NRKs gamle stadnamnarkiv

Tidleg på 1960-talet vart det oppretta eit eige stadnamnarkiv for NRK med rundt 2000 kartotekkort for uttale av stadnamn i Noreg. Vi veit diverre ikkje kven som har laga arkivet, men det er tydeleg at det har vore fagpersonar (truleg frå Universitetet i Oslo) i biletet. Korta brukar den gamle kommunestrukturen frå før 1964, så vi går ut frå at arkivet er laga på tidleg 1960-tal, eventuelt på seint 1950-tal. Dei gamle kartotekkorta er gjeve som gåve til Universitetet i Oslo (stadnamnsamlingane), og digitale kopiar er sendt til Statens kartverk.
Ver merksam på at uttale av stadnamn kan endre seg over tid; dobbeltsjekk med Norsk stadnamnleksikon

Sjå uttaleforklaring
  • Svart tekst: Uttale med «normale» bokstavar og trykk markert med understreking.
  • Raud tekst: Uttale med nokre spesialteikn (frå Norvegia-lydskrifta) og tonelagsmerke (tonem).
  • Spesialteikn <kj> uttales som i «kjære»
  • Spesialteikn ŋ uttales som den siste lyden i «trang»
  • Spesialteikn ę uttales som en mellomting mellom e og æ
  • Tonelagsmerke ´ uttales som tonelag 1 (bønder)
  • Tonelagsmerke ` uttales som tonelag 2 (bønner)