Hopp til innhold

NRK TV

Generelt

Nedstenging av NRK-TV appar hausten 2021.

Ser NRK TV slik ut hos deg?  
Frå og med 1. november 2021 er enkelte NRK TV-appar lagd ned.

Såg NRK TV slik ut hos deg då du opna appen, betyr det at du hadde ein versjon av appen som no er lagd ned

Dette gjeld TV-ar av desse modellane:  
● Panasonic (My Home Screen som operativsystem) 
● Sony Linux (2013-2014) 
● LG Netcast (2012-2015)  
● Samsung Orsay (2012-2015) 

 
På desse modellane er både NRK TV-appen og NRK Super-appen avvikla og fungerer ikkje lenger.  
 
Det gjeld også om du ser NRK TV via ein Playstation 3 eller via ein av desse TV-boksane: Get Box II frå Telia (GET), Smart Box 1 frå RiksTV eller enkelte TV-boksar frå Allente. Ønsker du tilgang til NRK TV-appen, ta kontakt med distributøren for å få eller kjøpe ny boks. 

 
Kvifor skjer dette? 
Utviklinga innan smart-tv-teknologi skjer veldig fort. Det er mange aktørar med forskjellige teknologiar innanfor strøymemarknaden på TV. NRK kan ikkje utvikle versjonar av NRK TV-appen til alle, det blir for krevjande. NRK sluttar med desse versjonane av NRK TV-appen fordi det er relativt få som bruker dei.

 
Korleis halde fram å sjå NRK TV? 
Mange TV-distributørar har strøymetenesta NRK TV som del av tilbodet sitt. Dersom du ser NRK TV via ein av smart-TV-ane nemnd over eller Playstation 3, så kan du undersøke om dette gjeld TV-distributøren din. Per i dag leverer Telia, Telenor, Altibox og Allente TV-boksar med støtte for NRK TV.  

 
Dersom du verken kan sjå NRK TV via TV-en eller TV-boksen din treng du ein strøymeboks (som for eksempel ein AppleTV, AndroidTV eller Chromecast) 

Oppdatert 11.11.2021

Bruk

Tilgjengelighet

NRK TV i utlandet

Min profil