←Presse

Vanlege spørsmål og svar

Lurer du på noko som mange andre óg lurer på?
Her finn du svar på ofte stilte spørsmål.

Kvifor må eg ha ein brukar for å laste ned bilete frå NRK si presseteneste?

På grunn av opphavsrett kan ikkje NRK sine pressebilete nyttast fritt. Bileta kan berre nyttast i samband med omtale av NRK sine program og i redaksjonelle saker om NRK. Om du har problem med å logge inn eller treng tilgang, send ein e-post til pressevakt@nrk.no.

Kvar vender eg meg om eg treng bilete til t.d. eit bokomslag?

Det er ein jobb for Innhaldssalg. Telefon: 23 04 20 30 E-post: innhaldssalg@nrk.no

Kven jobbar med kva i NRK si kommunikasjonsavdeling?

Her kan du sjå kven som er bemanna på kva program. Ta direkte kontakt med kommunikasjonsansvarleg eller pressevakt@nrk.no.

Kvar finn eg NRK sin årsrapport, nøkkeltal og fakta om NRK?

På NRK sine informasjonssider kan du lese om NRK sitt oppdrag, historie, korleis vi er organiserte og mykje meir. Her finn du også NRK sine årsrapportar og årsrekneskap, offentleg journal og informasjon om innsynskrav.

Kvar finn eg informasjon om og hjelp til bruk av NRK TV, NRK Radio, NRK Podkast, mobil og andre tenester?
Kan eg vere publikum eller komme på omvising hjå NRK?
Kvar finn eg oversikt over ledige stillingar i NRK?

Under «Jobb i NRK» finn du ledige stillingar i NRK.