←Hjelp og informasjon

Nynorskprisen for journalistar

Kvart år blir Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar delt ut til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

Send inn forslag til nynorskprisen!
Har du ein kandidat til nynorskprisen for journalistar? Send oss forslaget ditt:
nynorskmediesenter@nrk.no

Fast frist for å nominere er 1. april.

Sidan starten i 2006 har NRK Nynorsk mediesenter vore sekretariat for Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.

Det er ein eigen, uavhengig jury for nynorskprisen for journalistar.

Departementet får kvart år ein årsrapport om nynorskprisen for journalistar. Der står det om prisvinnaren, prisutdelinga og takketalen til vinnaren.

Statuttar for nynorskprisen

1. Føremål

Føremålet med nynorskprisen er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.

2. Vilkåra

Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt  har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

3. Prisen

Frå 2020 er prisen på kr. 75.000, etter å ha vore på kr. 50.000 frå starten i 2006. I tillegg får vinnaren eit kunstverk laga av ein norsk kunstnar.

4. Nominasjon og utpeiking av prisvinnar

Alle kan føreslå kandidatar til prisen. Høve til å kome med framlegg, og fristen for det, skal kunngjerast i god tid før prisutdelinga.

Prisvinnaren vert peika ut av ein uavhengig jury. Juryen vel på fritt grunnlag kven som skal få prisen, og er ikkje bunden til dei framlegga som har kome inn. Juryen skal skriftleg grunngje valet av prisvinnar.

5. Jury

Juryen har tre medlemmer som er oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet. Dei vert oppnemnde for fire år i gongen. Juryen vel sjølv leiar.

NRK Nynorsk mediesenter i Førde er sekretariat for juryen.

6. Utdeling

Prisen skal delast ut kvart år, under Dei Nynorske Festspela i Ørsta. Eit medlem av juryen står for utdelinga av nynorskprisen. Prisen vert ikkje delt ut dersom juryen ikkje finn fram til ein verdig vinnar.

Bilete over er frå prisutdelinga i 2014. Då fekk Ingunn Solheim, NRK, prisen. Han vart overrekt av jurymedlem Agnes Ravatn.

Roger Sevrin Bruland vann prisen i 2022

Ein særs overraska prisvinnar fekk servert nyhenda om pristildelinga på eit digitalt møte i NRK 6. mai. 2022. Bruland var då i Kyiv i Ukraina, og trudde han skulle fortelje kollegaene i nyhendeavdelinga om korleis han førebur seg til å rapportere frå krigen.

Det er ikkje mange korrespondentar som nyttar nynorsk, og endå færre som gjer det så tydeleg og konsekvent som Roger Sevrin Bruland gjer. Han er med på å bryte ny mark for det nynorske språket, og juryen håper han kan få endå fleire med seg i arbeidet framover, står det i grunngjevinga.

«Nynorsk er eit språk som ikkje berre kan kle seg i bunad, Felleskjøpet-caps og hornbriller. Det må òg passe inn i pressevesten, under hjelmen og bak vernebrillene. Årets prisvinnar tek ansvar for at det skjer», står det i grunngjevinga frå juryen.

Prisvinnarane

2022: Roger Sevrin Bruland

Roger Sevrin Bruland

2022

Det er ikkje mange korrespondentar som nyttar nynorsk, og endå færre som gjer det så tydeleg og konsekvent som Bruland gjer. Han er med på å bryte ny mark for det nynorske språket, og juryen håper han kan få endå fleire med seg i arbeidet framover, står det i grunngjevinga.

«Nynorsk er eit språk som ikkje berre kan kle seg i bunad, Felleskjøpet-caps og hornbriller. Det må òg passe inn i pressevesten, under hjelmen og bak vernebrillene. Årets prisvinnar tek ansvar for at det skjer», står det i grunngjevinga frå juryen.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. I statuttane står det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.

Grunngjeving:
Det finst mange måtar å formidle journalistikk gjennom levande bilete på. Noko av den viktigaste formidlinga skjer med skotsikker vest, i allversjakke eller iført full smitteverndrakt. Årets prisvinnar er ein representant for denne greina av journalistikken.

Roger Sevrin Bruland (f. 1977) har utdanning i samfunnsvitskap, historie og politikk frå universiteta i Bergen, Aberdeen og Kairo. Han har vore patruljemann på Balkan og arbeidd med bistandsprosjekt ved dei norske ambassadane i Bucuresti og Skopje. Og ikkje minst: Han er odelsgut frå Utvik i Nordfjord.

Årets prisvinnar var i det åttande kullet med nynorskpraktikantar frå NRK Nynorsk mediesenter våren 2008. Sidan har han vore tilknytt nyhenderedaksjonen i NRK, etter kvart som utanriksreporter med Balkan og Aust-Europa som spesialfelt. Han har laga gripande reportasjar om saker som dei heimlause i kloakken i Bucuresti eller naturkatastrofar som dei nådelause skogbrannane i Portugal sommaren 2017. Men då eit valdsamt styrtregn brått ein dag den same sommaren herja heimbygda og heimgarden i Utvik, var han sjølvsagt på plass for å rapportere der òg.

Dei siste tre åra har Bruland vore NRKs korrespondent i Berlin. Det har vore innhaldsrike og særleg dramatiske år. Bruland viste Noreg innsida av San Gerardo-sjukehuset i Nord-Italia tidleg i april 2020 for å forklare publikum heime kva som kunne vente oss. Etter to år med intens rapportering om koronapandemien, blei han ein av dei mest sentrale då NRK skulle dekkje den russiske invasjonen av Ukraina.

Skal nynorsk vere eit samfunnsberande språk, må det bli brukt på alle område. Utanrikskorrespondentane speler ei særleg viktig rolle her, sidan deira jobb gjerne er å formidle nye fenomen og ukjende hendingar – ofte før det er full semje om korleis det skal lyde på norsk. Det er ikkje mange korrespondentar som nyttar nynorsk, og endå færre som gjer det så tydeleg og konsekvent som Bruland gjer. Han er med å bryte ny mark for det nynorske språket, og juryen håper han kan få endå fleire med seg i arbeidet framover.

Nynorsken til Bruland er ikkje alltid lytefri. Ute i felt er det ofte verken tid eller høve til å niflikke på språket. Når juryen samrøystes peiker på Roger Sevrin Bruland som vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2022, er det likevel med heilhjarta vyrdsemd: Bruland, som har arbeidd ved to ambassadar, er no sjølv blitt ambassadør – for nynorsken. At det i år kom inn heile 138 nominasjonar på Bruland, er i seg sjølv eit solid prov på at han når fram med både språket og journalistikken sin. Det er åleine fleire nominasjonar enn juryen totalt har fått dei siste tre føregåande åra.

Nynorsk er eit språk som ikkje berre kan kle seg i bunad, Felleskjøpet-caps og hornbriller. Det må òg passe inn i pressevesten, under hjelmen og bak vernebrillene. Årets prisvinnar tek ansvar for at det skjer.

Det er ei sann glede for juryen å gje Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2022 til Roger Sevrin Bruland.

2021: Siri Kleiven Strøm og Arill Riise

Arill Riise og Siri Kleiven Strøm i TV 2 får nynorskprisen for journalistar

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert i år delt på nyhendeankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2. Duoen trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen overraskande dukka opp på arbeidsplassen torsdag.

Begge prisvinnarane trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet med nyheitssjefen, og vart oppriktig overraska då juryen dukka opp i kaffikroken i lokala til TV 2 i Bergen.

– Eg kjenner at eg har høg puls. Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Siri Kleiven Strøm.

– Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, sa Arill Riise.

TV 2 vil oppmuntre til bruk av begge målformer

Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Dette er ikkje minst ei påminning til TV 2 om at vi må halde i hevd og oppmuntre til bruk av begge målformene, sa TV 2-sjef Olav Sandnes.

Han var til stades på prisutdelinga og delte ut blomster til prisvinnarane. Sjefredaktøren sa at jobben dei to gjer med nynorsk er viktig for TV 2 som allmennkringkastar.

– Vi er utruleg stolte over å ha dykk som profilar på TV 2, sa Sandnes i talen sin.

Prisvinnarane synleggjer nynorsk for mange

I alder er det nesten tre tiår mellom dei to prisvinnarane, og samla representerer dei kontinuiteten og framtida for nynorsk i eit mediekonsern som i stor grad er dominert av det mest brukte av dei to norske skriftspråka.

– På eitt område har TV 2 arbeidd godt med nynorsk i lang tid. Kanalen har sytt føre å ha fleire dyktige nyhendeanker som nyttar normert nynorsk i sendingane. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2021 går til to av desse som begge på ein føredømeleg måte løfter fram og synleggjer nynorsk for eit breitt publikum, meiner juryen bak prisen.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i fjor delt ut til Eivind Molde under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo. I år vart prisen delt ut på arbeidsplassen til Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 i Bergen.

Grunngjeving:

2021 vart året då mediekonsernet TV 2 opna for at journalistane deira skulle få skrive nynorsk på nettstaden tv2.no. Sjølv om det førebels ikkje syner att i nemneverdig grad, er denne redaksjonelle vendinga gledeleg og av stor symbolsk verdi.

På eitt område har samtidig TV 2 arbeidd godt med nynorsk i lang tid. Kanalen har sytt føre å ha fleire dyktige nyhendeanker som nyttar normert nynorsk i sendingane.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2021 går til to av desse som begge på ein føredømeleg måte løfter fram og synleggjer nynorsk for eit breitt publikum. Prisvinnarane er Siri Kleiven Strøm og Arill Riise.

Om prisvinnarane:
Siri Kleiven Strøm (f. 1987) kjem frå Årdal i Sogn. Ho har ein bachelor i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen, og i 2009 var ho med i det tiande kullet med nynorskpraktikantar frå NRK Nynorsk mediesenter. Frå 2010 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland. Sidan 2015 har ho vore fast tilsett som nyhendeanker i TV 2 Nyhetskanalen, og frå hausten 2016 også som nyhendeanker i hovudsendinga til TV 2. Siri Kleiven Strøm står fram som ein trygg brukar av normert nynorsk, der nokre små tilmåtingar til eige talemål bidreg til ei levande og interessevekkande språkføring. På den måten og gjennom sin framskotne posisjon som nyhendeformidlar for allmennkringkastaren TV 2 har ho markert seg som ein av dei viktigaste journalistane med nynorsk talespråk i dagens medie-Noreg. Ho kan trygt seiast å vere eit førebilete for andre unge nynorskbrukande journalistar i etermedia.

Arill Riise (f. 1958) kjem frå Sæbø i Ørsta kommune. Han arbeidde som journalist og programleiar i NRK i perioden 1983–2003 fremst som nyhendeanker i Dagsrevyen men også som leiar av program som Norge Rundt, Sommeråpent og i sendingane frå VM på ski i Trondheim i 1997. Etter nokre år som informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund, byrja han i 2006 som programleiar i God morgen, Norge på TV 2 og var også tilknytt avdelingskontoret i Ålesund ein periode. Frå 2010 har han vore fast anker i hovudsendingane frå nyhenderedaksjonen til TV 2. Til liks med Strøm gjer Riise den nynorske språkføringa si levande og tilgjengeleg gjennom ein munnleg stil lett tilpassa eige talemål. Riise er dessutan ein aktiv brukar av nynorsk på sosiale medium, og gjennom sin engasjerande og publikumsvennlege veremåte er også han eit førebilete for andre nynorskbrukande journalistar. I alder er det nesten tre tiår mellom dei to prisvinnarane, og samla representerer dei kontinuiteten og framtida for nynorsk i eit mediekonsern som i stor grad er dominert av det mest brukte av dei to norske skriftspråka. Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV 2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda.

Er gode føredøme for andre

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Med to prisvinnarar, deler dei pengeprisen mellom seg, men dei får eit kunstverk kvar.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide var den første vinnaren.

I juryen for nynorskprisen for journalistar er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar i TV2. Elles sit Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø, i juryen.

2020: Eivind Molde

Nynorskpris til NRKs Eivind Molde

Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Det var ein svært overraska prisvinnar som fredag fekk prisen tildelt på NRK Marienlyst i Oslo.

– Tusen tusen takk, dette var utruleg overraskande, sa Eivind Molde då han forstod at han fekk prisen.

I 2019 innfridde NRK, for fyrste gong, stortingsvedtaket frå 1970 om minst 25 prosent nynorsk i NRK. For å nå det målet har NRK drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande journalistar i NRK, og Eivind Molde er i høgste grad ein del av det grunnfjellet, heiter det i fråsegna frå juryen.

– Det som har vore viktig for meg, anten om folk sit på bussen med ei propp i øyret, les oss på nrk.no eller ser oss på tv, er at folk forstår oss i NRK, sa Molde vidare.

Tryggare enn ordboka
– Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Eivind Molde brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet. Han lagar stoff til alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille vanskelege forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar, skriv juryen.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Eivind Molde har arbeidsstad. Det var juryleiar Solveig Barstad som delte ut prisen.

– Eivind er tryggare enn ordboka, sa nyheitsdirektør Helje Solberg i sin tale under tildelinga.

– Jobben din har teke deg rundt heile kloden, ja faktisk til Antarktis. Klimajournalistikken din har sett tydelege spor. Det er fint at denne prisen går ikkje berre til ein god journalist, men til ein som hjelper andre. Folk som må gjere seg forstått i kuling og regn, som må stå støtt. Det gjer du, sa Solberg til prisvinnaren.

Grunngjeving:

Journalist Eivind Molde i NRK får Kulturdepartementets nynorskpris forjournalistar for 2020. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre.

På nyåret 2020 var det klart at NRK for første gong hadde innfridd stortingsvedtaket frå 1970 om at 25 prosent av stoffet skulle vere på nynorsk. For å nå denne milepålen har allmennkringkastaren drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande medarbeidarar, og årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er i høgste grad ein del av dette grunnfjellet.

Årets prisvinnar brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet, produserer stoff for alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille kompliserte forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar. Prisvinnaren har òg ord på seg for å vere hjelpsam og ein god rettleiar for kollegaene i så vel språklege som journalistiske spørsmål.

Prisvinnaren starta som sommarvikar i NRK Dagsnytt i 1989 og vart fast tilsett i 1990. I ei årrekkje tente han fast på nyhendebulletinen, i mange av dei berre på natt. I dei seinare åra har prisvinnaren spesialisert seg på klima- og miljøsaker. Han dekte til dømes FNs klimakonferanse i Paris i 2015 for alle NRKs plattformer på ein framifrå måte. Han rapporterer snart frå Svalbard, snart frå Antarktis, og i 2018 fekk han ansvaret for å dekke returen til ishavsskuta Maud frå Canada til Vollen i Asker. Som tilknytt utanriksredaksjonen legg han ofte kommentarar på utanlandsk reportasjestoff i mellom anna Dagsrevyen og Urix.

Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2020 går til Eivind Molde, utanriksmedarbeidar i NRK.

Føredøme for andre
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. I år kom det inn 36 framlegg om 26 namn og kunstverket som følgde prisen i år var eit trykk av grafikaren Karen Helga Maurstig. Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide, NRK, var den fyrste vinnaren. I fjor var det Kjersti Mjør i Bergens Tidende som fekk prisen.

Om prisvinnaren
Eivind Molde er oppvaksen i Gulen i Ytre Sogn. Han gjekk gymnas på Os og var i unge år lærarvikar på Os og vikar i NRK Hordaland. Frå 1984 arbeidde Molde som lærar i Alta,der han var med på å starte opp Alta nærradio. Sommaren 1989 var han vikar i NRK Dagsnytt og frå 1990 fast tilsett same stad. Sidan den gongen har Molde arbeidd i NRK. Eivind Molde er medforfattar av fleire bøker om friluftsliv i Oslomarka.

Juryen
I juryen for nynorskprisen for journalistar er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar i TV2. Elles sit Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø, i juryen.

2019: Kjersti Mjør

Nynorsk journalistpris til Kjersti Mjør

Journalist Kjersti Mjør i Bergens Tidende får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2019. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni. – Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør. Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho finn og gjer historiene nære og relevante for alle, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga si, som du her kan lese i heilskap.

Grunngjeving:

Kjersti Mjør har ei særeigen journalistisk stemme som har sett sterkt preg på Bergens Tidende gjennom mange år. Sakene hennar er prega av stor varme for menneske, nysgjerrigheit og humor.

Språket til Kjersti Mjør er klart og presist. Ho kan få fram dramatikk og kjensler utan store ord og utbroderingar. Setningane er ofte korthogde med litterære kvalitetar. Når du les ei langsak av Mjør, kan det kjennest som å lese ein liten roman.

Eit særleg kjennemerke ved Mjørs journalistikk er at ho går djupt inn i historiene sine og stiller viktige spørsmål. Der andre journalistar stoppar når aktualiteten har gitt seg, har ho fleire gonger gått vidare og utforska historia bak historia. Ho har ei særleg evne til å skildre folka og deira liv og lagnader.

Prisvinnaren er ein av landets beste portrettørar. Det viste seg ikkje minst gjennom podcast-serien «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» som BT hadde i fjor. Fleire har vore involverte i prosjektet, men det har eit sterkt avtrykk av Kjersti Mjørs journalistikk. Humor, varme og djupne pregar intervjua.

Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør. Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho finn og gjer historiene nære og relevante for alle.

Kjersti Mjør (1965) kjem frå Kvanndal i Granvin. Frå 1989 til 1997 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland og NRK P2. Ho har no vore journalist i Bergens Tidende i over 20 år.

Tidlegare prisvinnarar
2018: Harald Thingnes

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar samla seg om å gje prisen til Harald Thingnes i NRK Sporten. I juryen sit nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag, professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet, og Solveig Barstad, TV2. Ho er leiar for juryen.

Grunngjeving:
Harald Thingnes har vore ein markant historieforteljar i NRK-sporten i 20 år. Han har like lenge, med nokre unnatak, vore nærast ein einsleg minoritet som nynorskbrukar i den bokmålsdominerte sportsredaksjonen. Thingnes har såleis vore eit føredøme for alle nynorskbrukarar som har kome til, og han har vist at nynorsk er svært dugande som «sportsspråk».

Når det kjem ein fjernsynsreportasje frå Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat – du får ei kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk. For det er nettopp leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som har vore Harald Thingnes sitt varemerke, anten han rapporterer frå eit verdscuprenn i langrenn i Tyrol eller frå ein cupkamp i fotball i Alvdal. Ofte ser han noko i eit bilete som han på forunderleg vis kan spele på i forteljinga. Thingnes sine ord og bilete smeltar mange gonger saman til rein forteljarkunst og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkje seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte.

Harald Thingnes er oppvaksen i bygda Vevring i Naustdal. Han er språkleg trygg og nyttar nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge. Harald Thingnes er ein verdig vinnar av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018.

2017: Jens Kihl og Guri Kulås

Det er to journalistar i Klassekampen som fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i år; Guri Kulås og Jens Kihl. I fråsegna frå juryen vankar det også litt ros til Klassekampen.

– Begge journalistane har den mangeårige opplagsvinnaren Klassekampen som arbeidsstad. Klassekampen har i ei årrekkje vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av svært få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk, skriv juryen.

Grunngjeving:
Som filmmeldar i Klassekampen gjennom 20 år kombinerer Guri Kulås eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. Ho skriv lett og oppfinnsamt, klart og presist. Fagleg deler ho vurderingane sine av estetiske sider ved filmane på ein måte som gir lesaren innsikt i dette kunstutrykket, og ho gjer det tilgjengeleg og forståeleg for eit filmfagleg uskulert publikum.

Filmmeldingane hennar er ofte som små essays som set filmane og dei medverkande både bak og framfor kamera inn i ein filmhistorisk samanheng. Kulås formidlar også både politiske, sosiale og psykologiske innsikter.

Som kulturjournalist med særleg vekt på film i ei riksdekkande avis bidrar Kulås til å gjere nynorsken til ein naturleg og integrert del av eit breitt og populærkulturelt uttrykk. Kombinasjonen av stringent språk, lyttande haldning til kunstverkets under- og overtonar, og ei evne til å ta aktuelle samfunnsspørsmål på kornet, gjer det til ei glede for denne juryen å kunne gi prisen til Kulås.

Jens Kihl har inga lang journalistkarriere bak seg. Men dei få åra han har verka som politisk journalist i Klassekampen har han nytta godt.

Jens Kihl skriv leikent og underhaldande, har blikk for detaljar, og teft for gode saker. Fleire av sakene hans har sett politisk dagsorden i landet, og har levd vidare i andre media og i Stortinget. Kihl føyer seg dessutan inn i den særeigne nynorske journalisttradisjonen som kombinerer lett med tungt, humor med alvor. Dei skarpe og tøvete, syrlege og muntre og av og til sjikanøse petitane hans i den faste spalta Dagboka som dagleg står side om side med Kihls tyngre politiske journalistikk viser at Kihl på sitt beste er ein gullpenn med stort overskot.

Dei siste åra har Klassekampen drive folkeopplysing om kommune- og regionreforma, og Jens Kihl har stått heilt sentralt i det arbeidet. At Kihl har greidd kunsten å gjere desse reformene til interessant og underhaldande lesnad er i seg sjølv god nok grunn til at han fortener denne prisen.

Begge journalistane har den mangeårige opplagsvinnaren Klassekampen som arbeidsstad. Klassekampen har i ei årrekkje vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av svært få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk.

2016: Jon Hustad

Nynorskpris til Jon Hustad

TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten Jon Hustad får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2016. – Hustad har skarpe anlyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen. Jon Hustad er glad og forundra over å få prisen.

Om prisvinnaren seier juryen at Jon Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politiske korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medier.

Hustad sjølv hadde ikkje rekna med å få ein målpris:
– Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å vere langt til venstre i det politiske landskapet. Der er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier Hustad.

Juryen omtalar i grunngjevinga si Hustad som ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine. «Han er stødig i framføringa både i skrift og tale, og brukar nynorsk på ein måte som syner at målforma ikkje berre eignar seg til nasjonalromantikk og lyrikk, men også til meiningsbryting og tung tids tale», som det heiter i grunngjevinga.

«Hustad har skarpe analyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann», skriv juryen.Hustad svarar slik på omtalen:
– Å vere reaksjonær no for tida er så slitsomt at til og med eg framstår som moderat.

Kulturdepartementet si Nynorskpris for journalistar blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta  24. juni. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, Håkon Haugsbø, er leiar for juryen og har med seg redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten og forfattar/journalist Agnes Ravatn. Ho var ikkje med på den avgjerande runda om Hustad skulle få prisen, då ho er kollega med han i Dag og Tid.

Bakgrunn Jon Hustad

Jon Hustad er fødd i 1968 og kjem frå Hjørundfjorden i Ørsta, busett i Asker. Han har hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo. Jon Hustad har vore journalist i Klassekampen, forskingsredaktør i Morgenbladet og journalist i Dag og Tid sidan 2007. Han har gjeve ut åtte bøker. Hustad var programleiar for aktualitetsprogrammet Harde fakta på TV 2, saman med Elin Ørjasæter, og sidan 2015 har han vore fast deltakar i debattprogrammet Underhuset i TV 2 Nyhetskanalen.

2015: Jan Zahl

Jan Zahl har betydd mykje for nynorsken i eit område, som meir enn nokon andre, har merka språkleg påverknad frå heile verda.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag. Prisvinnar Jan Zahl (46) er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Røter på Jæren

– Med røter på Jæren og språkleg medvit i Stavanger Aftenblad i ryggen, har Zahl skrive seg inn i ein tydeleg nynorsk skrifttradisjon. Kritiske blikk på Oslo-makta med Vestlandet som ståstad, målbore på nynorsk, er ikkje kvardagskost i norske medium, skriv juryen i si grunngjeving.

Prisvinnaren har fartstid frå Dagbladet, Dagsavisen, TV2 og som redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom dei «Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra». Jan Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk. Han voks opp på Bryne.

Liberalt demokrati

Same dag som Zahl fekk melding om prisen frå Kulturdepartementet, hadde han på trykk ein kommentar om statsråden, der han konkluderte med at Thorhild Widvey er den svakaste kulturministeren landet har hatt på mange år, og at ho har vist seg som eitt av regjeringas aller dårlegaste kort.

– I andre land, ikkje så langt unna, får ein sparken, vert sendt i fengsel eller må døy for slik kritikk. I Noreg risikerer ein å få ein pris. Det er akkurat slik det skal vera, og eit sunnheitsteikn for det liberale demokratiet me bør vera svært glade for at me lever i, sa Zahl i takketalen sin.

– Eg gjer ikkje noko stort nummer ut av at eg skriv nynorsk, eg gjer det berre, akkurat på same måte som eg et, pustar og søv. Og eigentleg er eg mindre oppteken av å skriva nynorsk enn av å skriva godt, sa prisvinnaren.

Juryen trekkjer fram Zahls tvisyn, i tradisjonen frå Aasmund Olavsson Vinje.

– Anten han skriv om håplause Oslo- og Stavangerpolitikarar, det skamlause klikkhysteriet i norske medium, eller om den moderne mannsrolla, er det gjort slik at at ein må gråta på eine auget og le på det andre, skriv juryen.

Håkon Haugsbø, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, er leiar for juryen, med Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten, som medlemmer.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Grunngjevinga

Kulturdepartementet sin nynorskpris 2015
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i år til Jan Zahl. Han er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007.

Før den tid arbeidde han 10 år i Oslo, som journalist i mellom anna Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og som redaktør i Forskarforum. Han har også skrive fleire bøker, mellom anna ¨Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra». Jan Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk. Han kjem frå Bryne.

Som student hadde han sommarjobb i Stavanger Aftenblad midt på 1990-talet. Sjefen hans, Tom Hetland, gav han råd om at det kunne vere lurt å skrive nynorsk. – Det er så mange som skriv bokmål. Det er lettare å skilje seg ut og få si eiga stemme og eigen identitet om du skriv nynorsk, sa Hetland.

Jan Zahl har betydd mykje for nynorsken i eit område, som meir enn nokon andre, har merka språkleg påverknad frå heile verda. Med røter på Jæren og språkleg medvit i Stavanger Aftenblad i ryggen, har Zahl skrive seg inn i ein tydeleg nynorsk skrifttradisjon. Kritiske blikk på Oslo-makta med Vestlandet som ståstad, målbore på nynorsk, er ikkje kvardagskost i norske medier.

Merkelappen «tvisyn» er kanskje oppbrukt når nynorskskrivande journalistar skal heidrast. Men i tilfellet Zahl er det Vinje sitt tvisyn som karakteriserer prisvinnaren sin skrive- og tenkemåte best. Anten han skriv om håplause Oslo- og Stavangerpolitikarar, det skamlaust klikkhysteriet i norsk media, eller om den moderne mannsrolla, så er det gjort slik at at ein må gråta på eine auget og le på det andre.

Jan Zahl kan kunsten å sjå same sak i ulikt lys; eit latterleg og eit alvorleg. Han skriv komisk om det alvorlege og alvorleg om det komiske – men er ikkje ein spottegauk som på død og liv må gjere narr av alt.

Med finstemt, varm humor skriv han observante portrett, der han brukar seg sjølv i tekstane, utan at han står i vegen for dei han skriv om. Tvert imot bidreg nærveret hans til å skape tillit og nærleik til det omtalte. Han er ikkje hoven eller sjølvfornøgd, men sjølvironisk, sympatisk og folkeleg, alltid på lag med lesarane.

I eit levande, munnleg språk skriv han både beiskt og muntert om ei rekke emne. Når han deler ut spark oppover, anten det er til lokalpolitikarar, hovudstadspressa eller regjeringskontora, er det aldri berre surt og negativt. I Zahl sine kommentarartiklar er det alltid to rørsler: ei kritisk og ei konstruktiv, slik at vi med Vinje kan seie at den eine «gjenger Aust ned mot Botnen og den andre Vest upp mot Dagen. Det rotnar ikki daa».

2014: Ingunn Solheim

– Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i mot får eg ofte høyre at språket er flott seier Solheim.

Nynorskpris til Ingunn Solheim

NRK-journalist Ingunn Solheim fekk i dag Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014.

-Nynorsken gjer jobben min lettare fordi der finn eg dei enkle, gode orda sa ein stolt prisvinnar under utdelinga på dei Nynorske festspela i Ørsta i dag.

– Eg må finne eit alternativ til ordet konsekvensutredning. Konsekvensutgreiing er ikkje så mykje betre, så eg seier heller ”finne konsekvensane av oljeboring i nord”. Eg leitar etter orda som alle forstår seier Solheim. -Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i mot får eg ofte høyre at språket er flott seier Solheim.

Bakgrunnen til Ingunn Solheim

Fødd 1980, Førde i Sogn og Fjordane. Politisk journalist i NRK Nyheiter sidan 2011, og vert frå hausten programleiar for Debatten i NRK1. Ho har vore programleiar i valsendingane til NRK ved dei to siste vala, og ho var programleiar under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka i 2012.

Ingunn Solheim byrja i NRK som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane 19 år gamal. Etterpå tok ho ein bachelor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim, og arbeidde jamsides studia i P3-nyhenda og Her og No på Tyholt. Ho var med i Kanal24 frå starten av, som journalist og programleiar, og då TV2 starta Nyhetskanalen tilsette dei henne som nyhendeanker. Ho slutta der for å studere juss og arbeidde i NRK mot slutten av studietida. Solheim var ferdig utdanna jurist i 2011 og fekk fast jobb i NRK same året.

Grunngjeving:

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2014 går til Ingunn Solheim (1980), politisk journalist i NRK Nyhende. Ingunn Solheim får prisen for stødig bruk av nynorsk i si journalistiske gjerning. Ho er svært stø i språket sitt, og kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn.

Ho er språkleg stilsikker i vekslinga mellom konfronterande spørsmål og avvæpnande kommentarar, og har ledig og trygt losa sjåarane gjennom to val. Ingunn Solheim var òg eit solid ankerfeste under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka. Der nytta ho kunnskapane sine som både jurist og journalist til å gjere juss-språket forståeleg for folk flest.

Det offentlege ordskiftet er med på å danne grunnlaget for eit fungerande folkestyre. I jubileumsåret for Grunnlova er juryen stolt over å heidre ein nynorskbrukande journalist med ei stadig meir sentral rolle i den opplyste debatten.

2013: Christian Wiik Gjerde

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjekk i 2013 til programleiar Christian Wiik Gjerde. Han fekk prisen for god bruk av dialekt og nynorsk i notidas barnetime, Superblokka i NRK P1.

– Det er ikkje alltid journalistar tek barn på alvor når dei skal lage reportasjar med ord frå barnemunn, ofte kan det virke viktigare å få ein artig kommentar enn å få vite kva barnet tenkjer og meiner. I Superblokka tek Christian Wiik Gjerde borna på alvor på ein heilt annan måte. Det krev ikkje berre forståing for og erfaring med barn, men også journalistisk teft og kløkt. Han møter dei venleg, ope og med respekt, og byr gjerne på seg sjølv og eigne opplevingar. Det blir det gode samtalar og god radio av, seier juryen i grunngjevinga for prisen.

– Eg er utruleg glad, dette er heilt herleg! Dialekten min og nynorsken, er identiteten min.  Språket mitt er Christian, og det er heilt uaktuelt for meg å ”pynte på” det. Nynorsk er for meg verdas vakraste og rikaste språk! jublar Christian Wiik Gjerde.

Barn har ikkje fordommar

– Eg snakkar norsk, det er klart dei forstår meg! I motsetting til mange vaksne har ikkje barn fordomar mot nye ord. Om vi skal skåne folk frå ein dialekt fordi vi er redd for at barn ikkje forstår, misser vi til slutt språket og forståinga. Barn forstår langt meir enn vi trur.  Språk og dialekt er ein kulturarv som skaper identitet for barna våre, seier Gjerde.

Christian Wiik Gjerde (1981) kjem frå Tjørvåg i Herøy kommune, Møre og Romsdal. Han var lærar før han vart rekruttert inn i NRK gjennom NRK Nynorsk mediesenter. Gjerde brukar dialekt og nynorsk med den største sjølvfølgje, og skriv nynorsk på nettsidene til NRK Super.

Juryen legg vekt på at dette medfører at born frå både nynorsk – og bokmålsområde tidleg får høyre nynorsk i radio og på nett. Vi møter nye ord kvar dag og kvart år heile livet. Orda gjer verda større og vi veks sjølve gjennom dei. Dette gjeld ikkje minst ungar, for dei er orda ei dør til den store verda. Motsett mange vaksne, har ikkje borna fordomar og motvilje til å lære seg nye ord – tvert imot er dei forvitne og vil lære seg så mange som råd er.

Ros til NRK Super

– Det verkar som om NRK Super har teke dette inn over seg dei seinare åra. Dialektmangfaldet er stort, fleire av dei utanlandske filmane som blir sendt i barne-tv, er dubba med dialektar, ofte med fleire ulike dialektar i same program. Dei mange programvertane, anten dei er menneske eller dokker, brukar dialekt på ein trygg og naturleg måte. Ikkje berre i Superblokka, men også i barne-tv, Super-quiz, Supernytt og andre program. Dette er svært viktig og gledeleg, meiner juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

I juryen er NRK-journalist Gry Molvær leiar. Ho har med seg Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Prisen er på 50.000 kroner og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 28. juni.

Grunngjeving:
I år går prisen til Christian Wiik Gjerde for god formidling av dialekt og nynorsk til barn i Superblokka på NRK P1. Programmet blir laga som ei sending frå Christian si leilegheit i blokka han bur i, der han dagleg møter barn frå nabolaget og snakkar med dei om livets store og små spørsmål. Også andre barn blir inviterte til å delta i programmet, gjennom å legge att spørsmål og musikkønske på ein telefonsvarar.

Det er ikkje alltid journalistar tar barn på alvor når dei skal lage reportasjar med ord frå barnemunn, ofte kan det synast viktigare å få ein artig kommentar enn å få vite kva barnet tenkjer og meiner. I program som er laga for barn blir barn tatt på alvor på ein heilt annan måte, noko som ikkje berre krev forståing for og erfaring med barn, men også journalistisk teft og kløkt. Christian Wiik Gjerde møter borna i Superblokka venleg, respektfullt og ope, og byr gjerne på seg sjølv og sine opplevingar. Det blir det gode samtalar og god radio av.

Wiik Gjerde kjem frå Gurskøy i Møre og Romsdal, og brukar dialekten sin i programmet med den største sjølvfølgje. I tillegg skriv han på godt og lett skjøneleg nynorsk på NRK Super sine nettsider. Det gjer at
nynorskbrukarane møter sitt eige språk og bokmålsbrukarane sidemålet sitt gjennom arbeidet hans.

Vi møter nye ord kvar dag og kvart år heile livet. Gjennom orda vert verda større, og vi veks sjølve gjennom dei. Ikkje minst for borna er orda ei dør til den store verda. Motsett mange vaksne manglar borna fordommar og motvilje til å lære seg nye ord – tvert imot er dei nyfikne og vil lære så mange som råd. Dei seinare åra verkar det som om NRK Super har teke dette meir og meir innover seg. Dialektmangfaldet er stort, ikkje berre i Superblokka. Fleire av dei utanlandske filmane som blir sende i barne-tv, er dubba med dialektar, ofte med fleire ulike i same program.

Dei mange programvertane, anten dei er menneske eller dokker, brukar dialekt på ein trygg og naturleg måte. Ikkje berre i Superblokka, men også i barne-tv, Super-Quiz, Supernytt og andre program. Dette meiner juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er svært viktig og svært gledeleg.

2012: Katrine Sele og Hilde Sandvik

I 2012 delte juryen prisen for fyrste gong, mellom Katrine Sele (1972) og Hilde Sandvik (1970). Sele frå Oslo, Sandvik frå Rogaland.


Juryen seier mellom anna dette om Sandvik:

Hilde Sandvik skriv alltid nynorsk i kommentarane sine, og set oftare og oftare dagsorden både for diskusjonar på sosiale media og i debattprogram i radio og fjernsyn. Sosiale media har opna ein heilt ny arena for kommentarstoff, og her har Hilde Sandvik skapt eit stort og godt rom ikkje berre for seg, men også for nynorsken. Ho har vorte ein del av «kommentariatet».

Om Sele skriv juryen mellom anna:
Katrine Sele arbeider som både nyhende- og kulturjournalist i Firda. Spesilaliteten hennar er lange kulturreportasjar, ei blanding av reportasje, kulturartikkel og kommentar. Tekstane byggjer alltid på eit grundig arbeid på førehand. Ho snakkar med masse folk, har gode  kjelder og stiller spørsmål som vi ikkje visste at vi lurte på. Og ho skriv om folk som til vanleg ikkje kjem til orde i media.

Dei to prisvinnarane fekk 25.000 kroner og eit trykk av Per Kleiva kvar.

Grunngjeving:
Katrine Sele er journalist i lokalavisa Firda, som kjem ut i Førde i Sogn og Fjordane. Ho arbeider som
både nyhende- og kulturjournalist. Spesialiteten hennar er lange kulturreportasjar, ei blanding av reportasje, kulturartikkel og kommentar. Testane byggjer alltid på eit grundig arbeid på førehand. Ho snakkar med masse folk, har gode kjelder og stiller spørsmål som vi ikkje visste at vi lurde på. Tekstane lever vidare i tankane i lang tid etterpå, og ho er ikkje redd for å vekke debatt.

Sele skriv om folk som til vanleg ikkje kjem til orde i media; som born og eldre, utviklingshemma og etterkomarane etter Helene i Brenningmysteriet frå krigen. Ho skriv om kultur og kulturelle forhold, alt frå bykulturen i Florø til Countryfestivalen i Breim. Bak møtet med «vanlege» folk, vaker store spørsmål: Kva handlingar kan vi godta i ein krigssituasjon? Kva gjer at nokon tilgir, andre ikkje? Kva for ein personleg kamp ligg bak vala til folk?

Det er ofte ein slags kulturkommentar innbakt i reportasjane hennar. Det verkar som om ho ynskjer å vise fram idear, tenkemåtar og veremåtar. Ho er ute blant folk, snakkar med einskildpersonar som pregar omgjevnadane, og observerar miljø.

For Katrine Sele vart sidemålet hennar, nynorsk, arbeidsspråket i nynorskavisa Firda. Ho er såleis eit godt døme på at bokmålsfolk kan bli gode nynorskbrukarar, om dei vil, kan og må – og at det er viktig med sidemålsundervising i skulen. Språket hennar er enkelt og godt å lese, ho arbeider med det og har utvikla sin eigen tydelege «signatur». Det er lett å kjenne att det Katrine Sele har skrive.

Hilde Sandvik er kultur-og debattredaktør i Bergens Tidende. Ho skriv alltid nynorsk i kommentarane
og intervjua sine, og kommentarane set stadig oftare dagsorden både for debattar i sosiale media og i debattprogram i radio og fjernsyn.

Sosiale media har opna ein heilt ny arena for kommentarstoff, og her har Hilde Sandvik skapt eit stort og godt rom ikkje berre for seg, men også for nynorsken. At ho har vorte ein del av det såkalla «kommentariatet», syner seg gjennom deltaking i alt frå debattprogram som Dagsnytt 18 og Aktuelt i NRK2 til prateprogram som Fredagspanelet i NRK P2 og Nytt på Nytt i NRK1. Berre i løpet av dei siste månadane har ho skapt stor debatt med fleire kommentarar.

I oktober 2011 kom ho med eit uredd og viktig bidrag i debatten om korleis kvinnelege skribentar og offentlege samfunnsdeltakarar blir møtt med sjikane, ikkje berre på nettet, men også av seriøse meiningsmotstandarar. Månaden etter skreiv ho Monsterfabrikken, der ho gjekk til kraftig åtak på ein venstresidepolitikar som ville mane til varsemd i debatten om innvandring etter 22.juli. Twitter jubla og Facebook kokte, kommentartrådane var mange og både god- og vondorda sat laust.

I kommentaren Kjærleikens sørgereise viser ho korleis bruk av nynorsk er eit hinder for den som ynskjer
seg karriere som journalist eller kommentator i norske media. Samstundes sette ho ord på kor kjenslevart og personleg spørsmålet om bruk av nynorsk er for mange.

Hilde Sandvik er ein uredd debattant, som går til åtak utan nåde når det trengs og som gjer klart og tydeleg greie for argumenta sine. Ho brukar gjerne personlege anekdotar for å belyse viktige saker, og skriv ofte nære og gripande kommentarar som er til inspirasjon for samkjensla i oss, skriv juryen

2011: Njord V. Svendsen

Fødd 1973. Frå Brattvåg på Sunnmøre. Slutta som journalist i Bergens Tidende ei veke før juryen gav han denne prisen. Etter 5-6 år som mellombels tilsett i avisa ynskte han seg fast arbeid, og byrja som kommunikasjonsrådgjevar for NIFES – Nasjonalt  Institutt for ernærings- og sjømatforsking i Bergen.

Juryen seier mellom anna dette om prisvinnaren:- Njord V. Svendsen har dei siste åra markert seg som ein av dei ypparste feature-, reportasje- og portrettjournalistane i Noreg uavhengig av målform. Det er difor ekstra gledeleg at han skriv på nynorsk.

Han er ein kresen stilist, og tekstane er gjennomgåande av høg litterær kvalitet: han har utvikla ei eiga røyst som lesarar av Bergens Tidende no straks vil kjenne att. Dei er virtuose, men aldri prangande eller pompøse. Dei er jordnære, men til same tid undrande og spørjande. Tekstane står seg over tid.

Juryleiar Gry Molvær overrekte prisvinnaren 50.000 kroner og eit grafisk trykk av Oddvar Torsheim.

Grunngjeving:
Njord V. Svendsen har dei siste åra markert seg som ein av dei ypperste feature-, reportasjeog portrettjournalistane i Noreg uavhengig av målform. Det er difor ekstra gledeleg at han skriv på nynorsk.

Han er ein kresen stilist, og tekstane er gjennomgåande av høg litterær kvalitet: han har utvikla ei eiga røyst som lesarar av Bergens Tidende no straks vil kjenne att. Dei er virtuose, men aldri prangande eller pompøse. Dei er jordnære, men til same tid undrande og spørjande. Svendsen er særskilt god til å hente fram dei små augeblikka, slike som ofte elles går tapt i eit ofte hektisk mediebilete, men som gjerne fyller liva våre. Tekstane står seg over tid. Dei er ofte aktualitetsorienterte, men tapar seg heller ikkje, og det ligg ei fin spenning i nett dét.

Svendsen har eit skarpt blikk, og kan med få ord formidle observasjonar som fangar augeblikk og menneskelege karaktertrekk. Han er nær på menneska og situasjonane han skildrar, men klarar likevel å oppretthalde nok distanse til at vi kan sjå tilveret med nytt og friskt blikk. Han maktar å hente inn komplekse stemningar, og det ofte i ein og same tekst: både feature- og portrett-tekstane er medrivande, og er ofte humoristiske, men alvoret er aldri langt borte. Ein les og let seg underhalde, men opplever òg at tekstane oppmodar til ettertanke.

2010: Astrid Brekken

Fødd i Lesja i 1943. Journalist og programleiar i NRK, mellom anna i P2-programma ”Sånn er livet” og ”På livet laus”. Det finst mest ikkje eit emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av sidan ho byrja i NRK i 1971.

Astrid Brekken var med og skipa bladet Sirene i 1973, «eit feministisk alternativ til vekeblada». Ho var den fyrste kvinnelege redaktøren for Syn og Segn 1980-83, saman med Sigrid Straand, og Brekken har vore aktiv i ei rekkje organisasjonar.

Ho fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010 og i grunngjevinga sa juryen mellom anna:

– Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og heile tida har ho hatt eit svært medvite forhold til nynorsk.

– Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt.

– Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer, og nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur; sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne former som høver til dialekten hennar frå Lesja.

I tillegg til 50.000 kroner fekk Astrid Brekken eit relieff av kunstnaren Geir Hjetland.

Grunngjeving:

Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og har heile tida hatt eit svært medvite forhold til nynorsk. I dag er Brekken journalist i NRK P2 programmet På livet laus, og sidan 1971 har ho leia ei rekkje radioprogram i NRK. I periodar har ho også vore leiar for ulike redaksjonar.

Astrid Brekken er fødd i Lesja i 1943. Ho har ein cand. mag. frå Universitetet i Oslo i engelsk, fransk og folkeminnevitskap, og hovudfag i sosiologi ved New York University (1963-71), og har seinare studert spansk og litteratur same stad (1995-96). Ho har sidan 1976 drive heimegarden i Lesja, det meste av tida med sau, attåt jobben i NRK.

Brekken var blant dei som skapte bladet Sirene i 1973, ”eit feministisk alternativ til vekeblada”. Ho var redaktør i Syn og Segn frå 1980-1983 (fyrste kvinnelege redaktør saman med Sigrid Straand). Brekken har sete i Norsk språkråd, Alternativ Framtid, vore nestleiar i Norsk Kvinnesaksforeining og styremedlem i Forum for Systemdebatt. Brekken har også gjeve ut fleire sakprosabøker.

Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd
og by, lokalt og internasjonalt. Brekken var sentral i samfunnsmagasinet Sånn er livet heilt frå starten i 1984. Det finst knapt det emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av. I dei seinare åra har Brekken konsentrert seg mest om intervju som går i djupna, om menneskeleg åtferd og gjeremål. Ho er svært oppteken av at programma skal bringe både lyttarane og henne vidare, dei skal vere ein annan stad etter radioprogrammet. Naturleg nok var det ho som tok i bruk mottoet for På livet laus: ”For deg som vil vidare.” Brekken snakkar flytande fransk og engelsk, og kan difor gå i djupna med til dømes filosofar, samfunnsvitarar og forfattarar som vi sjeldan høyrer i norsk media. Ho gjer lyttarane sitt liv rikare gjennom undring, tanke og kunnskap.

Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer. Ho nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Men ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur: sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne sideformer som høver til dialekten hennar frå Lesja. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i 2010 til NRK-journalist Astrid
Brekken.

2009: Ronny Brede Aase

Fødd i Førde i 1986. Journalist, programleiar, platepratar og bloggar i NRK P3 sidan 2007. Byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane då han var 19 år, for å vere nettjournalist, men arbeidde med både nett, radio og fjernsyn.

Då han fekk Kultur-og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2009 sa juryen:

– Kritiske røyster vil kanskje meine at plateprating og blogging er lettbeint journalistikk, men i år har juryen lagt vekt på at prisvinnaren når ungdom i ein alder då dei språklege haldningane vert forma og vala tekne. Ronny Brede Aase sin naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt kan vere eit føredøme og auke toleransen og forståinga. I tillegg brukar han god og stødig nynorsk når han skriv for NRK P3 på nettet og i bloggen sin.

Ronny Brede Aase fekk kunst av Oddvar Torsheim og 50.000 kroner.

Grunngjevinga:
Ronny Brede Aase får prisen for bruk av nynorsk på eit utradisjonelt område. Som nynorskbrukande platepratar i P3 når han ungdom i ein alder då dei språklege haldningane vert forma og vala tekne. Hans naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt på lufta kan vere eit føredøme for andre dialekt og nynorskbrukarar, og auke toleransen og forståinga for nynorsk hjå dei som har det som sidemål.

Ronny Brede Aase tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar som gjerne brukar særtrekka i språket sitt, og omset til nynorsk på direkten når han får inn sms’ar og anna på bokmål.

I NRK P3 er Ronny Brede Aase fyrst og fremst programleiar/platepratar/ bloggar. Men han byrja si journalistiske karriere som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane som 19-åring. Der var han frå fyrst av hyra for å vere nettjournalist og reporter, men synte eit multitalent som gjorde at han fiksa alt frå teknikk til programleiing, og vart snart brukt i heile programproduksjonen. Han stortrivst på lufta og gleda hans ved det smittar over på dei som lyttar. Ronny Brede Aase er eit sjeldan fenomen i norsk kringkasting, både som journalist og nynorskbrukar.

2008: Odd Reidar Solem

Fødd i 1949, på Gossen i Aukra kommune. Nyhendeanker og journalist i TV 2, der han har arbeidd sidan 1993. Han gjekk på det fyrste kullet ved medielina på Høgskulen i Volda i 1973. Har vore journalist i Romsdal Folkeblad, Romsdals Budstikke og i NRK 1977-1990. Frå 1990-93 var han redaktør i Romsdals Budstikke.

Odd Reidar Solem fekk Kultur-og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2008. I grunngjevinga til juryen les vi:

– Prisvinnaren har i mange år skilt seg ut med å bruke ein levande nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Han er ei kjend røyst frå både NRK og TV 2, som meldingslesar, programleiar, vaktsjef og reporter, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Når han helsar sjåarane velkomen seier han : «Retteleg god kveld». Slik markerer han kva som er målforma hans, og han er kry av nynorsken!

Det var jurymedlem Olaug Nilssen som overrekte prisen til Odd Reidar Solem. Han fekk grafikk av Ørnulf Opdahl.

2007: Kjell-Erik Kallset

Kjell-Erik Kallset er frå Tingvoll på Nordmøre, fødd 1967, og var den fyrste fast tilsette i
Dagsavisen som fekk bruke nynorsk. Han vart nekta å bruke språket sitt då han byrja i
avisa for ti år sidan, men i Hilde Haugsgjerd si redaktørtid fekk han gjennomslag for å
skrive kommentarane sine på nynorsk, men ikkje leiarane. Slik er det framleis

Cand. philol, med hovudfag i historie. Har var journalist i Bygdanytt i Fræna, Driva og Aukra Avis og informasjonssjef i Nei til EU, før han byrja i Arbeiderbladet (no Dagsavisen) i 1997.

I 2007 fekk han Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. Juryen skreiv mellom anna:

– Kjell-Erik Kallset har kjempa seg til å skrive nynorsk, og var den første tilsette i Dagsavisen som fekk nytte denne målforma. Han har merka seg ut med ein stilsikker og fargerik nynorsk i kommentarform. Stilen er ledig og leiken, men har samstundes ein kvass egg, retning og djupne, slik politiske kommentarar skal ha.

Juryleiar Gry Molvær overrekte prisvinnaren 50.000 kroner og ei «Mediejomfru» av Kjartan Slettemark.

2006: Linda Eide

Fødd på Voss i 1969. Journalist i NRK. 19 år gamal byrja ho på Journalistskulen, der ho skreiv ei hovudoppgåve med tittelen «Er det språktvang i den frie pressa?»  Linda Eide har arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland, NRK P3 og P1, og i NRK fjernsynet, med base i Bergen. Forfattar og kåsør.

I 2006 var ho den fyrste som fekk Kultur – og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. I grunngjevinga til juryen heitte det mellom anna:

– Linda Eide er mest ein eigen sjanger i norske media. Aktiv i både radio, fjernsyn og aviser, som journalist, kåsør og forfattar. Ho er tydeleg stolt av nynorsken sin, og har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i norske media. Det er ein fryd å høyre på hennar leik med ord og vendingar.

Kvart år blir det utarbeidd ein årsrapport om nynorskprisen. Det er NRK Nynorsk mediesenter som dokumenterer arbeidet som blir gjort gjennom året. Her finn du alle statsusrapportane frå 2006 til 2022.

Tidlegare årsrapportar

Juryen i perioden 2021 – 2025

Kulturdepartementet har oppnemnt denne juryen for perioden 2021-2025:

  • Solveig Barstad, programleiar og journalist i TV 2 (leiar)
  • Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitetet og Høgskulen på Vestlandet
  • Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende.

Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, er sekretær for juryen.