←NRK Nynorsk mediesenter

Om NRK Nynorsk mediesenter

Senteret held til i Førde og har tre tilsette. Føremålet er å lære opp nynorskbrukande journalistar for radio, fjernsyn, nett og sosiale medium. Vi tek inn to kull i året, med fem plassar på kvart. Praktikantane har løn i opplæringstida.

Kontakt oss gjerne

nynorskmediesenter@nrk.no
Leiar: Rune Fossum Lillesvangstu
Telefon: 91 87 41 11

NRK Nynorsk mediesenter er eit strategisk rekrutteringstiltak i NRK. Bakgrunnen er at NRK skal ha minst 25 prosent av innhaldet sitt på nynorsk.

Mediesenteret vart starta opp i 2004, og har sidan då lært opp ti praktikantar i året. Mange jobbar framleis i anten NRK eller andre mediehus.

Senteret er lokalisert i same lokale som NRK Vestland sin redaksjon i Førde.

NRK Nynorsk mediesenter er modell for NRK FleRe i Oslo, Samisk talentprogram i Karasjok og Nynorsk Avissenter i Førde. FleRE har lært opp fleirkulturelle journalistar sidan 2008 og er drive av NRK. Samisk talentprogram vart starta i 2021, er også eit NRK-tiltak.

I 2013 starta Nynorsk Avissenter med opplæring av nynorskbrukande journalistar for avis og nett, med den største nynorskavisa i landet, Firda, som base.

Biletet over viser praktikantar frå NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. Dei to nynorsktiltaka samarbeider om ein del av opplegget.


Bli nynorskpraktikant!

Er du nynorskbrukar og vil bli journalist? Her får du opplæring med løn! Vi tar inn to kull i året, og det er søknadsfristar i midten av april og oktober.

Tilsette

Rune Fossum Lillesvangstu
Leiar for NRK Nynorsk mediesenter

Rune Fossum Lillesvangstu

Rune Fossum Lillesvangstu (1974) er leiar ved NRK Nynorsk mediesenter. Lillesvangstu kjem frå Molde, men han har budd i Førde sidan 1999. Same året byrja han som sportsjournalist i avisa Firda.

Der var han i nesten ti år, då han kom til NRK Sogn og Fjordane. Han var vaktsjef i NRK i fem år, før han jobba som reporter på reporter på TV, radio og nett. Frå 2016 var han faglærar med ansvar for journalistikk ved NRK Nynorsk mediesenter. Lillesvangstu hadde såleis ti kull med nynorskpraktikantar som faglærar, før han våren 2021 tok over som leiar av mediesenteret etter Magni Øvrebotten.

Lillesvangstu har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, der han mellom anna var nestkommanderande ved Grense Jakobselv Grensestasjon på den norsk-russiske grensa. Han starta den journalistiske løpebana si  med ein bachelor i journalistikk frå Mediehøgskulen i Kristiansand. Han har også historie mellomfag frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskulen i Molde.

Saman med Noralv Pedersen i NRK Vestland held Lillesvangstu kurs i god nynorsk for tilsette i NRK. Sidan 2018 har over 250 medarbeidarar vore med på kursa, som har vore ein strategisk del av arbeidet med å oppnå 25 prosent nynorsk i NRK.

Lillesvangstu debuterte som forfattar då han hausten 2017 gav ut boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane». Hausten 2020 gav han ut boka «Den spreke hundreåringen» om Førde Idrettslag. Idrettslaget er eitt av dei største fleiridrettslaga i Noreg og hadde 100-årsjubileum dette året.

Brit Jorunn Svanes
Faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter

Brit Jorunn Svanes

Brit Jorunn Svanes er ein allsidig og røynd medarbeidar i NRK Vestland. Ho har lært opp mange tidlegare kull i data- og redigeringssystema i NRK, og ho er no faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter.

Svanes er utdanna programingeniør frå Høgskulen i Stavanger og arbeidde som det i mange år. Etter kvart som dei stillingane vart vekke orienterte Svanes seg mot journalistikken, samstundes som ho var den som lærde seg dei nye data- og redigeringssystema og fekk spisskompetanse på dei.

Svanes er «teknisk spydspiss» i NRK Vestland, og ho har vore journalist og vaktsjef for nett og sosiale medium. Ho arbeider framleis som journalist og teknisk spydspiss i NRK Vestland i Førde, men er med som faglærar under opplæringa av nynorskpraktikantane ved NRK Nynorsk mediesenter. Den andre faglæraren er Eva Marie Felde.

Eva Marie Felde
Faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter

Mobil: 99 54 88 28

Eva Marie Felde

Eva Marie Felde starta karrieren sin som journalist på NRK Nynorsk Mediesenter i 2007/2008. Ho hadde praksis i NRK Dagsnytt, og fortsette som journalist der i eitt år. Frå 2012 til 2017 arbeidde ho som journalist og vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane.

Ho har også yrkeserfaring som informasjonsrådgjevar i Datatilsynet, trainee innan informasjon på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og sist var ho tilsett som museumspedagog ved Nordfjord Folkemuseum.

Felde har studert japansk ved Universitetet i Bergen og statsvitskap ved NTNU i Trondheim. Etter desse fire åra tok ho med seg bachelorgrada i samfunnsvitskaplege fag, og reiste til London School of Economics, der ho tok master i Politikk og kommunikasjon.

Frå hausten 2021 er Eva Marie Felde faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter.

Statusrapportar

Vi lagar jamlege statusrapportar i året om NRK Nynorsk mediesenter for å fortelje omverda om kva vi driv på med. Desse rapportane er ein dokumentasjon av oppbygginga og drifta av senteret. Her finn du alle statusrapportane frå 2004 til 2021.

Sjå alle tidlegare statusrapportar


Ynskjer du meir info?

Det er berre å ringe leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, på mobil 91 87 41 11 eller kontor 23 52 17 42 (Vi held til i Førde sjølv om dette er eit Oslo-nummer).

Kontakt oss

Vi held til i same huset som NRK Vestland i Førde. Det er her nynorskpraktikantane er dei fire første månadane, og her får dei den praktiske opplæringa i nyhenderedaksjonen til distriktskontoret.

Postadresse: NRK Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde
Besøksadresse: Prestebøen 2, 6809 Førde
E-post: nynorskmediesenter@nrk.no
Telefon: 57 72 42 42
Rekningar: NRK Nynorsk mediesenter, AREG RM 11, postboks 8500, 0340 Oslo