra.
I tiandeklasse skulle me utplasserast ei veke i arbeidslivet, og eg la i veg til Oslo og vitja P3. Då eg var 16 baud eg meg fram som journalistspire for lokalavisa, og fekk jobba hjå dei i helger og feriar. I arbeidslivet har eg også prøvd meg bak kassa på bensinstasjon og som servitør, før eg i fjor vart innhenta av vernepliktslova (og sjølvsagt også mitt eige ynskje om å gjera noko anna), og hadde fyrstegongsteneste i Bardufoss.
Eg har alltid vore nyfiken og undra på kva som rører seg i verda rundt meg. Mi interesse for læring kjem nok godt med som praktikant – her lærer me mykje på kort tid.
Emily Louisa Millan Eide var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis i redaksjonen for kultur og underhaldning i NRK Nyhende, og var der som vikar til sommaren 2022.
Slik presenterer Emily seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant ved nyttår 2020:
Så lenge eg kan hugse, har eg hatt ein fascinasjon for mennesket og eit ønskje om å gje ei stemme til dei som er dårlegare stilt i samfunnet.
Namnet mitt er Emily Louisa Millan Eide. Eg er 26 år frå Ulsteinvik. Eg har ein bachelor i dokumentarfilmregi frå Lillehammer. Snart kan eg i tillegg smykke meg med tittelen: multimedial journalist.
Eg har lenge vore oppteken av å møte folk i alle livssituasjonar, med forskjellige historier og bakgrunnar. Vore oppteken av å formidle deira bodskap gjennom foto, teikning, journalistikk og dokumentar. Eg ønskjer å opplyse folk og fortelje om urett. Eg ønskjer å rette fokuset mot ting som må fram i lyset. Men eg ønskjer og å fortelje kvardagshistorier med eit glimt i auge.
Då eg var tenåring, gjekk eg formgjeving i «byen», Ålesund. Då var eg omringa av folk som snakka «fint» og skreiv bokmål, men eg heldt på dialekta og skriftspråket mitt. For dei er ein viktig del av identiteten min. Det at eg som journalist kan skrive på nynorsk, som er nærare min talemåte enn bokmål, og tale mi dialekt når eg lagar filmar og reportasjar, ser eg på som eit privilegium.
Målet mitt er å fortelje audiovisuelt sterke, samfunnskritiske, gode historier, gjennom forskjellige formar for medium, på nynorsk.
Astrid-Amalie Hetland var praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. Ho hadde praksis i NRK Supernytt i mai og juni. Frå hausten 2020 har ho vore student ved Universitetet i Oslo.
Slik presenterer Astrid-Amalie seg sjølv:
Eg heiter Astrid-Amalie Hetland, og ifølge Store norske leksikon kjem eg frå «et boligområde nord for krysset mellom Fv. 315 og Fv. 335» i Sandnes kommune.
Eg gjekk på Sviland Skule frå 1. til 7. klasse. Der skreiv me nynorsk, noko eg tenkte var heilt naturleg. Difor kunne eg ikkje forstå kvifor klassekameratane mine heller ville skriva bokmål. Noko dei forresten byrja med då me byrja på ungdomsskulen. Det var 15 klassar på ungdomsskulen, og me kunne tella på to hender kor mange elevar som valde å halda fram med å skriva nynorsk. For meg var det sjølvsagt, sjølv om det var lite entusiasme og velvilje mellom lærarane til å legga til rette for nynorskbrukarane.
På vidaregåande gjekk eg landbruksfag på KVS Lyngdal. Etter tre år kunne eg kalla meg agronom. Etter det reiste eg heim igjen til Sviland. Heime i Sandnes fekk eg jobb som varehusmedarbeidar i Rusta Retail AS samtidig som eg gjekk påbygg til generell studiekompetanse, og eg var avløysar på fleire gardar. Kvardagen min har med andre ord vore prega av eit høgt tempo.
Eg har vore aktiv i speidaren store delar av livet. Der har eg fått bryna meg på oppgåver av alle slag. Dei oppgåvene eg stadig har dotte tilbake på har hatt med skriving og fotografering å gjera. Eg har fleire gonger vore med i pressestaben på alt ifrå NM i speiding til landsleir. Der vart eg kasta ut i det og etter det har eg vore svolten på å læra meir om mediabransjen. Første steg var å vera ein del av redaksjonskomiteen i Speiderbladet. Andre steg er å vera praktikant i NRK Nynorsk mediesenter. Eg gler meg til eit intensivt og lærerikt halvår her i Førde og er spend på kva tredje steg er.
Elias Håvarstein var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, 2019/2020. Han hadde ekstern praksis i NRK Rogaland og var etterpå vikar i NRK Vestland og NRK Rogaland. Frå januar 2021 arbeidde Håvarstein i Stavanger Aftenblad sin Byas-redaksjon, og hausten same året fekk han fast jobb som journalist med TV/video-kompetanse i Aftenbladet. Hausten 2022 byrja han i ei fast stilling som reporter for TV 2 i Stavanger.
Håvarstein presenterte seg sjølv slik då han byrja som nynorskpraktikant hausten 2019:
Eg fekk mine fyrste tenner i Tromsø, der foreldra mine var lærarar på nittitalet. Men, innan tusenårsskiftet hadde dei flytta heim til Rogaland – og eg med. Der vaks eg opp i ei bygd kalla Randaberg. Den herlege heimbygda mi har heile 10.000 innbyggjarar, og det tek berre nokre minutt å køyre til Stavanger. Her i Sogn og Fjordane blir eg derfor fortalt at eg slett ikkje er nokon ordentleg bygdegut. Trass mi nyfunne identitetskrise er det ikkje så gale lenger nord på Vestlandet.
I løpet av skulegangen min var eg ein del av nynorskminoriteten i Rogaland. Dette har gjort meg til ein forkjempar for målforma, då mange sørvestlendingar har gløymt at det er greitt å skrive likt som me snakkar. Min draum er at nynorsken skal verte ein meir naturleg del av kvardagen, og der har media stor innverknad (og ein lang veg å gå!).
Med veldig gjennomsnittlege karakterar fullførte eg vidaregåande, og deretter reiste eg til Berlin for å sjå verda. Det fekk eg sett litt av, men etter eit snaut år drog eg heim til trygge Noreg og budde to år i hovudstaden. Der studerte eg religionsvitskap på Blindern. Men to år i Oslo var nok, og turen gjekk vestover til Bergen. Der fortsatte eg med same studiet, men prøvde meg òg på ein haug andre fag, på leit etter svaret på «kva skal du bli då?».
Svaret på det spørsmålet fann eg ikkje i Bergen, men femten mil lenger nord – nemleg her i Førde.
Opp gjennom åra har eg interessert meg for litt av kvart. Mellom anna politikk, teknikk, musikk, og no endå ein -ikk, med journalistikk. Eg har alltid vore oppteke av kva som skjer her og der, og det å no kunne skrive om det er ein fantastisk moglegheit. Kunsten å engasjere andre i smått og stort har alltid vore min misjon, og å vere journalist er ein super sjanse til å gjere nettopp det.
Oda Elise Svelstad var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29. februar 2020. Ho hadde ekstern praksis i kultur og underhaldning i NRK Nyhende og fekk vikariat der etterpå. Ho har vore vikar i VG, og hausten 2021 hadde ho eit vikariat som nettjournalist i NRK Underhaldning. Våren 2022 fekk ho fast jobb i denne redaksjonen.
Ho presenterer seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2019:
Eg vaks opp på naturskjønne Sel i Gudbrandsdalen, og trass i at eg var omgjeven av flotte fjell i Rondane var det fotballbana i tjukkaste bustadfeltet som bergtok meg mest. Etter fleire år der idrett var ein stor del av kvardagen bestemte eg meg for å leggje fotballskoa på hylla og reise til Paris for å bli kjent med det franske språket, og eit heilt anna kulturliv enn det eg var vand med. Det inspirerte meg vidare til å studere Europastudier, før eg gjekk over til Lektorprogrammet med faga nordisk-engelsk, på Blindern.
Heilt sidan eg var lita har eg høyrd på radio, og vore nysgjerrig på korleis ein lagar fengande reportasjar og intervju med berre lyd. Som lidenskapeleg oppteken av språk, kultur og formidling valde eg derfor å søke meg inn på programmet Skumma Kultur på Radio Nova. Der vart eg kjent med dyktige og kreative folk som gjorde meg enda meir interessert i å jobbe med radiojournalistikk. Då eg høyrde om det å vere nynorskpraktikant på Nynorsk mediesenter var det ingen tvil om kor vegen skulle gå vidare!
Lars Volldal var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29.februar 2020. Han hadde praksis i NRK Vestland, i Førde.
Volldal presenterer seg slik:
Sjølv om eg har strileblod i årene, er eg ein ekte sogning. Eg vaks opp på Leikanger, gjekk på Sogndal VGS, og budde i trivselsfylket til eg var 19 år. Då tok eventyrlysta over, og eg flytta til nabofylket for å studere historie.
Etterkvart tok eg også fag i samanliknande politikk og religionsvitskap. I løpet av studietida var eg aktiv i blant anna Studentersamfunnet i Bergen. Ved sidan av studia arbeidde eg på Apollon Platebar og som medierådgjevar for Miljøpartiet dei Grøne.
I 2013 var eg med å grunnlegge Tidsskriftet Røyst. Sidan har eg vore styremedlem og redaktør. Frå 2015 – 2017 var eg fylkesleiar i Sogn og Fjordane og landsstyremedlem for MDG.
Det var først etter eit par år i Røyst og MDG kjærleiken og lengselen for bygda kom attende. Då eg oppdaga den unike moglegheita ved Nynorsk Mediesenter var valet enkelt. Å lære seg både radio og TV, og få praksis som nyheitsjournalist på berre 6 månadar var akkurat det eg trengte for å kunne omskulere meg til journalist. Derfor bytte eg ut hipsterar med bønder og bygdeoriginalar, vestlandets vakraste by med vestlandets styggaste og byrja som praktikant ved NRK Sogn og Fjordane. Det har eg ikkje angra på. Eg har aldri lært så mykje på så kort tid!
Vilde Gjerde Lied var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29. februar 2020. Ho hadde ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende og var vikar der til september 2020. Sidan har ho jobba som vikar i NRK Troms og Finnmark i Tromsø og i Klassekampen. Ho har også arbeidd med radiodokumentar, og tek i 2022 ein master i undersøkjande journalistikk i tillegg til å arbeide i Bergens Tidende.
Vilde presenterte seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2019:
Eg vaks opp i Liabygda, ei lita fjellbygd på indre Sunnmøre. Fram til eg byrja på ungdomsskulen var dette alt eg kjende. Tett på naturen, fjella og fjorden, med mykje rom og luft til å utforske han.
Eg har studert samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo, med eit semester på Universitet i São Paulo. Her har eg fordjupa meg i politisk og økonomisk geografi. Dette har gitt meg innsikt i korleis verda heng saman, både lokalt, nasjonalt og globalt.
I 2015 var eg solidaritetsbrigadist i Brasil gjennom Latin-Amerikagruppene i Norge. Åra i etterkant sat eg i sentralstyret til Natur og Ungdom. Bakgrunnen min frå den lille store fjellbygda på Sunnmøre til storbyane i Latin-Amerika har gjort meg ekstra oppteken av miljø, klima og menneskerettar. Bygdeperspektivet og Latin-Amerika har alltid vore med som ein raud tråd i dette engasjementet.
Eg har eit ønske om å formidle historier som seier noko om samfunnet vi lever i – på nynorsk. Nynorsken representerer for meg det radikale og kritiske, og er derfor det ideelle språket å drive journalistikk på.
Hans Ivar Moss Kolseth var praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 19. august 2019 til 29. februar 2020.
Frå nyttår av hadde han ekstern praksis i NRK.no, og han held fram der som vikar. Kolseth byrja hausten 2020 som fast tilsett journalist i NRK Trøndelag, før han våren 2022 takka ja til eit vikariat i NRK Direkte på Marienlyst. Hausten 2022 byrja han som student på forfattarstudiet i Bø.
Han skildrar seg sjølv slik då han byrja som nynorskpraktikant hauste 2019:
Sidan eg lærte meg å lese har målet mitt vore å leve av å fortelje historier. Anten som forfattar, journalist eller filmskapar. For nokre år sidan høyrde eg podkasten «Hardcore history» av Dan Carlin, og la yrkestittelen podkastar til i lista over draumeyrke.
I vår fullførte eg ein bachelorgrad innan avisjournalistikk ved Høgskulen i Volda. Gjennom fleire år med veksling mellom studium og sommarjobbar forstod eg at praktisk læring er best for meg.
Samtidig såg eg at journalistar i framtida treng fleire bein å stå på fagleg sett. Vi bør kunne formidle historiene våre gjennom fleire medium.
Jobben som nynorskpraktikant er ein perfekt kombinasjon av praktisk læring og fagleg påfyll.
Her skal eg lære meg radio, fjernsyn og sosiale medium. Samtidig er det ein ypparleg moglegheit til å bli betre og tryggare på nynorsk som mediespråk.
Det syner til at opplæringa verkar. Ein og ein halv månad inn i kurset har alle praktikantane laga innhald til NRK.no, Dagsnytt og Vestlandsrevyen.
Journalistikk vert i mine auge eit stadig meir kreativt yrke. Vi konkurrerer med strøymetenestar, podkastar og bloggar. Sjåarar, lyttarar og lesarar krev stadig meir av innhaldet. Journalistar må finne nye historier og måtar å fortelje på om vi skal nå ut til publikum.
Likevel er det ofte dei enkle historiene som engasjerer oss mest. Som dokumentaren «Bjarne vil ikkje på film», om venskapen mellom ein eldre ungkar i Olden og ei innflytta bydame frå Polen. Eg trur vi likar å kjenne oss att i nokon som er annleis enn oss sjølv.
Den beste journalistikken er i mine auge den som fortel oss om noko nytt, samtidig som vi fell ei tåre eller humrar for oss sjølv. Og desse historiene finn ein overalt.
Frå videoen av Hødd som feirar etter cupfinalen 2012, til lyden av knusktørr mark mens bonden går gjennom den brunsvidde marka si under tørken i fjor sommar. Det er slike augneblink eg vil formidle. NRK Nynorsk mediesenter gjev meg moglegheita til å bli best mogleg på å gjere det gjennom radio, tv, nett og sosiale medium.
Tonje Noreng Trøen var nynorskpraktikant på kull 30, frå 3. januar til 30. juni 2019. Ho hadde ekstern praksis i NRK Supernytt og var vikar i NRK Sogn og Fjordane. Vidare har ho vore journalist i Firda og frilansar med base i Sunnfjord. Frå hausten 2021 er ho lærar ved Førde norsksenter.
Slik skildra Tonje Noreng Trøen seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant i januar 2019:
Eg har vakse opp på eit småbruk i Vestre Slidre, Valdres. Trass i at eg har budd andre stader i 10 år er eg sterkt knytt til staden og dialekten.
Formidling har for meg vore sentralt i oppveksten. Allereie i ein alder av 5 år drøymde eg om å bli forfattar, og på scena fekk formidlingsynskje kome til uttrykk gjennom teater. Hjartet for både teater og musikk følgde meg vidare inn i tenåra då eg på vidaregåande gjekk dramalinja.
Seinare fann eg mykje glede i reising og utforsking av kulturar eg ikkje kjenner til. Denne interessa gjorde til at eg no har ein bachelorgrad i marknadsføring og leiing av turismeopplevingar og eit studium i spansk.
Det siste året har eg fått erfaring som praktikant innan sosialt entreprenørskap i Sør-Afrika. Eg utforska også grunderen i meg gjennom ynskje om å skape noko godt for lokalmiljøet. Dette gjorde til at eg starta eit galleri, Bortåt Glaset, i heimbygda som ein plattform for kunst og kultur.
Det var særleg i samband med mitt siste utanlandsopphald eg fekk bekrefta at ynskje om å skildre det som rører seg i verda står sterkt i meg. No vil eg bruke nysgjerrigheita og skrivegleda til å dele historier med andre – på nynorsk! Her lærer vi mykje og raskt, og eg gler meg stort til fortsetjinga!
Ola Weel Skram var nynorskpraktikant på kull 30, våren 2019. Han hadde praksis og sommarjobb i NRK Vestland, i Førde, og var vikar der til oktober 2020. Då fekk han fast jobb som journalist/digitalsjef i nettavisa Porten.no i Sogn og vart tilsett som ansvarleg redaktør i mars 2021.
I september 2022 byrja Skram som kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft.
Ola skreiv dette om seg sjølv då han byrja som nynorskpraktikant:
– Eg vart ferdig med ein mastergrad i Business Psykologi, hausten 2018, og frå før har eg ein bachelorgrad i samanliknande politikk. Eg har alltid vore nysgjerrig på kvifor menneske gjer som dei gjer, og kva mekanismar som påverkar korleis me kommuniserer med kvarandre. Som person er eg nok relativt utadvendt, har mange interessefelt og er alltid glad i ei god historie. Dette er nokre av fleire grunnar til at eg valde å søkje på NRK Nynorsk mediesenter.
På sida av studium har eg stort sett halde på med musikk, og eg jobbar som musikar ved sida av praktikantstillinga. Eg har stor glede av å kunne utfalde meg kreativt, noko eg håpar kan vere mogeleg å utnytte som journalist. Elles er eg veldig glad i trening, og er meir eller mindre altetande med det som har med fotball å gjere.
Eg er svært glad for at eg har fått moglegheit til å jobbe som praktikant for Nynorsk mediesenter, då eg ser på dette som ein fantastisk moglegheit til å lære frå utruleg dyktige profesjonelle. Gjennom denne stillinga har eg stor tru på at eg vil utvikle meg, ikkje berre fagleg sett, men kanskje også utover dette. Frå det eg har høyrt så er journalistrolla ikkje berre ein jobb – men ein livsstil. Eg gler meg til å dykke inn i denne bobla saman med mine medpraktikantar i tida som kjem.
No: Studerer medium og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen
Ragnhild Voreland var nynorskpraktikant på kull 30, våren 2019. Ho hadde ekstern praksis og sommarjobb i NRK Finnmark. Etterpå takka ho ja til eit eit vikariat som presse- og informasjonsoffiser i Sjøforsvaret. Ho er no student ved Universitetet i Bergen.
Ragnhild Voreland oppsummerer bakgrunnen sin slik:
– Språk og kommunikasjon er noko eg alltid har vore interessert i. Då eg fullførte vidaregåande opplæring var det difor naturleg for meg å flytta til Spania for å gå på skule og læra spansk, slik at eg kunne kommunisera endå breiare.
Vidare søkte eg meg til opptak til befalsskulen i Sjøforsvaret og kom inn. Eg enda opp med befalsutdanning og blei verande i over tre år som tilsett befal ved Madla leir, med forvaltninhgsansvar for nesten 200 soldatar. I løpet av desse tre åra lærte eg utruleg mykje om leiing og menneske generelt.
Ved sida av jobben i Forsvaret utdanna eg meg til personleg trenar ved Norges idrettshøgskole.
Magnus Urup Helle var nynorskpraktikant på kull 30, våren 2019. Han hadde praksis og sommarjobb i NRK Sport. Hausten 2019 var han vikar i Dokumentar og samfunn i NRK. Seinare var han vikar i NRK Sport, før han i desember 2021 takka ja til eit vikariat i NENT.
Magnus Helle oppsummerer bakgrunnen sin slik:
I eit byggefelt i Åmot i Vinje kommune vaks eg opp i eit lokalmiljø der alle kjenner alle, og med ein natur som ber preg av flotte naturstiar og kvitkledde fjelltoppar.
Då eg var 16 år måtte eg flytte til Bø i midt-Telemark. Årsaka var at det var den nærmaste skulen som kunne tilby idrett som valfag. Det var i desse åra fasinasjonen for journalistikken byrja å få røter, og spesielt sportsjournalistikken.
Nokre år seinare byrja eg på medievitskap på Universitetet i Oslo. Våren 2018 vart eg ferdig med bachelorgraden min, og fekk meg eit halvtårs vikariat i lokalavisa Vest-Telemark Blad. I desse månadane blei eg verkeleg overtydd om at eg ville bli journalist, og ikkje minst at nynorsk skal vere mitt skriftspråk.
Idunn Lavik gjekk på kull 30 med nynorskpraktikantar, våren 2019. Ho hadde ekstern praksis og sommarjobb i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst, og arbeidde der i ulike redaksjonar til mai 2021. Ho fullførte deretter masteren i juss, før ho byrja som journalist i NTB.
Lavik skildra seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant:
– Eg er fødd og oppvaksen på Voss i Hordaland, elles kjend som verdas finaste bygd. Heilt frå eg var lita har eg elska å skrive, og draumen var lenge å bli journalist og/eller forfattar.
Eg har alltid vore nysgjerrig og glad i kultur, så på vidaregåande dro eg på eit utvekslingsår til Frankrike. Sidan har eg òg budd eit semester i Cape Town, Sør-Afrika, og elskar å reise rundt for å lære meir om korleis verda fungerar utanfor Noreg.
Samstundes har eg eit stort engasjement for samfunnet rundt meg, og då eg skulle velje studier, byrja eg på jusstudiet i Oslo. Ved sida av studiet har eg vore aktiv i ein ungdomsorganisasjon som jobbar med utviklingspolitikk, og gjennom den har eg fått halde mange foredrag, delteke på debattar og reist på internasjonale klimaforhandlingar – samstundes som eg fekk arbeide med å forandre verda saman med andre engasjerte ungdomar.
Etter tre og eit halvt år i Oslo fann eg likevel ut at eg trong eit karriereskifte og ville tilbake til skrivegleda, og difor bestemte eg meg for å søke på Nynorsk mediesenter – og her har eg verkeleg funne mitt kall. Eg lærer noko nytt kvar einaste dag, og får utfordra meg sjølv skikkeleg. No gler eg meg til å bruke engasjementet mitt vidare inn i journalistikken, og håpar eg får jobbe med dette så lenge som mogleg.
Ingvild Aleksandra Eide var nynorskpraktikant på kull 29, 2018/2019. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland. Deretter var ho vikar i Bladet Sunnhordland og frå hausten 2019 vikar i Framtida.no, der ho fekk fast jobb i 2020. Ho har gifta seg og heiter no Ingvild Eide Leirfall.
Ingvild Eide skildra seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018:
– Eg er fødd og oppvaksen på øya Stord, verdas største nynorskby. Eg elska å skrive, og drøymde om å få meg laptop slik at eg kunne skrive heile døgeret. På nynorsk, sjølvsagt.
Som 16 år gamal musikklineelev, søkte eg optimistisk på stillinga som frilansjournalist innanfor kultur i lokalavisa Bladet Sunnhordland, då utlysinga kom. Gleda var stor då eg fekk ein sjanse og dekte min fyrste konsert.
Det er sju år sidan no, og gjennom sommarvikariat og frilansoppdrag har eg fått vera med på mykje kjekt i lokalsamfunnet.
Etterkvart gjekk vegen vidare til Bergen og studiar der. I studietida jobba eg på studentpuben Ad fontes, song i kor og tok innimellom oppdrag for Sunnhordland heime på Stord.
Etter å ha levert bacheloren i historie, måtte eg finne på noko lurt for framtida. Kjærleiken for å skrive og formidle, peila vegen vidare mot Nynorsk mediesenter og Førde. Her står utfordringane på rekke og rad, og me lærer noko nytt kvar dag. Eg gler meg til å fylle på med kunnskap og erfaringar, til eit vonleg langt liv i journalistikken.
Elise Kvien var nynorskpraktikant på kull 29, 2018/2019. Ho hadde ekstern praksis i P3 Nyhenda på Tyholt, og gjekk direkte over i eit vikariat i direktelina i NRK Nyhende på Marienlyst. Frå 1. april 2020 var ho fast tilsett i NRK Vestland i Førde, men frå våren 2022 har ho hatt ei rekke vikariat i NRK sine nyhenderedaksjonar på Marienlyst. Ho er no vikar i NRK Direkte.
Elise Kvien skildra seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018:
– Våren 2018 fullførte eg ein bachelorgrad i marknadsføring og leiing hjå NTNU i Ålesund. Eg har jobba som programleiar og reporter i Radio Ålesund i tre år, og forelska meg allereie før det i mediebransjen då eg gjekk media og kommunikasjon på vidaregåande skule. Eg har også jobba som konferansier og hatt ymse jobbar på si. Enkelt fortalt, er eg sunnmøring, musikkelskar og fotballentusiast.
Eg elskar utfordringar og likar å kjenne på press. Sånn er mi erfaring i mediebransjen så langt. Difor valde eg å gå vidare i draumen om å bli journalist. Å vere frå ei «Ivar Aasen-bygd» gjorde det også naturleg for meg å velje NRK Nynorsk mediesenter. Det vart to fluge i ein smekk, ein nynorskbrukande journalist.
No: Journalist i kultur- og underhaldning, NRK Nyhende
Ida Yasin Andersen var nynorskpraktikant på kull 29, 2018/2019. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og heldt fram der som vikar og videojournalist. I juni 2020 fekk ho fast jobb i redaksjonen for kultur- og underhaldning i NRK Nyhende.
Ida Yasin Andersen skreiv dette om seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018:
– Eg vart ferdig med ein bachelor i Film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen våren 2018. Her fekk eg verkeleg smaken på å prøve å nå ut til folk med ein godt formidla tekst eller levande bilete. Eg har eit nysgjerrig sinn og har alltid hatt ein lidenskap for å skape noko.
Dei tre siste åra har eg attmed studiet drive litt med musikk og spelt konsertar med eigneskrivne songar, på ulike scenar i Bergen. Det å kunne leve av å drive med kreativt arbeid er ein liten draum som eg håpar eg kan halde fram med. Journalistikk er eit svært spennande yrke med mange muligheiter.
Det er veldig spennande å jakte på dei unike historiene, og kome tett på folk. Praktikantstillingen hos Nynorsk mediesenter tenkte eg dermed var ein fantastisk mulighet for å kome seg inn i journalistyrket.
Solveig Nyhus Aksnes var nynorskpraktikant på kull 29, 2018/2019. Ho hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, heldt fram som vikar og vart fast tilsett i februar 2020.
Av utdanning har ho ein bachelor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, samt eit eittårsstudium i interkulturell forståing ved NLA i Bergen.
– Samfunnsfag har alltid vore mitt favorittfag. Eg likar å halde meg oppdatert på det som skjer, prøve å forstå kvifor. Der var samanliknande politikk det perfekte studie for meg. Menneskjer ber på mange forskjellige historier, desse vil eg vere med på å formidle.
Birgitte Vågnes Bakken var nynorskpraktikant på kull 29, 2018/2019. Ho hadde praksis i innanriksredaksjonen/desken i NRK Nyhende og var vikar der til oktober 2020. No er ho fast tilsett som journalist i Framtida.no
Birgitte Vågnes Bakken skreiv dette om bakgrunnen sin då ho byrja som nynorskpraktikant:
– Eg har ein mastergrad i fransk frå Universitetet i Bergen, med fordjuping i fransk litteratur, og eit årsstudium i historie frå L’Université de Lille i Frankrike. Våren 2018 var eg praktikant i kultur- og kommunikasjonsseksjonen ved Den norske ambassaden i Paris.
Språket mitt er meir enn eit kommunikasjonsmiddel for meg – det er ein del av identiteten min! Eg er over gjennomsnittet interessert i språk, eg har trass alt ein mastergrad i fransk, og har alltid elska å skrive.
Eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde å studere fransk og historie, og sitt att med kunnskap, erfaringar og opplevingar eg ikkje ville vore utan. Det er likevel ikkje opplagt kva ein skal arbeide med etter ei slik utdanning. Journalistyrket er noko eg lenge har hatt i bakhovudet, og den praktiske og intensive opplæringa som Nynorsk mediesenter tilbyr, er perfekt for meg som allereie har ein mastergrad innan eit anna fagfelt.
I praksisen på ambassaden har eg i tillegg fått erfaring med kommunikasjons- og informasjonsarbeid, og dette har gjeve meirsmak. No gler eg meg til å arbeide på nynorsk, og til å fortelje andre sine historier. Eg ser praktikantplassen ved Nynorsk mediesenter som eit unikt høve til å lære journalistyrket og til å få jobberfaring.
Birgitte Vågnes Bakken vart hausten 2021 tilsett som journalist i framtida.no.
No: Kommunikasjonsrådgjevar ved Havforskingsinstituttet
Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal var nynorskpraktikant på kull 28, våren 2018. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og sommarjobb i Yr.no, før ho byrja som journalist på nettstaden Framtida.no. Der vart ho fast tilsett våren 2020. Frå april 2023 har ho vore kommunikasjonsrådgjevar ved Havforskingsinstituttet.
Kjøllesdal har ei bachelorgrad i historie frå UiB og ei mastergrad i europeiske og amerikanske områdestudium med spesialiseringa Russland-studium frå UiO. Ho har i studietida vore på fleire utvekslingar både nært og meir fjernt – ved Det norske institutt i Athen, Technische Universität Berlin, og Det norske universitetssenter i St. Petersburg. Elles har utvikaren også vore leksehjelp på Røde Kors sitt ressurssenter i Groruddalen i Oslo, der ho fann ut nøyaktig kor mykje av lærdomen frå ungdomsskulen som faktisk er att.
– Eg har studert og studert og studert, vore litt avløysar i sauefjøs, og så studert litt til. Så etter å ha brukt åtte år på å lære å skrive akademisk, skal eg no bruke seks månadar på å kaste det ut av vindauget. Det vert nok færre tekstar «inspirert av den kritiske diskursanalysen si forståing» av eit eller anna – og godt er det! Det var språkgleda og skrivelysta som førte meg til Nynorsk Mediesenter, men det var ikkje mange dagane før eg vart klar over og byrja utforske dei endelause mogelegheitene også på radio og TV!
Turid Astrid Reksten var nynorskpraktikant på kull 28, frå 3. januar til 30. juni 2018. Ho hadde eksterne praksisen i NRK Sogn og Fjordane. Reksten hadde permisjon frå stillinga si som feltprest i forsvaret, for å gå Nynorsk mediesenter, og er attende i den jobben.
«Dette har eg lyst til ein gang», tenkte Turid då ho første gong las om Nynorsk mediesenter.
Etter vidaregåande skule bar det av stad på Ten Sing Norway, deretter matematikkstudiar i Bergen, før Turid vart utdanna cand.theol. ved Universitetet i Oslo. Seinare har det blitt studiar i fred og konflikthandtering i Bangkok, katastrofe- og krisehandtering, og ulike organisasjonsfag. Media og journalistikk har vore ein del av fleire av faga og eksamensoppgåvene. Desse smådryppa har styrka ønsket om å utforske dette meir. Etter ti år i Forsvaret, til sjøs og til lands, i inn- og utland, var tida no inne for å vere nynorskpraktikant.
«Jo meir eg studerer, jo meir finn eg ut at eg ikkje kan. Og slik ser det ut til å halde fram.»
Aktiv fritid med organisasjonsarbeid, frivillig innsats og mykje reising i inn- og utland, har vore med på å dyrke interessa for medmenneske og verda rundt ho. «Eg er generelt nysgjerrig, eller naturleg interessert, som er meir positivt ladd.» Nyhende er viktig for Turid. Det same er formidling og godt språk. Det er så mange historier der ute! No er ho veldig spent på kva dører tida som nynorskpraktikant vil opne.
Tidleg kom det for ein dag for kullet at Turid er flittig brukar av Tekst-TV, både på TV og internett. Og så spelar ho inn sine eigne ringetonar på blokkfløyte.
Fredrik Johan Helland var nynorskpraktikant på kull 28, våren 2018. Han hadde ekstern praksis og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Etterpå hadde han fast jobb i helikopterselskapet Bristow, som plassjef på flyplassen i Florø. Frå 1. januar 2020 er han fast tilsett journalist i NRK Vestland, i Førde.
Helland skildrar seg sjølv slik:
– Eg er Florøværing. Der er eg fødd, oppvaksen og lever i dag det gode liv med kone og bonusbarn. Eg har fleire gonger flytta ut for å studere og arbeide, men kjem alltid tilbake.
Heilt sidan tidleg ungdom har han vore engasjert. Det har vore i elevråd, Ungdommens bystyre, partipolitikk og bystyret. Av dei meir kjekkare tinga han han har vore med på nemner han havsportfestivalen Våt Moro, der som både festivalpotet og festivalsjef. Han har også vore med som assistent og andre oppgåver på fleire konsertar og arrangement.
– Eg har tidlegare studert eksportmarknadsføring ved Universitet i Nordland. I arbeidslivet har eg vore innom Statoil og jobba med personellogistikk i to omgangar. Eg har gjennom Avinor utdanning som AFIS-fullmektig med tilhøyrande pliktteneste i Mehamn, Finnmark.
Anders Martin Helle var nynorskpraktikant på kull 28, våren 2018. Han hadde ekstern praksis i NRK Buskerud og var vikar der til nyttår 2019. Frilansar i Oslo og Drammens-området, som videojournalist.
Helle har studert dokumentarfilm på Høgskulen i Innlandet med fordjuping i fototeknikk. Dokumentarane han har jobba med der fortel historier rundt tema som strekk seg frå kreft og rusomsorg til identitet og kreative uttrykksbehov. Gjennom ungdomstida var han instruktør for Danseverkstaden og Free Running-gruppa i Sogndal.
På fritida utanom praksisen produserer Anders Martin eit par podkast som har sparka i gong ei interesse for radio.
– Eg har fortalt historier frå eg som tiåring byrja å lage animasjonsfilmar inspirert av Flåklypa Grand Prix. Interessa festa seg raskt i filmmediet og eg enda opp med å studere dokumentarfilm i Lillehammer. No ynskjer eg å ta tak i dei nære, personlege og samfunnskritiske historiene og formidle dei gjennom journalistikken.
No: Rådgjevar med ansvar for kommunikasjon i Bufdir
Sigrid Sivertsen Haugan var nynorskpraktikant på kull 28, våren 2018. Ho har ekstern praksis på P3 Desken på Tyholt og sommarjobb i Her og Nå. Hausten 2018 heldt ho fram med bachelorstudiar i Midtausten – og arabiskstudiet på Universitet i Oslo og i Jordan, og var ferdig våren 2020. Ho har også vore kommunikasjonsrådgjevar for Bydelsmødre, ein organisasjon for brubygging mellom det offentlege og minoritetskvinner. Frå hausten 2021 er ho rådgjevar med ansvar for kommunikasjon i Bufdir, nærare bestemt Noregs nasjonalkontor for ungdomsdelen av Erasmus+.
Her litt om bakgrunnen hennar:
– Eg er oppvaksen på landsbygda i Nord-Trøndelag. Eg likar å tru at journalisten i meg vart fødd då eg starta den ultralokale avisa Okkenhaug Tidende, som dekka hendingar på garden Okkenhaug Vestre og omland. Med teft for gravande og kritisk journalistikk, kunne eg opplyse mine mange lesarar (mor og far) om alt frå nedlegging av barneskulen i bygda til kusleppet på nabogarden.
Som ivrig lesar av Norsk Barneblad, vart trønderen nynorskkvinne frå barneskulen av. – Språk er noko av det som interesserer meg aller mest, og eg er oppteken av eit godt, sterkt og levande nynorsk.
Sigrid har bachelorgrad i sosialantropologi frå NTNU, og delar av den har ho tatt i Libanon og Palestina der ho studerte arabisk språk og Midtaustenstudiar. I 2017 skreiv ho bacheloroppgåve om interseksjonell feminisme og muslimske kvinner si rolle i den norske kvinnerørsla.
– Eg har alltid vore nysgjerrig på verda rundt meg. Eg er samfunnsengasjert, glad i å formidle, og har stor skrivelyst. Interessa for skriving og språk tok meg til Nynorsk mediesenter, og det å få utvikle meg som nynorskskrivande journalist innanfor alle plattformer i NRK har vore enormt spennande. Eg er takksam for og stolt av å vere nynorskpraktikant!
Linda Watten var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/2018. Ho hadde ekstern praksis i Supernytt i NRK Super. Ho har vore journalistvikar i nettavisa Porten.no og er no lærar i Stryn kommune.
Watten har ein bachelor i sosiologi-ungdomssosiologi frå Høgskulen på Vestlandet, og eit årsstudium i engelsk med fagdidaktikk. Tidlegare har ho vore frilansar i Sogn Avis, og ein tur innom skuleavisa Røynda.
– Eg blei «utdanna» danseinstruktør gjennom Dans Utan Grenser då eg var 15 år, og då starta interessa mi for unge menneske, og korleis menneske og deira rolle blir påverka av samfunnet. Eg lærde barn og unge å dansa i fire år, før eg la vekk karriera rett før vidaregåande. På Høgskulen byrja eg å studere engelsk med fagdidaktikk, noko som førte meg i praksis på ein ungdomsskule. Der fekk eg utfalda meg i rolla som lærar, og stortreivst. Vidare fullførte eg ein bachelor i sosiologi med fokus på ungdomssosiologi. Dette lærde meg mykje om ulike sosiale grupper, roller, og kvart individ sin plass i samfunnet. I bacheloren min skreiv eg om korleis eit sosialt medium, som blogg, kan påverke unge jenter si psykiske helse. Gjennom sosiologen Erving Goffman sin teateranalogi såg eg på denne problemstillinga. Dette tykte eg var eit viktig tema å belyse, og det var interessant og lærerikt å sjå at ein såpass gammal teori fortsatt er så relevant i eit moderne samfunn som stadig går framover.
Eg har alltid vore svært glad i å skrive, formidle ei historie, fortelje, prate med folk, sosialisere meg, og ikkje minst prøve nye ting. Sidan eg var lita har eg gått rundt med ein draum om å formidle, få ut viktige saker, og settje lys på det som fortenar å bli sett eller høyrt. Med mi rolle som journalist håpar eg på å oppfylle desse ynskjene, og gjere meir av det eg alltid har vore så glad i. Eg ynskjer eit samfunn med meir rettferd, og at kvart enkelt individ skal bli sett og høyrt. Det er mykje stigmatisering og marginalisering i samfunnet, og mange bærer på ein historie som ikkje alltid kjem fram. Eg er nyfiken og engasjert, og med rolla mi her håpar eg på å oppdage historiar og nyhende, og finne fram til det som gjer dei viktige og interessante. Både kjende og ukjende historiar – gode, og vonde.
Borghild Andersdotter Vevle var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/2018. Ho hadde ekstern praksis i nettredaksjonen Superfront i NRK Super. Ho er no logopedstudent, der ho skal vere ferdig sommaren 2023.
– Etter vidaregåande arbeidde eg eitt år som vikar i barnehage og som assistent i pleie og omsorg. Deretter studerte eg journalistikk ved Norges Kreative Fagskule i eitt år, før eg utdanna meg til barnehagelærar ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen.
Som tenåring høyrte eg på O-fag på P3 ein heil sommar, og eg hugsar at eg tenkte «herlighet, tenk å ha som jobb å prate og ha det gøy på radio!» Etter det var det den hemmelege draumen, og eg forsøkte å satse litt på den ved å byrje å studere journalistikk etter vidaregåande. Men eg feiga ut fordi eg var redd for å ikkje få jobb, så eg satsa på plan b og utdanna meg til barnehagelærar.
Ådne Sandvik Dyrnesli var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/ 2018. Han hadde ekstern praksis i nettredaksjonen Digital historiefortelling i NRK, og har vore journalistvikar i NRK Hordaland. Dyrnesli er frilansfotograf i Bergen.
Han skreiv dette om bakgrunnen sin då han byrja som nynorskpraktikant i 2017:
– Eg har bakgrunn som dokumentarfotograf, og er utdanna fotograf ved Bilder Nordic School of Photography i Oslo. I tillegg har eg teke ei årseining i kunsthistorie ved UiO.
Det som er fellesnemnaren for alt eg driv med er historieforteljing. Eg trur gode historier gjer verda til ein betre stad. Det gjer det mogleg for oss å setta oss inn i andre sine situasjonar og å sjå verda på nye måtar. Det er viktig at journalistikken er kritisk, men også at ein gjer eit balansert og heilskapleg bilete av verda. Det krev at ein også skriv om det positive som skjer i verda.
Arianrhod Engebø var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/2018. Ho hadde ekstern praksis på P3 Desken, i NRK P3, på Tyholt i Trondheim. Ho heldt fram i mp3. I 2019 vart ho programleiar for sitt eige program i NRK P3, «Arian», oppkalla etter henne sjølv. Ho vart kåra til «Årets unge radioprofil» på Radiodagane 2019, og vart fast tilsett i NRK P3 i januar 2020. Der heldt ho fram som programleiar for programmet «Arian» som er kalla opp etter henne.
Engebø skreiv dette om seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant i 2017:
– Eg har alltid hatt ein draum om å jobbe i media, heilt sidan eg var på omvisning på NRK Sogn og Fjordane då er var lita. Difor var valet enkelt då eg etter vidaregåande og eit år på jordomreise bestemte meg for å ta ein bachelorgrad i journalistikk ved Cardiff University.
Der blei eg heilt forelska i å jobbe med radio, og eg har i løpet av åra også blitt kjempeglad i å bruke sosiale medium som ein plattform for formidling. Difor skreiv eg òg bacheloroppgåva mi om korleis unge brukar sosiale medium til å formidle ei representasjon av seg sjølve.
Sjølv om eg er glad i å utrykke meg på både engelsk og norsk, har nynorsken alltid vore språket mitt. Nynorsk gir meg moglegheita til å formulere meg klart, men med «det lille ekstra».
Synne Ulltang var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/18. Ho hadde ekstern praksis i programmet Ekko i NRK P2. Ulltang er journalist i Framtida junior.
Ulltang har master i engelskspråkleg litteratur frå Universitetet i Bergen. Ho har studert i Vancouver, Oslo, Stavanger og Sør-Korea og vore nynorsk språkansvarleg i Skatteetaten. No er ho journalist i Framtida Junior.